Tag Archives: distriktspolitikk

Eliten til Vedum

c2654f61-1f7d-4a4e-b2a3-af1e99e68e9fKvifor brukar Klassekampen Trygve Slagsvold Vedum og ikkje Karin Andersen som eksempel på ein folkeleg politikar. Er det fordi Vedum går til angrep på «eliten» som tar utdanning og er miljøbevisst og Andersen kjempar ein klassekamp for dei svake?

Du skal ikkje ha brukt mykje tid på sosiale media før du får med deg framveksten av ein stadig meir sofistikert høgrepopulistisk retorikk. Karakteristikkar som politisk korrekt, godheitsposør, sykkelfrik og XX-elite erstattar argument. Kan du trakke på kjenslene til motstandaren med slike merkelappar, er klimaet for diskusjonen sett.

Skuldingane om godheitsposering og elitisme blir gjerne kombinert med krav om å representere folk flest. At meiningsmålingar ofte viser at folk flest er nokre få prosent av folket, uroar ikkje høgrepopulistane. Dei har klart å skape så mykje støy at dei kjem seg inn på stadig nye arenaer, også MSM-media som dei foraktar. Populistane på ytre høgre fløy prøver å stå fram som eit rop frå folkedjupet. Men retorikken blir ofte utvikla av høgt utdanna folk med klare ideologiske mål.

Trygve Slagsvold Vedum er ikkje ein høgrepopulist, og eg er samd med mykje av det Senterpartiet står for. Partiet tar opp viktige distriktspolitiske saker som fortener ein seriøs debatt. Men han har lagt seg til ein retorikk som har fellestrekk med den høgrepopulistane brukar. Vedum stod nyleg fram i Klassekampen og harselerte med folk som tar utdanning, jobbar i det offentlege og syklar til jobb. (Her fekk han stempla klimafrikarane som kritiserer klimapolitikken til SP). I etterkant har fleire i avisa gått ut og løfta fram Vedum som ein folkeleg politikar som bør vere eit føredøme for andre.

Men Vedum sin lettvinte og breispektra elitekritikk kan lett avspore debatten om maktforhold og strukturelle utviklingstrekk i samfunnet. Kven har interesse av å bremse klimasatsinga, kven har interesse av privatisering og sentralisering, og kven tener på mistillit til folk med kompetanse? Norsk oljepolitikk er eit eksempel. Den populistiske høgresida som hevdar seg å representere folk flest, ville selje ut norske oljeressursar. Men mange av dei som redda verdiane for det norske folk i den kritiske startsfasen, kjem vel lett i kategorien elite.

Venstresida bør ha ein meir presis maktkritikk enn den slumsete elitekritikken som Vedum forfektar. Dersom det er det folkelege og ueigennyttige og  ikkje ein diffus antielitisme som er poenget med å dra fram eit førebilete, så kunne ein til dømes plukke fram ein person som Karin Andersen.

Alf

Berekraftig og distriktsvennleg fiskeripolitikk

Bilde

Dette innlegget stod på trykk i FiskarbladetFiskaren 21. februar.

Formålsparagrafen i Havressurslova legg vekt på å sikre ei berekraftig forvaltning av dei viltlevande marine ressursane. Berekraftig forvaltning av fiskeressursane og hav- og kystområda våre er eit ufråvikeleg grunnlag for SV sin fiskeripolitikk. Fiskeressursane tilhøyrer fellesskapet, og vi må forvalte dei til beste for fellesskapet, for framtidige generasjonar og for lokalsamfunna langs kysten. Fiskeressursane er fornybare ressursar, men berre dersom vi forvaltar dei riktig.

Kontinentalsokkelen utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja er heilt unik i følgje Havforskingsinstituttet. Den smale kontinentalsokkelen i dette området er både fødestove og matfat for torsk og andre fiskeartar. Vi kan ikkje la kortsiktige oljeinteresser spele hasard med dette sårbare området. Derfor seier SV nei til oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja, og vi er glad for at vi står saman med fiskarane sine organisasjonar i dette spørsmålet.

Havressurslova legg også vekt på å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna. SV følgjer opp denne distriktspolitiske målsettinga i forslaget til nytt arbeidsprogram for partiet. Vi vil forsvare råfisklova, styrke deltakarlova og sikre reell leveringsplikt. Råfisklova har vore eit viktig reiskap i norsk fiskeripolitikk, og vi må sikre at fiskesalslaga framleis får siste ordet ved fastsetjing av minstepris.

