Frp har fremma forslag til Stortinget om å seie opp hovudavtalen mellom staten og jordbruksorganisasjonane.
Dette er eit nytt eksempel på at Frp vil rasere norsk landbruk. Avtaleverket i jordbruket er eit solidarisk instrument for å oppretthalde landbruket i distrikta og ta vare på norsk matvareproduksjon i ei verd der mange svelt. Med forslaget frå Frp vil fråflyttinga akselerere og bygder vil bli lagt øyde. Det vil også svekke grunnlagt for anna næringsverksemd i distrikta.
Landbrukspolitikken til FrP er ein politikk for fråflytting og brakklegging, ikkje for levande bygder og utnytting av norske ressursar.
Denne liberalistiske landbrukspolitikken er eit av elementa i Frp sitt store samfunnsprosjekt: å rive ned dei solidariske ordningane som er bygd opp over lang tid, og som har skapt eit samfunn med moderate foskjellar.
For Agder er dette spesielt dramatisk. Agder er eit av dei områda som vil bli ramma hardt av den usolidariske frp-politikken.
Laurdag var eg med på eit spennande seminar om norsk landbruk i regi av Natur og Ungdom. Der fekk vi ein grundig gjennomgang av dei utfordringane norsk landbruk står ovrfor. Det er ikkje liberalismen til Frp landbruket treng for å komme ut av dei problema det står ovrfor.
Alf
Fungerer dette i dag? Antallet bønder er jo sterkt nedadgående, og det med SP i regjering. Hva er det landbruket trenger da? Mer subsidier? Mer regulering? Funker strålende så langt…
LikerLiker
Hei Morten
Dagens politikk er ikkje god nok. Men Frp sitt altenativ er eit langt sprang i feil retning. Det er tydeleg når vi ser utviklinga i andre land med meir liberalisme.
Alf
LikerLiker
Vi ser utviklinga i andre land, ja.
Men, er dette skritt i feil retning ?
Kvaliteten på maten er jo langt bedre. Jeg var nylig i flere europiske land og jeg har aldri sett maken til utvalg!
Prisene var latterlig lave i forhold til i Norge.
Så – bedre og billigere mat er et langt skritt i feil retning ?
LikerLiker
Hei Haakon
Det manglande utvalet skuldast nok også politikken til dei store kjedane og det faktum at kundegrunnleget er mindre i vesle Noreg. Når det gjeld pris, så er det noko vi må akseptere dersom vi vil hindre fråflytting frå store deler av distrikta. Dette er eit verdival som det kan vere ulike meiningar om. Men eg og SV ønskjer både å ha levande bygder i heile landet og utnytte norske ressursar framfor å importere mat i ei verd der det er mange som har for lite mat.
Alf
LikerLiker