Tag Archives: mat

Mat med norske ressursar

Dette innlegget stod på trykk i Nationen sist fredag.

Stortingsmeldinga om landbruks- og matpolitikk legg opp til å oppretthalde dagens sjølvforsyningsgrad for varer produsert i jordbruket. Dette er i realiteten eit produksjonsmål meir enn eit sjølvforsyningsmål. Det tar ikkje omsyn til import av for som går med til produksjonen. Korrigerer vi for importerte forråvarer, blir sjølvforsyningsgraden ein god del lågare, og denne forskjellen er aukande.

Mang vil vel umiddelbart tenkje at auka forimport skuldast auka oppdrett av svin og fjørfe. Men også i mjølkeproduksjonen og i produksjonen av raudt kjøt aukar bruken av kraftfor og importerte forråvarer. Presset på auka produktivitet har ført til at det blir brukt meir kraftfor, og det er i aukande grad baserer på import. Heile auken i forbruk av kraftfor dei ti siste åra er importert, og importen av proteinråvarer har auka mest.

I tillegg til produksjonsmålet legg landbruks- og matmeldinga vekt på at produksjonen i størst mogeleg grad skal basere seg på nasjonale ressursar. Men meldinga går ikkje inn på kva ein legg i dette. Derfor er det mange som er usikre på korleis ein vil følgje opp denne ambisjonen. Skal ein komme vidare på dette området, er det ikkje nok å sjå på sjølvforsyningsgrad. Vi må ha fokus på sjølvforsyningsgrad korrigert for import av for.

Dagens mål for sjølvforsyning fangar ikkje opp viktige utviklingstrekk i landbruket. Vi kan erstatte bruken av grovfor og norskprodusert korn med importerte forråvarer utan at det gjer utslag på brutto sjølvforsyningsgrad. Derfor må vi å fokusere på korrigert sjølvforsyningsgrad om vi skal få med sentrale utviklingstrekk i norsk landbruk. Det er først då vi fangar opp ein del av dei forholda som har skapt frisk landbruksdebatt i det siste.

Det er ei krevjande utfordring å oppretthalde den korrigerte sjølvforsyningsgraden, for her går utviklinga i gal retning. Differansen mellom sjølvforsyningsgrad med og utan korreksjon for importerte forråvarer har nesten fordobla seg dei siste ti åra. Det er fleire forhold som ligg til grunn for denne situasjonen, og det er behov for ein brei debatt dersom vi skal klare å snu utviklinga.

Skal vi oppretthalde korrigert sjølvforsyningsgrad, så må vi ta vare på den dyrka marka. Vi må få eit jordvern som gjer det vanskelegare å bygge ned den mest produktive matjorda med kjøpesenter og motorvegar. Men det viktigaste jordvernet er å unngå at produktiv mark blir lagt brakk og går ut av produksjon. Derfor må vi også ta vare på dei små og mellomstore bruka. Skal vi unngå at grovfor blir erstatta med importert for, så må vi ha ordningar som gjer det lønsamt å bruke grovfor og ha dyra på beite.

I dei siste åra har vi hatt ein nedgang i norsk kornproduksjon. Ønskjer vi å oppretthalde korrigert sjølvforsyningsgrad, så må vi snu denne utviklinga. Norsk landbruk har hatt kraftig produktivitetsvekst dei siste åra, men det gjeld ikkje i same grad kornproduksjonen. Derfor kan det vere ein del å hente på produktivitetsfremmande tiltak i kornproduksjonen.

Norsk landbruk har stor legitimitet hos det norske folk, og denne legitimiteten er det viktig å ta vare på for å skape ei god utvikling for næringa. Det positive omdømmet til næringa skuldast mange ting. Landbruket produserer fellesverdiar, er ryggrada i mange lokalsamfunn og bidrar til den globale matvareproduksjonen. Å oppretthalde og vidareutvikle bruken av norske ressursar og ta landet og landskapet i bruk er ein viktig grunnpilar i det norske landbruket. Fokus på korrigert sjølvforsyning er eit viktig element i ein slik politikk.

