Eg hadde gleda av å få halde 1. mai-tale i Birkeland i dag. Her er manuskriptet som berre delvis er i samsvar med det eg sa:
Første mai er ein dag der vi skal glede oss over det fagbevegelsen og arbeidarbevegelsen har oppnådd – men først og fremst er det ein dag der vi skal samle krefter til nye kampar for eit rettferdig og solidarisk samfunn.
Fagbevegelsen og arbeidarbevegelsen har stått i front i kampen for mindre forskjellar og eit ordna arbeidsliv. Det er ikkje tilfeldig at desse verdiane står sterkast i dei landa som har ei sterk fagrørsle.
Fagbevegelsen har kjempa fram eit meir rettferdig samfunn der folk slepp å stå med lua i handa. Det er lett å gløyme at det berre eit par generasjonar sidan Menstadslaget som førte til at vi fekk Hovudavtalen for arbeidslivet. Det er lett å gløyme at det vi har oppnådd, har kosta slit og kamp – og det er farleg å ta resultata for gitt.
No er høgrekreftene på frammarsj, og dei gjer sitt beste for å rive ned det solidariske samfunnet som arbeidarbevegelsen har kjempa fram. Forskjellane i samfunnet aukar, og sosial dumping og bemanningsbyrå er i ferd med å øydelegge det ordna arbeidslivet. Men vi gir oss ikkje utan kamp.
Lausarbeidarsamfunnet
Fast arbeid har vore grunnsteinen i norsk arbeidsliv. Men no ser vi at innleige av arbeidskraft er i ferd med å bli det normale i mange bransjar. I byggebransjen er snart alle arbeidarane innleigde. Ei kartlegging på ein del byggeplassar viste at 40% av arbeidstakarane var innleigde, og 85% av innleigeforholda var ulovlege
Vi er i ferd med å få eit lausarbeidarsamfunn utan tryggheit for arbeid og inntekt. Denne utviklinga er også ein trussel mot kvaliteten på arbeidet. Vi treng ikkje gå lenger enn til skandalen med reinseanlegget på Odderøya i Kristiansand for å finne eksempel på kva innleige fører til.
Politikarane snakkar med store ord om at vi treng fleire fagarbeidarar. Men kva er det vi tilbyr dei unge som vil gå den vegen? Det er stor mangel på læreplassar, og det er nesten berre bemanningsbyrå som lyser ut stillingar for fagarbeidarar.
Det raudgrøne byrådet i Oslo har gått til kamp for eit seriøst arbeidsliv. Dei har innført strenge reglar for offentleg innkjøp. 50% av arbeidet skal utførast av fagarbeidarar med fagbrev, og 10% skal vere utført av lærlingar. Det skal i all hovudsak brukast fast tilsette, alle innleigde arbeidarar skal garanterast tariffløn, og all bruk av bemanningsbyrå skal godkjennast skriftleg. Oslomodellen stiller også krav om at det maksimalt kan vere ein underleverandør.
Det er på tide at kommunane i Agder følgjer opp og innfører Oslo-modellen.
Fattigdom
Nyleg kom det statestikk som viser at det stadig blir fleire fattige barn her i landet. Vi er no oppe i 11%. I Agder er det over 6.500 barn som lever i fattige familiar. Det kan vi ikkje leve med.
Auka barnetrygd er eit effektivt tiltak mot denne utviklinga. Barnetrygda har vore uendra i meir enn 20 år. Fagfolk har rekna ut at vi kan løfta 18.000 barn ut av fattigdom om vi kompenserer for prisstiginga. No er det på tide å gjere noko med dette. Vi kan ikkje ta frå barna for å gi skattelette til dei rike.
Men det verste er at dei som treng det mest – dei som motar sosialhjelp, i praksis ikkje får barnetrygd. Barnetrygda blir rekna som inntekt og fører til at sosialstønaden blir redusert tilsvarande. Dei einaste foreldre som ikkje får barnetrygd her i landet, er dei som får sosialhjelp. Ein del kommunar har endra på dette og lar sosialhjelpsmottakarar behalde barnetrygda. Men ingen av kommunane i Agder har innført denne praksisen. Det er fullstendig uakseptabelt og bør endrast.
Internasjonal solidaritet
Forskjellane aukar her i landet. Den blå regjeringa har gitt dei rike hundre gonger så stor skattelette som dei med moderate inntekter.