Kystflåten er viktig for å ivareta den distriktspolitiske målsettinga i havressurslova. Den minste flåten er spesielt viktig for mange kystsamfunn, og den er viktig for rekrutteringa til fiskeyrket. Den er også mindre kapitalkrevjande og dermed mindre sårbar for auka rente. Vi er derfor i mot strukturering av denne flåten.

Formålsparagrafen i havressurslova gir gode føringar for ein berekraftig og distriktsvenleg fiskeripolitikk. SV er opptatt av å følgje opp desse målsettingane i praktisk politikk.

Alf

Frå mål til middel

Dette innlegget stod på trykk i Nationen i går.

Som venta er det ulike syn på stortingsmeldinga om landbruks- og matpolitikken. Men nokre hovudtrekk går att i kommentarane til den nye landbruksmeldinga. Fleire kommentatorar og aktørar har uttalt at meldinga har mange gode målsettingar, men at det skortar på tiltak som kan realisere desse måla. Eg skal ikkje her drøfte konkretiseringsgraden i meldinga. Derimot vil eg peike på at det no er viktig å diskutere kva tiltak og kva verkemiddel som skal til for å nå dei måla som er presentert. Eg vil også driste meg til å komme med nokre innspel til denne debatten.

Eit av måla i meldinga er at norsk matvareproduksjon så langt som mogeleg skal baserast på norske ressursar. Noreg har avgrensa moglegheiter for kornproduksjon. Dersom vi skal nå dette målet, må vi auke bruken av grovfor og beite til erstatning for import av korn. I dag går utviklinga i motsett retning. Det er ikkje berre gris og kylling som lever av importert kraftfor. Også storfe lever i aukande grad av importert korn. Vi har ikkje tilstrekkeleg insentiv til å utnytte grovforressursane og beitelandet. Derfor må vi endre forholdet mellom kornpris og kostnadene ved å bruke grovfor.

Meldinga legg vekt på å sikre landbruk i heile landet, oppretthalde ein variert bruksstruktur og ta vare på dyrka jord. Med vår topografi inneber det at vi må ta vare på dei små og mellomstore bruka. Skal vi oppnå det, så må vi fjerne verkemiddel som verkar strukturdrivande. Eit slikt verkemiddel er privat omsettelege melkekvotar som Sponheim frå Venstre innførte for å få fart i strukturrasjonaliseringa. Denne ordninga er også med på å trekkje kapital ut av næringa.

I mitt heimfylke, Vest-Agder, er det få heiltidsbønder. Skal vi bevare den dyrka jorda i slike utsette område, må vi legge til rette for kombinasjonsbruk, slik stortingsmeldinga legg opp til. Her må vi utvikle tiltak som stimulerer til fleirsysleri. Når Dyreparken i Kristiansand satsar på lokalt utvikla og lokalt produsert mat, så er det eit eksempel på kva ein kan få til med innovasjon og godt regionalt samarbeid.

I diskusjonen om kjedemakt har eg vore opptatt av å setje fokus på kvalitet og variert tilbod framfor å overfokusere på pris.  Einsidig prisfokus vil ramme både bøndene og arbeidarane i næringsmiddelindustrien og i butikkane. Landbrukssamvirket er ein viktig berebjelke i norsk landbruks- og matpolitikk. Det har i hovudsak hatt fokus på volumproduksjon. No er kanskje tida moden for større produktvariasjon og for nisjeproduksjon. Det er viktig at landbrukssamvirket handterer desse utfordringane både for å auke verdiskapinga og for å styrke sin posisjon.

Dette innlegget er ikkje nokon freistnad på å presentere eit komplett sett av verkemiddel i landbrukspolitikken. Det er eit innspel til debatten om å utvikle verkemiddel som kan bringe oss i retning av dei måla som er presentert i landbruksmeldinga. Dermed er det ikkje sagt av vi skal slutte å diskutere måla. Men når vi diskuterer verkemiddela, så blir vi også betre i stand til å perfeksjonere måla og vise versa.

Og så ønskjer eg alle lesarane ei god jul og eit godt nytt år med friske debattar.

 

Alf

 

SMB-politikk for landbruket

Dette innlegget står på trykk som gjestekommentar i Nationen i dag.

Eg vaks opp på ein liten gard på Vestlandet. Far min reiste på anleggsarbeid og sildefiske for å få endane til å møtast. I tillegg dreiv vi laksefiske og anna fjordfiske. Dette er ei form for kombinasjonsdrift som har lange tradisjonar i norsk landbruk. Skal vi nå dei måla som det synest å vere brei semje om i landbruksdebatten, så er dette ei driftsform som vi må legge til rette for også i framtida.

