Tag Archives: korn

Mat med norske ressursar

Dette innlegget stod på trykk i Nationen sist fredag.

Stortingsmeldinga om landbruks- og matpolitikk legg opp til å oppretthalde dagens sjølvforsyningsgrad for varer produsert i jordbruket. Dette er i realiteten eit produksjonsmål meir enn eit sjølvforsyningsmål. Det tar ikkje omsyn til import av for som går med til produksjonen. Korrigerer vi for importerte forråvarer, blir sjølvforsyningsgraden ein god del lågare, og denne forskjellen er aukande.

Mang vil vel umiddelbart tenkje at auka forimport skuldast auka oppdrett av svin og fjørfe. Men også i mjølkeproduksjonen og i produksjonen av raudt kjøt aukar bruken av kraftfor og importerte forråvarer. Presset på auka produktivitet har ført til at det blir brukt meir kraftfor, og det er i aukande grad baserer på import. Heile auken i forbruk av kraftfor dei ti siste åra er importert, og importen av proteinråvarer har auka mest.

I tillegg til produksjonsmålet legg landbruks- og matmeldinga vekt på at produksjonen i størst mogeleg grad skal basere seg på nasjonale ressursar. Men meldinga går ikkje inn på kva ein legg i dette. Derfor er det mange som er usikre på korleis ein vil følgje opp denne ambisjonen. Skal ein komme vidare på dette området, er det ikkje nok å sjå på sjølvforsyningsgrad. Vi må ha fokus på sjølvforsyningsgrad korrigert for import av for.

Dagens mål for sjølvforsyning fangar ikkje opp viktige utviklingstrekk i landbruket. Vi kan erstatte bruken av grovfor og norskprodusert korn med importerte forråvarer utan at det gjer utslag på brutto sjølvforsyningsgrad. Derfor må vi å fokusere på korrigert sjølvforsyningsgrad om vi skal få med sentrale utviklingstrekk i norsk landbruk. Det er først då vi fangar opp ein del av dei forholda som har skapt frisk landbruksdebatt i det siste.

Det er ei krevjande utfordring å oppretthalde den korrigerte sjølvforsyningsgraden, for her går utviklinga i gal retning. Differansen mellom sjølvforsyningsgrad med og utan korreksjon for importerte forråvarer har nesten fordobla seg dei siste ti åra. Det er fleire forhold som ligg til grunn for denne situasjonen, og det er behov for ein brei debatt dersom vi skal klare å snu utviklinga.

Skal vi oppretthalde korrigert sjølvforsyningsgrad, så må vi ta vare på den dyrka marka. Vi må få eit jordvern som gjer det vanskelegare å bygge ned den mest produktive matjorda med kjøpesenter og motorvegar. Men det viktigaste jordvernet er å unngå at produktiv mark blir lagt brakk og går ut av produksjon. Derfor må vi også ta vare på dei små og mellomstore bruka. