Tag Archives: fast arbeid

Stopp lausarbeidarsamfunnet

Det er snart 1. mai der vi skal feire dei resultata som fagrørsla og arbeidarrørsla har oppnådd. Eit ordna arbeidsliv og små forskjellar mellom folk har stått sentralt i den faglege kampen. Det er ikkje tilfeldig at desse verdiane står sterkast i dei landa der vi har ei sterk fagrørsle. Men no er liberalisering av lovverket og sosial dumping i ferd med å rasere det ordna arbeidslivet også her i landet.

Fast arbeid har vore grunnsteinen i norsk arbeidsliv. Men no ser vi at innleige av arbeidskraft er i ferd med å bli det normale i mange bransjar. I byggebransjen er snart alle arbeidarane på byggeplassen innleigde. Ei kartlegging i regi av Fellesforbundet på ein del byggeplassar viste at 40% av 3000 arbeidstakarar var innleigde, og 85% av innleigeforholda  var ulovlege. Førebels er det verst i Oslo-området, men det forplantar seg utover til heile landet. Vi er i ferd med å få tilbake eit lausarbeidarregime som bli nedkjempa for eit par generasjonar sidan.

Lausarbeidarsamfunnet er også eit trugsmål mot kvalitet og fagleg utvikling. Vi treng ikkje gå lenger enn til skandalen med reinseanlegget på Odderøya i Kristiansand for å finne eksempel på kva innleige fører til. Politikarane snakkar med store ord om at vi treng fleire fagarbeidarar. Men kva er det vi tilbyr dei? Det er stor mangel på læreplassar, og det er nesten berre bemanningsbyrå som lyser ut stillingar som fagarbeidarar.

Byrådet i Oslo har gått til kamp for eit seriøst arbeidsliv. Dei har innført strenge reglar for offentleg innkjøp, den såkalla Oslomodellen. 50% av arbeidet skal utførast av fagarbeidarar med fagbrev, og 10% av arbeidstimane skal utførast av lærlingar. Det skal i all hovudsak brukast fast tilsette, alle innleigde arbeidarar skal garanterast tariffløn, og all bruk av bemanningsbyrå skal godkjennast skriftleg. Oslomodellen stiller også krav om at det maksimalt kan vere ein underleverandør. Vi har mange skrekkeksempel på kor lett det er å miste kontrollen med underleverandørar i fleire ledd.

SV fremma nyleg ein interpellasjon i bystyret i Kristiansand der ordførar Harald Furre blei utfordra til å vurdere å innføre Oslomodellen i kommunen. Forslaget fekk diverre ikkje støtte frå Furre og resten av det blåblå fleirtalet i første omgang. Men vi kan ikkje slå oss til ro med det, dersom vi skal hindre at det utviklar seg eit useriøst og til dels kriminelt arbeidsliv. SV vil jobb vidare for å få gjennomslag for Oslomodellen både i Kristiansand og andre kommunar i Agder. Vi oppmodar derfor alle til å bruke 1. mai til å markere kampen mot bemanningsbyrå og sosial dumping.

Alf

Tale på første mai

Biletet er tatt av Jon Anders Skau, Fædrelandsvennen

Kameratar
Det året som har gått, har for alltid brent seg inn i norsk historie. Vi blei ramma av terror, og det norske folk svarte med solidaritet og samhald. Nokre av dei som kunne ha vore her i dag, er borte. Andre har opplevd det verste ein kan oppleve.På solidaritetens dag, går våre tankar til alle som blei ramma av terroren. Vi kan heidre dei ved å vidareføre kampen for eit betre og meir solidarisk samfunn.
————————————————————–
Fagbevegelsen og arbeidarbevegelsen har mykje å vere stolte av . Vi har stått i første linje i kampen for eit solidarisk velferdsamfunn. Men det er ingen grunn til å slappe av. Vi står overfor nye utfordringar og nye kampar.

Høgrekreftene angrip den solidariske velferdsmodellen. Dei snakkar om velferdsfella som trugar  konkurranseevne og verdiskaping.

Men det er å snu saka fullstendig på hovudet. Det er nettopp den norske velferdsmodell som  gjer at vi klarer oss betre enn dei fleste andre land i Europa. Det er velferdsordningane og arbeidsmiljølova som legg til rette for at alle kan delta i arbeidslivet.

Vi har høgare yrkesdeltaking enn dei fleste andre land. Velferdssystemet vårt er ikkje ei felle. Det er eit springbrett for den enkelte og for samfunnet.
———————————————————————————–

Men vi har framleis store utfordringar. Ufrivillig deltid er eit stort problem som først og fremst rammar kvinner. Det er ingen grunn til at det skal vere vanskelegare å lage heile stillingar for kvinner enn for menn. Dette er gamle fordommar og kvinnediskriminering.  Mange har satsa på få ned bruken av deltid. Men vi er langt frå mål. Rett til heiltid er eit viktig likestillingskrav og eit solidaritetskrav som er markert i toget i dag.
—————————————————————————

Ei anna viktig parole i toget er kravet om ein sosial bustadpolitikk. Dagens høge bustadprisar er ein trussel mot økonomien til unge som skal inn på bustadmarknaden, og det kan bli ei bombe under velferdsstaten. Derfor er det viktig at fagbevegelsen set denne saka på dagsorden.
—————————————————————————————-

Retten til fast arbeid er ein grunnpilar i norsk arbeidsliv. Men no er denne retten trua. Vi er i ferd med å få eit lausarbeidarsamfunn.

Bruken av vikarar og innleigd arbeidskraft  brer om seg langt utover det som er rimeleg. Dei seks største bemanningsbyråa i Oslo har dobbelt så mange bygningsarbeidarar som dei seks største entreprenørselskapa.  Lausarbeidarsamfunnet er ei belastning for den enkelte som ikkje får tryggheit for arbeid og inntekt, hus og heim.

Men lausarbeidarsamfunnet er også eit stort problem for mange bransjar og for samfunnet. Med ustabil arbeidskraft er det vanskeleg å vidareutvikle faget. Og det blir vanskeleg å ta inn lærlingar. Omsynet til kortsiktig profitt, trugar kvalitet og langsiktig konkurranseevne. Bedriftene sagar av den greina dei sit på. Og høgrekreftene vil forsere denne utviklinga ved å svekke arbeidsmiljølova.

Lausarbeidarsamfunnet er også i ferd med å skape ei todeling i norsk arbeidsliv. Vi ser konturane av ein underklasse med dårlege lønns- og arbeidsvilkår, og med ei overvekt av innvandrarar.  Dette er ei svært uheldig utvikling som vi må kjempe i mot.

Næringslivets hovudorganisasjon har trua med å bruke EU sitt vikarbyrådirektiv til å fjerne restriksjonar på vikarbruk. Fagbevegelsen har kjempa mot direktivet for å forsvaret prinsippet om fast arbeid. Vi vant ikkje fram her, men kampen for fast arbeid held fram. Det gjer også kampen for likeverdige løns- og arbeidsvilkår for vikarar.
———————————————————————————

Ein av di viktigaste pilarane i den norske velferdsmodellen er fellesskolen. Læring i fellesskap er solidaritet i praksis. Ein god skole bidrar til å sikre arbeidsplassar og verdiskaping.

Skolen er også viktig i kampen mot fattigdom. Dei som får problem i skolen, får ofte problem seinare i livet. Derfor har regjeringa satsa på tidleg innsats i skolen. Vi satsar også på meir praktisk læring.  Mange treng praktiske eksempel for å takle teori. Eg hugsar enno kor spennande det var å leike med ei lita dampmaskin i fysikktimen.

Fråfallet i vidaregåande skule er ei av ei største samfunnsutfordringane vi står overfor. Det er tapte muligheiter for den enkelte og tapte ressursar for samfunnet.

Fråfallet er størst på dei yrkesfaglege studieretningane. Derfor set regjeringa i gang fleire tiltak for å gjere dei yrkesfaglege studieretningane meir praktiske og arbeidslivsretta. Vi opnar for at elevane kan komme raskt ut i lærebedriftene og veksle mellom teori og praksis.

Nok læreplassar er nøkkelen til god fagopplæring. Derfor er det gledeleg å kunne fortelje at det no er på plass ei avtale mellom regjeringa og partane i arbeidslivet om å skaffe fleire læreplassar.  Avtalen betyr om lag 1000 nye læreplassar kvart år dei neste åra.
——————————————————————————

Første mai har alltid vore ein internasjonal kampdag. Den utanrikspolitiske situasjonen er i endring. Men dei grunnleggande forholda er uendra. Dei rike landa har mindre enn 20% av befolkninga. Men dei legg beslag på meir enn 80% av ressursane. Det er ikkje berre mellom landa at forskjellane er store. Vi ser no at forskjellane internt i landa også aukar, både i fattige og rike land.
———————————————————————————-

Marknadsliberalismen skapte finanskrisa som har ramma mange land hardt, ikkje minst i Europa. Finansakrobatane klarer seg, og vanlege folk må ta rekninga gjennom velferdskutt og arbeidsløyse.

