Stopp lausarbeidarsamfunnet

Det er snart 1. mai der vi skal feire dei resultata som fagrørsla og arbeidarrørsla har oppnådd. Eit ordna arbeidsliv og små forskjellar mellom folk har stått sentralt i den faglege kampen. Det er ikkje tilfeldig at desse verdiane står sterkast i dei landa der vi har ei sterk fagrørsle. Men no er liberalisering av lovverket og sosial dumping i ferd med å rasere det ordna arbeidslivet også her i landet.

Fast arbeid har vore grunnsteinen i norsk arbeidsliv. Men no ser vi at innleige av arbeidskraft er i ferd med å bli det normale i mange bransjar. I byggebransjen er snart alle arbeidarane på byggeplassen innleigde. Ei kartlegging i regi av Fellesforbundet på ein del byggeplassar viste at 40% av 3000 arbeidstakarar var innleigde, og 85% av innleigeforholda  var ulovlege. Førebels er det verst i Oslo-området, men det forplantar seg utover til heile landet. Vi er i ferd med å få tilbake eit lausarbeidarregime som bli nedkjempa for eit par generasjonar sidan.

Lausarbeidarsamfunnet er også eit trugsmål mot kvalitet og fagleg utvikling. Vi treng ikkje gå lenger enn til skandalen med reinseanlegget på Odderøya i Kristiansand for å finne eksempel på kva innleige fører til. Politikarane snakkar med store ord om at vi treng fleire fagarbeidarar. Men kva er det vi tilbyr dei? Det er stor mangel på læreplassar, og det er nesten berre bemanningsbyrå som lyser ut stillingar som fagarbeidarar.

Byrådet i Oslo har gått til kamp for eit seriøst arbeidsliv. Dei har innført strenge reglar for offentleg innkjøp, den såkalla Oslomodellen. 50% av arbeidet skal utførast av fagarbeidarar med fagbrev, og 10% av arbeidstimane skal utførast av lærlingar. Det skal i all hovudsak brukast fast tilsette, alle innleigde arbeidarar skal garanterast tariffløn, og all bruk av bemanningsbyrå skal godkjennast skriftleg. Oslomodellen stiller også krav om at det maksimalt kan vere ein underleverandør. Vi har mange skrekkeksempel på kor lett det er å miste kontrollen med underleverandørar i fleire ledd.

SV fremma nyleg ein interpellasjon i bystyret i Kristiansand der ordførar Harald Furre blei utfordra til å vurdere å innføre Oslomodellen i kommunen. Forslaget fekk diverre ikkje støtte frå Furre og resten av det blåblå fleirtalet i første omgang. Men vi kan ikkje slå oss til ro med det, dersom vi skal hindre at det utviklar seg eit useriøst og til dels kriminelt arbeidsliv. SV vil jobb vidare for å få gjennomslag for Oslomodellen både i Kristiansand og andre kommunar i Agder. Vi oppmodar derfor alle til å bruke 1. mai til å markere kampen mot bemanningsbyrå og sosial dumping.

Alf

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s