Tag Archives: Venstresida

Norsk populisme

Folket det er eg, er tittelen på ei bok av Simen Ekern. Den handlar om framveksten av høgrepopulistiske parti i Sør-Europa. Eit av poenga hans er at folkets røyst ikkje alltid er folkets røyst. Ofte er det velskolerte ideologar som utviklar ein kjensletung retorikk som fangar interesse og engasjement blant folk.

Med sosiale media har det blitt lettare å samle folk bak ein ide. Initiativtakarane har ofte eit sterkt engasjement og utrerte synspunkt som dei elskar fram i gruppa gjennom si redigering. Mange melder seg på av ulike årsaker og vidareformidlar tvilsame fakta. Prøver du å ta ein sakleg diskusjon, er det som å kjempe mot Bøygen.

Det kan diskuterast om slike grupper representerer folkets røyst, men argumenta spreiar seg uansett og siv inn i den offentlege samtalen og politikken. Det gjeld ikkje minst i klimaspørsmål som er kompliserte, og der det er vanskeleg å imøtegå retoriske påstandar med få ord. Eksempel er påstandar om at klimakrisa ikkje eksisterer og at fornybar energi ikkje bidrar til å løyse den.

Eit særpreg med slike grupper som hevdar seg å representere folkets røyst, er at dei kjempar mot, og ikkje for saker. Å finne alternativ overlet dei til andre. Eksempel er bompengelista i Bergen som nesten er utradert etter at representantane kom i ein posisjon der dei måtte diskutere meir enn den eine enkeltsaka.

Skuldingar om elitisme er eit anna særtrekk ved slike grupper og populisme generelt. Her er det ikkje snakk om maktanalyse eller klasseanalyse. Enkelt og greit så er alle som er usamde, ein del av eliten.

Korleis skal venstresida handtere denne utviklinga? Vi bør etter mi meining halde fast på klasseanalyse og maktanalyse og ikkje ukritisk hoppe på eliteretorikken og bruke den som eit billeg retorisk poeng. Og så er det vel kanskje slik at vi framleis finn og kommuniserer best med folk flest på arbeidsplassar, i fotballaget og på puben.

Alf Holmelid

SV må aksle ny rolle

kristiansandDet er mange positive signal for SV om dagen. Meiningsmålingane går riktig veg, og årsoppgjeret viser kraftig vekst i medlemsmassen. Ein valkamp med engasjement og spissa bodskap har gitt partiet ein ny og sterkare posisjon på venstresida i norsk politikk. Men det er eit skår i gleda. Vi klarte ikkje å kaste den blåblå regjeringa, og høgresida styrkar no sin posisjon i ly av eit Arbeiderpartiet slit med å finne seg sjølv etter valet.

Dette skjer i ein kritisk situasjon for den norske samfunnsmodellen med små forskjellar og stor samfunnstillit. Dei rike blir stadig rikare. Lausarbeidarsamfunnet med sosial dumping bryt ned det seriøse arbeidslivet og skaper fattigdom. Velferdsprofittørar skor seg på skattepengar som skulle gå til velferd. Regjeringa avviklar gradvis det sosiale tryggingsnettet  som fagrørsla og arbeidarrørsla har bygd opp, og høgrepopulistane i regjeringa lokkar fram hat mellom grupper.

Dette er langt på veg irreversible endringar. Privatiserer vi dei offentlege tenestene og lar bemanningsbransjen få utvikle seg fritt, blir det vanskeleg å bygge opp att eit solidarisk og egalitært samfunn. Derfor har venstresida ei større oppgåve enn å vinne neste stortingsval. Vi må på barrikadane og vinne viktige slag om velferd og fordeling før det er for eint. Men det viktigaste er kanskje å ta tilbake hegemoniet i samfunnsdebatten.

Her har SV eit stort ansvar. Vi må ta ei sentral rolle i utviklinga av kampsaker for venstresida. Valkampen og meiningsmålingane i etterkant har vist at partiet på sitt beste når fram til folk med offensive saker som veljarane kjenner seg att i. Men det er ikkje nok at SV styrker seg. Om vi skal vere realistar, så må vi innsjå at alle partia på venstresida må gjere sin del av jobben om vi skal ta initiativet frå dei blåblå.

Med den posisjonen SV no har, må partiet ta ansvar og aksle oppgåva som ein sentral og offensiv premissleverandør for å slå tilbake høgrekreftene. Samtidig er det viktig at fagrørsla tar ei klar rolle og stiller sine eigne krav og utfordrar partia. Det kan bidra til at partia på venstresida bygger styrke mot høgresida framfor å konkurrere internt.

Alf

 

 

Mine og dine diktatorar

diktaturDen politiske venstresida har ein lang tradisjon for å støtte opprør mot diktatur og undertrykking, det vere seg i Sør-Afrika, Chile eller Tsjekkoslovakia. Solidaritetsarbeid for frigjeringsrørsler har vore ei viktig kjelde for rekruttering til politisk arbeid på venstresida i politikken.  Men korleis er dette biletet etter den så langt misslukka arabiske våren?

Er vi i ferd med å få ein retorikk der alternativet til diktatur er kaos og voldsspiral? Ser vi konturane av resonnement som inneber at diktatorane bør få fred til å halde orden så vi ikkje får for mange flyktningar til Europa? USA har halde si hand over diktatorar for å sikre seg olje, og Sovjet har støtta diktatorar for å ivaretatt sine stormaktinteresser. Ser vi no ei utvikling der også den politiske venstresida er venlegsinna innstilt til diktatorar fordi alternativet er verre.

Erfaringane frå Egypt er ikkje lystelege, og Libya skremmer på mange måtar. Men er konklusjonen å støtte diktatur i område med politisk ustabilitet og sterke stormaktsinteresser? Vi ser no tendensar til at diskusjonen om Syria går i den retning. Er det ein posisjon som venstresida kan slå seg til ro med. Det er liten tvil om at USA og Vesten har eit medansvar for terrorgrupper som har vakse ut av deira kontroll. Men er det einaste svaret på kaos og stormaktsrivalisering ein stillteiande støtte til diktatur, ei opning for å akseptere at frigjering og demokrati ikkje er for alle?

Eg saknar ein debatt om kva som bør vere venstresida sin posisjon, kva som er ein radikal frigjeringspolitikk, i det som no skjer i Syria og resten av regionen.

Alf