Kvar fjerde spanjol er no arbeidslaus, og over halvparten av spansk ungdom er utan arbeid. Ein heil generasjon ungdom veks opp utan arbeid. Dette er ei urovekkjande utvikling som kan få dramatiske konsekvensar.

Noreg har så langt unngått dei store konsekvensane av finanskrisa. Vår solidariske velferdsmodell med ein sterk offentleg sektor og små forskjellar har vist sin styrke. Det er nettopp denne modellen som står på spel om hørekreftene med støtte frå Venstre og kanskje også Kristeleg folkeparti kjem til makta i Norge.
——————————————————————————————

Den største internasjonale krisa vi står overfor, er klimakrisa, og den forsvinn ikkje. Den blir større jo lenger vi ventar. Og den rammar dei fattigast  hardast gjennom tørke og ekstremver.

Klimakrisa stiller store krav til den internasjonale solidariteten. Mange prøver å skyve frå seg ansvaret. Enkelte fornektar klimakrise. Andre hevdar at Norge er så lite at vår innsats er lite verdt. Men om eit av verdas rikast land ikkje skulle ta sin del av ansvaret, kven skulle då gjere det?

Den raudgrøne regjeringa har derfor lagt fram ei offensiv klimamelding. Den viser at vi kan ta vårt internasjonale ansvar samtidig som vi utviklar vårt eige samfunn med kollektivtransport og miljøvennleg arbeidsplassar. Eg har lenge argumentert for at god miljøpolitikk er god næringspolitikk, og god næringspolitikk er god miljøpolitikk. No er dette ein del av regjeringa sin politikk.
—————————————————————

Vi må heller ikkje gløyme at vi har ei internasjonal flyktningkrise.
44 millionar menneske er på flukt på grunn av krig, konflikt og grove brot på menneskerettane. Halvparten av desse flyktningane er barn. Norge må vise solidaritet også på dette område, og føre ein human flyktningpolitikk. Det er viktig å ha fokus på barna sine rettar i flyktningpolitikken. Det må leggast sterk vekt på barns beste og barns tilknytning til Norge.
————————————————————————–

Solidaritet med undertrykte folk har alltid stått sentralt for fagbevegelsen på første mai.  I dag ser vi at mange reiser seg mot undertrykking og diktatur i arabiske land.

I desse landa har vesten ei lite heroisk fortid. Dei rike landa i vesten har vore meir opptatt av å sike seg oljeresursar, enn av å bidra til ei demokratisk utvikling. Olje har vore viktigare enn demokrati. Derfor har vesten liten legitimitet.

Syria er no inne i ein kritisk situasjon. Landet har ein diktator som rettar våpen mot sitt eige folk. Fleire tusen sivile er drepne. Vi må krevje at regjeringsstyrkane stansar alle angrep på sivile. Det er viktig at det internasjonale samfunnet gir full støtte til den fredsplanen som er forhandla fram. Syria treng ikkje meir krig. Dei treng ein fred som kan skape demokrati.

Vesten har heller ikkje tatt ansvar for rettane til det palestinske folket. I 40 år har Israel okkupert Palestina. Okkupasjonsmakta turar fram med ulovlege busetnader og grensemur på palestinsk område. Men alle protestar prellar av på okkupasjonsmakta. Det er på tide at vi legg eit langt sterkare press på Israel for å få slutt på den ulovlege okkupasjonen.
—————————————————————————————–

I går vakna vi til oppslag om at Framstegspartiet vil avvikle første mai.

Første mai er solidaritetens dag. Derfor er det heilt naturleg at Framskrittspartiet vil avskaffe dagen. Dei likar sjølvsagt ikkje at folk blir minna på kven som har kjempa fram den solidariske velferdsstaten. Ein velferdsstat som mange misunner oss, og som stod i mot finanskrisa.

Høgrekreftene vil bygge ned velferdsstaten. Dei vil gå til angrep på arbeidsmiljølova og svekke trygdeordningane for å gi skattelette til dei rike.

Vi lever i ei tid med aukande forskjellar og dramatisk arbeidsløyse i mange land i Europa. Norge har stått i mot denne utviklinga. Vi har låg arbeidsløyse og forskjellane har blitt mindre. Opposisjonen på Stortinget likar ikkje dette. Dei har eitt felles krav frå Venstre til Framskrittspartiet:  denne regjeringa må bort. Kva dei same partia er for, er det vanskelegare å få tak i. Men det er lite som tyder på at det blir meir solidaritet.