Men dei globale forskjellane er langt verre. Dei 85 rikaste personane i verda eig like mykje som den fattigaste halvdelen av verdas befolkning. Vi er inne i ei global ulikheitskrise der stadig færre eig stadig meir og får stadig større makt. Dette er ei skremmande utvikling som det er viktig å minne oss om på arbeidarane sin internasjonale kampdag.
Denne utviklinga har vi snakka om så lenge som eg har drive med politikk, og det har blitt nokre år. Men pengestraumane går framleis gal veg – frå dei fattige til dei rike landa. Multinasjonale konsern tappar afrikanske land for langt større verdiar enn det desse landa får tilbake i form av skatt og utviklingshjelp.
Dette er ikkje berre eit fordelingsspørsmål. Det er også eit spørsmål om makt og demokrati. Dei internasjonale kapitalkreftene får stadig større makt og betaler stadig mindre i skatt. Vi må stå opp mot denne utviklinga ved å kjempe skulder ved skulder med fagrørsla i andre land.
Den globale klimakrisa rammar også svært urettferdig. Det er dei rike landa som har skapt klimakrisa med sitt forbruk av fossil energi. Men det er dei fattige landa som blir hardast ramma. Dei ligg gjerne i dei områda som er mest utsett for ekstremver og høgare havnivå, og dei har minst ressursar til å førebygge problema.
Klimakampen er derfor ein solidaritetskamp – solidaritet med fattige land og med framtidige generasjonar. Det er gledeleg at fagrørsla i stadig større grad engasjerer seg i denne kampen og går i front for klimavenlege løysingar.
Mange er redd for at krav om klimatiltak kan true arbeidsplassar og føre til at bedrifter går konkurs. Men det viser seg at det er det motsette som skjer. Framtidsretta bedrifter som satsar på klimatiltak, har spart pengar og fått nye marknader for sine produkt. Glassfiberen (3B fiberglass) her i Birkeland er eit godt eksempel.
Landbruk
No er landbruksforhandlingane i gang. Då eg var i næringskomiteen på Stortinget var tida mellom 1. og 17. mai dominert av landbruksforhandlingane. I år kan forhandlingane bli vanskelege. Budsjettnemnda for jordbruket har lagt fram tal som viser at bøndene kan få ein nedgang i inntektene på 14.500 kroner pr årsverk frå 2016 til 2018. Vi treng eit godt jordbruksoppgjer for å unngå at avstanden til andre grupper aukar.
Eg hadde også gleda av å vere med på å skrive den raud-grøne landbruksmeldinga Velkommen til bords. Der blei Agder for første gang omtalt som ein eigen region med spesielle utfordringar, og ikkje berre som ein overgang mellom Austlandet og Jæren.
Landbruk i heile landet og bevaring av dyrka mark er sentrale målsettingar i norsk landbrukspolitikk. Skal vi klare å oppfylle desse måla, må vi ta vare på dei små og mellomstore bruka og på deltidsbonden. Vi har ikkje ein topografi som gjer det naturleg med store bruk over alt.
Men dagens regjering tar ikkje omsyn til korleis terrenget ser ut . Dei satsar einsidig på dei store bruka – og på auka produksjon basert på importert for. Det er feil medisin. Vi treng ein politikk for både små og store bruk – og ein politikk som legg til rette for å bruke norske ressursar. Det må bli lønsamt å bruke grovfor og beite, og vi må stimulere til å halde jordbruksarealet i god hevd.
Landbruket gir oss mat på bordet, men det gir oss så mykje meir. Det gir oss opplevingar, livskvalitet og identitet. Kampen for eit godt landbruksoppgjer er ein del av den solidariske kampen for å bygge eit godt samfunn med små forskjellar.
Sluttappell
På område etter område angrip dagens regjeringa den norske modellen med moderate forskjellar, fellesskap og stor tillit mellom folk. Dei gir skattelette til dei rike og kuttar i velferd for dei som har minst. Dei riv ned det rammeverket som skal sikre eit ordna arbeidsliv med tryggleik for arbeid og inntekt. Resultatet blir eit kaldare og meir konfliktfylt samfunn.
Men vi sit ikkje stille og lar det skje. I dag samlar vi krefter til forsterka kamp for solidaritet og fellesskap.