Alf

SMB-politikk for landbruket

Dette innlegget står på trykk som gjestekommentar i Nationen i dag.

Eg vaks opp på ein liten gard på Vestlandet. Far min reiste på anleggsarbeid og sildefiske for å få endane til å møtast. I tillegg dreiv vi laksefiske og anna fjordfiske. Dette er ei form for kombinasjonsdrift som har lange tradisjonar i norsk landbruk. Skal vi nå dei måla som det synest å vere brei semje om i landbruksdebatten, så er dette ei driftsform som vi må legge til rette for også i framtida.

Landbruk over heile landet er eit sentralt mål for norsk landbrukspolitikk. Eit aktivt landbruk legg også grunnlag for andre aktivitetar og er ein viktig føresetnad for å oppretthalde levande bygder. Men dersom vi skal få dette til, må vi ta vare på dei små og mellomstore bruka. I næringspolitikken snakkar vi om at det er viktig å utvikle ein politikk for små og mellomstore bedrifter, SMB-ar. Vi treng også ein landbrukspolitikk for små og mellomstore bruk, ein SMB-politikk for landbruket.

Eg representerer Vest-Agder på Stortinget. I dette fylket har vi stor overvekt av kombinasjonsbruk der inntekta frå bruket må kombinerast med andre inntekter. Dersom vi skal oppretthalde landbruket i dette og mange andre fylke, så må vi legge til rette for kombinasjonsbruk. Vi må oppgradere statusen til det å drive ein gard i kombinasjon av anna inntektsbringande arbeid.

I det fylke der eg vaks opp, og i det fylket eg representerer på Stortinget, ligg topografien dårleg til rette for strukturrasjonalisering i landbruket. Det blir raskt mykje forbruk av dekk og diesel dersom ein skal slå saman mange bruk eller satse stort på leigejord. På eit seminar om landbruket i Vest-Agder var det ein bonde som oppsummerte situasjonen slik: Det hjelp lite om eg får leigd meir jord dersom eg blir den siste bonden i bygda. Då kan det lett bli eit tynt fagmiljø og litt trasig for oss som er att.

Landbruksorganisasjonane har lagt vekt på å auke produksjonen av mat. Skal vi klare det, må vi ta vare på den dyrka jorda. Kampen for å bevare matjorda må førast på mange frontar. Det er viktig å hindre at den blir bygd ned når byar og tettstader ekspanderer og vegprosjekt skal realiserast. Men den største avgangen av dyrka jord har vi ved at den går ut av produksjon.

Med den topografien vi har her i landet, må vi legge til rette for SMB-ane, dei små og mellomstore bruka, dersom vi skal bevare den dyrka jorda. Ein aktiv produktiv bonde som brukar halvparten av si arbeidskraft på bruket, bør få same respekt som dei som driv større. Eit deltidsbruk kan også vere eit viktig springbrett for å utvikle anna næringsverksemd i bygda.

Landbruket som andre næringar har i ein periode blitt fanga av retorikken om at større einingar fører til auka produktivitet. Det kan vere riktig i ein del tilfelle, men det er ikkje ei naturlov som gjeld generelt. Ein del av den strukturrasjonaliseringa vi har sett i landbruket, skuldast sterke samfunnstrendar. Men det har også vore ein villa politikk med verkemiddel som fremmar denne utviklinga. Sponheim si innføring av privat omsettelege melkekvotar er eit eksempel. Mange rådgivarar sitt fokus på å bygge store driftsbygningar er eit anna.

Dersom vi skal behalde matjorda og levande bygder, er det på tide å få eit bevisst forhold til kor viktig dei små og mellomstore bruka er for å nå våre landbrukspolitiske mål. Når landbruksmeldinga kjem, så vil vi finne mange målformuleringar som vi vanskeleg kan oppfylle utan SMB-ane i landbruket. Derfor er det viktig at vi også innrettar dei konkrete verkemiddela slik at vi tar vare på SMB-ane og deira plass i ein heilskapleg landbrukspolitikk

Alf