Landbruk over heile landet er eit sentralt mål for norsk landbrukspolitikk. Eit aktivt landbruk legg også grunnlag for andre aktivitetar og er ein viktig føresetnad for å oppretthalde levande bygder. Men dersom vi skal få dette til, må vi ta vare på dei små og mellomstore bruka. I næringspolitikken snakkar vi om at det er viktig å utvikle ein politikk for små og mellomstore bedrifter, SMB-ar. Vi treng også ein landbrukspolitikk for små og mellomstore bruk, ein SMB-politikk for landbruket.

Eg representerer Vest-Agder på Stortinget. I dette fylket har vi stor overvekt av kombinasjonsbruk der inntekta frå bruket må kombinerast med andre inntekter. Dersom vi skal oppretthalde landbruket i dette og mange andre fylke, så må vi legge til rette for kombinasjonsbruk. Vi må oppgradere statusen til det å drive ein gard i kombinasjon av anna inntektsbringande arbeid.

I det fylke der eg vaks opp, og i det fylket eg representerer på Stortinget, ligg topografien dårleg til rette for strukturrasjonalisering i landbruket. Det blir raskt mykje forbruk av dekk og diesel dersom ein skal slå saman mange bruk eller satse stort på leigejord. På eit seminar om landbruket i Vest-Agder var det ein bonde som oppsummerte situasjonen slik: Det hjelp lite om eg får leigd meir jord dersom eg blir den siste bonden i bygda. Då kan det lett bli eit tynt fagmiljø og litt trasig for oss som er att.

Landbruksorganisasjonane har lagt vekt på å auke produksjonen av mat. Skal vi klare det, må vi ta vare på den dyrka jorda. Kampen for å bevare matjorda må førast på mange frontar. Det er viktig å hindre at den blir bygd ned når byar og tettstader ekspanderer og vegprosjekt skal realiserast. Men den største avgangen av dyrka jord har vi ved at den går ut av produksjon.

Med den topografien vi har her i landet, må vi legge til rette for SMB-ane, dei små og mellomstore bruka, dersom vi skal bevare den dyrka jorda. Ein aktiv produktiv bonde som brukar halvparten av si arbeidskraft på bruket, bør få same respekt som dei som driv større. Eit deltidsbruk kan også vere eit viktig springbrett for å utvikle anna næringsverksemd i bygda.

Landbruket som andre næringar har i ein periode blitt fanga av retorikken om at større einingar fører til auka produktivitet. Det kan vere riktig i ein del tilfelle, men det er ikkje ei naturlov som gjeld generelt. Ein del av den strukturrasjonaliseringa vi har sett i landbruket, skuldast sterke samfunnstrendar. Men det har også vore ein villa politikk med verkemiddel som fremmar denne utviklinga. Sponheim si innføring av privat omsettelege melkekvotar er eit eksempel. Mange rådgivarar sitt fokus på å bygge store driftsbygningar er eit anna.

Dersom vi skal behalde matjorda og levande bygder, er det på tide å få eit bevisst forhold til kor viktig dei små og mellomstore bruka er for å nå våre landbrukspolitiske mål. Når landbruksmeldinga kjem, så vil vi finne mange målformuleringar som vi vanskeleg kan oppfylle utan SMB-ane i landbruket. Derfor er det viktig at vi også innrettar dei konkrete verkemiddela slik at vi tar vare på SMB-ane og deira plass i ein heilskapleg landbrukspolitikk

Alf

Vikardirektivet trugar den norske modellen

Innlegget står på trykk i Nationen i dag.
EU har komme med eit nytt direktiv, vikardirektivet, som trugar sentrale verdiar i den nordiske samfunnsmodellen. Fast arbeid er eit heilt
grunnleggande prinsipp i norsk arbeidsliv og eit viktig element i det norske velferdssamfunnet. Vikardirektivet bryt radikalt med dette prinsippet og legg opp til at fast arbeid ikkje lenger skal vere det normale i arbeidslivet.

Direktivet har to formål. På den eine sida skal det skape meir
ryddige forhold for dei tilsette i vikarbransjen, og det er det gode grunnar
til. Fagrørsla har lenge stilt krav om meir ordna forhold for vikarar. Den  krev  at tillitsvalde skal ha innsynsrett, at innleigebedriftene skal stå solidarisk ansvarleg for løna til vikarane, og at dei tillitsvalde skal få rett til å gripe inn mot ulovleg vikarbruk. Men det er absolutt ingen ting som hindrar oss i å skape ordna forhold for vikarane utan dette direktivet.