Kampen for eit solidarisk samfunn kan ikkje vinnast ein gang for alltid. Vi møter stadig nye utfordringar som krev nye svar, og vi må kjempe mot høgrekreftene som vil bygge ned vårt solidariske velferdssamfunn. Derfor treng vi første mai.

Ha ein fin førstemaidag.

Alf

Vikardirektivet trugar den norske modellen

Innlegget står på trykk i Nationen i dag.
EU har komme med eit nytt direktiv, vikardirektivet, som trugar sentrale verdiar i den nordiske samfunnsmodellen. Fast arbeid er eit heilt
grunnleggande prinsipp i norsk arbeidsliv og eit viktig element i det norske velferdssamfunnet. Vikardirektivet bryt radikalt med dette prinsippet og legg opp til at fast arbeid ikkje lenger skal vere det normale i arbeidslivet.

Direktivet har to formål. På den eine sida skal det skape meir
ryddige forhold for dei tilsette i vikarbransjen, og det er det gode grunnar
til. Fagrørsla har lenge stilt krav om meir ordna forhold for vikarar. Den  krev  at tillitsvalde skal ha innsynsrett, at innleigebedriftene skal stå solidarisk ansvarleg for løna til vikarane, og at dei tillitsvalde skal få rett til å gripe inn mot ulovleg vikarbruk. Men det er absolutt ingen ting som hindrar oss i å skape ordna forhold for vikarane utan dette direktivet.

Det andre formålet med vikardirektivet er å normalisere vikarbyrå
som arbeidsgivar. Fast tilsetjing i ei bedrift skal ikkje lenger vere det
normale. No skal det bli like normalt med innleigd arbeidskraft der dei som har
personalansvaret sit ein heilt annan stad. Dette er ei utvikling som vi har
sett konturane av lenge. De Facto har presentert tal som viser at dei seks
største bemanningsselskapa har dobbelt så mange bygningsarbeidarar i Oslo som dei seks største entreprenørselskapa.

Utstrakt bruk av innleigd arbeidskraft fører til svakare tilknyting
til arbeidsplassen, færre fagorganiserte og mindre tryggleik for arbeid og
inntekt for den enkelte. Utan fast inntekt er det vanskeleg å få lån og skaffe
seg bustad. Mange fryktar også at den utstrakte vikarbruken vil gå ut over
fagutdanning og rekruttering til bransjen. Det finst ikkje lenger stabile
arbeidsmiljø som kan ta i mot lærlingar og vidareutvikle fagkompetansen. Over
tid kan det gå ut over kvalitet og produktivitet i bransjen.

Vikardirektivet vil også ramme distrikta. Når viktige bedrifter og
institusjonar i lokalsamfunnet blir bemanna av vikarbyrå, går det ut over
busetnaden i regionen. Det fører til at kommunen får mindre skatteinntekter, og
at inntektene til lokale næringsdrivande blir meir usikre. Kompetansen i bygda blir utarma, og det blir vanskelegare å få i gang kultur- og fritidsaktivitetar,
utvikle nytt næringsliv og skape nye arbeidsplassar. Over tid vil det føre til
fråflytting og sentralisering.

I fagrørsla er det stadig fleire som seier nei til denne utviklinga.
Sist ute var Fellesforbundet der landsmøtet mot ei stemme kravde veto mot direktivet. Eit fleirtal av medlemmane i LO er no i forbund som seier nei. Dei vil ikkje akseptere eit direktiv som snur opp ned på norsk arbeidsliv og legg vegen open for ein bemanningsbransje som er lite oversiktleg. Det er også stor fare for at arbeidsmiljølova ikkje vil overleve møte med EØS-retten om direktivet blir
implementert.

Vi treng ikkje EU-direktiv for å sikre folk skikkelege
arbeidsvilkår. Det kan og skal vi gjere med vår nasjonale lovgiving. Det vi
treng, er å reise kamp mot EU-direktiv som går laus på grunnleggande forhold i
arbeidslivet og riv grunnlaget vekk under distriktspolitikken. Vi må ikkje stelle
oss slik at NHO kan rive sund arbeidsmiljølova ved å gå til søksmål med basis i
vikardirektivet slik dei har trua med. Det vi treng er ein brei folkeleg
allianse mot direktiv som bryt fundamentalt med sentrale verdiar i den norske
samfunnsmodellen.

Alf