Tag Archives: Elitisme

Norsk populisme

Folket det er eg, er tittelen på ei bok av Simen Ekern. Den handlar om framveksten av høgrepopulistiske parti i Sør-Europa. Eit av poenga hans er at folkets røyst ikkje alltid er folkets røyst. Ofte er det velskolerte ideologar som utviklar ein kjensletung retorikk som fangar interesse og engasjement blant folk.

Med sosiale media har det blitt lettare å samle folk bak ein ide. Initiativtakarane har ofte eit sterkt engasjement og utrerte synspunkt som dei elskar fram i gruppa gjennom si redigering. Mange melder seg på av ulike årsaker og vidareformidlar tvilsame fakta. Prøver du å ta ein sakleg diskusjon, er det som å kjempe mot Bøygen.

Det kan diskuterast om slike grupper representerer folkets røyst, men argumenta spreiar seg uansett og siv inn i den offentlege samtalen og politikken. Det gjeld ikkje minst i klimaspørsmål som er kompliserte, og der det er vanskeleg å imøtegå retoriske påstandar med få ord. Eksempel er påstandar om at klimakrisa ikkje eksisterer og at fornybar energi ikkje bidrar til å løyse den.

Eit særpreg med slike grupper som hevdar seg å representere folkets røyst, er at dei kjempar mot, og ikkje for saker. Å finne alternativ overlet dei til andre. Eksempel er bompengelista i Bergen som nesten er utradert etter at representantane kom i ein posisjon der dei måtte diskutere meir enn den eine enkeltsaka.

Skuldingar om elitisme er eit anna særtrekk ved slike grupper og populisme generelt. Her er det ikkje snakk om maktanalyse eller klasseanalyse. Enkelt og greit så er alle som er usamde, ein del av eliten.

Korleis skal venstresida handtere denne utviklinga? Vi bør etter mi meining halde fast på klasseanalyse og maktanalyse og ikkje ukritisk hoppe på eliteretorikken og bruke den som eit billeg retorisk poeng. Og så er det vel kanskje slik at vi framleis finn og kommuniserer best med folk flest på arbeidsplassar, i fotballaget og på puben.

Alf Holmelid

Eliten til Vedum

c2654f61-1f7d-4a4e-b2a3-af1e99e68e9fKvifor brukar Klassekampen Trygve Slagsvold Vedum og ikkje Karin Andersen som eksempel på ein folkeleg politikar. Er det fordi Vedum går til angrep på «eliten» som tar utdanning og er miljøbevisst og Andersen kjempar ein klassekamp for dei svake?

Du skal ikkje ha brukt mykje tid på sosiale media før du får med deg framveksten av ein stadig meir sofistikert høgrepopulistisk retorikk. Karakteristikkar som politisk korrekt, godheitsposør, sykkelfrik og XX-elite erstattar argument. Kan du trakke på kjenslene til motstandaren med slike merkelappar, er klimaet for diskusjonen sett.

Skuldingane om godheitsposering og elitisme blir gjerne kombinert med krav om å representere folk flest. At meiningsmålingar ofte viser at folk flest er nokre få prosent av folket, uroar ikkje høgrepopulistane. Dei har klart å skape så mykje støy at dei kjem seg inn på stadig nye arenaer, også MSM-media som dei foraktar. Populistane på ytre høgre fløy prøver å stå fram som eit rop frå folkedjupet. Men retorikken blir ofte utvikla av høgt utdanna folk med klare ideologiske mål.

Trygve Slagsvold Vedum er ikkje ein høgrepopulist, og eg er samd med mykje av det Senterpartiet står for. Partiet tar opp viktige distriktspolitiske saker som fortener ein seriøs debatt. Men han har lagt seg til ein retorikk som har fellestrekk med den høgrepopulistane brukar. Vedum stod nyleg fram i Klassekampen og harselerte med folk som tar utdanning, jobbar i det offentlege og syklar til jobb. (Her fekk han stempla klimafrikarane som kritiserer klimapolitikken til SP). I etterkant har fleire i avisa gått ut og løfta fram Vedum som ein folkeleg politikar som bør vere eit føredøme for andre.

Men Vedum sin lettvinte og breispektra elitekritikk kan lett avspore debatten om maktforhold og strukturelle utviklingstrekk i samfunnet. Kven har interesse av å bremse klimasatsinga, kven har interesse av privatisering og sentralisering, og kven tener på mistillit til folk med kompetanse? Norsk oljepolitikk er eit eksempel. Den populistiske høgresida som hevdar seg å representere folk flest, ville selje ut norske oljeressursar. Men mange av dei som redda verdiane for det norske folk i den kritiske startsfasen, kjem vel lett i kategorien elite.

Venstresida bør ha ein meir presis maktkritikk enn den slumsete elitekritikken som Vedum forfektar. Dersom det er det folkelege og ueigennyttige og  ikkje ein diffus antielitisme som er poenget med å dra fram eit førebilete, så kunne ein til dømes plukke fram ein person som Karin Andersen.

Alf