Det andre formålet med vikardirektivet er å normalisere vikarbyrå
som arbeidsgivar. Fast tilsetjing i ei bedrift skal ikkje lenger vere det
normale. No skal det bli like normalt med innleigd arbeidskraft der dei som har
personalansvaret sit ein heilt annan stad. Dette er ei utvikling som vi har
sett konturane av lenge. De Facto har presentert tal som viser at dei seks
største bemanningsselskapa har dobbelt så mange bygningsarbeidarar i Oslo som dei seks største entreprenørselskapa.

Utstrakt bruk av innleigd arbeidskraft fører til svakare tilknyting
til arbeidsplassen, færre fagorganiserte og mindre tryggleik for arbeid og
inntekt for den enkelte. Utan fast inntekt er det vanskeleg å få lån og skaffe
seg bustad. Mange fryktar også at den utstrakte vikarbruken vil gå ut over
fagutdanning og rekruttering til bransjen. Det finst ikkje lenger stabile
arbeidsmiljø som kan ta i mot lærlingar og vidareutvikle fagkompetansen. Over
tid kan det gå ut over kvalitet og produktivitet i bransjen.

Vikardirektivet vil også ramme distrikta. Når viktige bedrifter og
institusjonar i lokalsamfunnet blir bemanna av vikarbyrå, går det ut over
busetnaden i regionen. Det fører til at kommunen får mindre skatteinntekter, og
at inntektene til lokale næringsdrivande blir meir usikre. Kompetansen i bygda blir utarma, og det blir vanskelegare å få i gang kultur- og fritidsaktivitetar,
utvikle nytt næringsliv og skape nye arbeidsplassar. Over tid vil det føre til
fråflytting og sentralisering.

I fagrørsla er det stadig fleire som seier nei til denne utviklinga.
Sist ute var Fellesforbundet der landsmøtet mot ei stemme kravde veto mot direktivet. Eit fleirtal av medlemmane i LO er no i forbund som seier nei. Dei vil ikkje akseptere eit direktiv som snur opp ned på norsk arbeidsliv og legg vegen open for ein bemanningsbransje som er lite oversiktleg. Det er også stor fare for at arbeidsmiljølova ikkje vil overleve møte med EØS-retten om direktivet blir
implementert.

Vi treng ikkje EU-direktiv for å sikre folk skikkelege
arbeidsvilkår. Det kan og skal vi gjere med vår nasjonale lovgiving. Det vi
treng, er å reise kamp mot EU-direktiv som går laus på grunnleggande forhold i
arbeidslivet og riv grunnlaget vekk under distriktspolitikken. Vi må ikkje stelle
oss slik at NHO kan rive sund arbeidsmiljølova ved å gå til søksmål med basis i
vikardirektivet slik dei har trua med. Det vi treng er ein brei folkeleg
allianse mot direktiv som bryt fundamentalt med sentrale verdiar i den norske
samfunnsmodellen.

Alf

Levande bygder

 

Bygda der eg voks opp

FrP med Høgre på slep vil avvikle hovudavtalen i landbruket, fjerne reguleringar og satse på marknadsliberalisme. Her er litt av mitt innlegg i ein slik debatt: 

Landbruket er ei viktig næring, og eit sentral element i arbeidet for å sikre levande bygder. 

I ei verd der mange svelt, har vi plikt til å ta vare på vår evne til å produsere mat. Vi må ta vare på den dyrka jorda som tidlegare generasjonar har dyrka opp og halde i hevd.  Eit aktivt landbruk er også grunnsteinen i arbeidet for å skape levande bygder, og det legg grunnlaget for andre næringar i distrikta. 

Det dyrka arealet utgjer berre 3% av landet vårt. Derfor er det viktig for samfunnet at det blir halde i hevd for å sikre matvareproduksjon og bidra til verdiskaping og levande bygder. For å oppnå dette får næringa støtte over statsbudsjettet.  Denne samarbeidsmodellen er viktig for landbruket og for busettinga i distrikta. 

For ei tid sidan var eg på møte med leiaren i Bondelaget i mitt heimfylke. Ho fekk spørsmål om det ikkje var problem med reguleringane i landbruket. Svaret kan det vere grunn til å merke seg. Ho sa: ”Kvar enkelt av oss kan av og til irritere oss over enkelte reglar. Men vi som lever av landbruket, veit at vi må ha reglar for å sikre næringa – og livsgrunnlaget til kvar enkelt av oss på lang sikt.”

 Norsk landbruk vil ikkje overleve med ein marknadsliberalistisk landbrukspolitikk. Derfor er det viktig å vidareutvikle samarbeidet mellom bøndene og staten. Og eit samarbeid inneber både rettar og plikter. Det er det som skaper eit livskraftig landbruk og levande bygder.

Alf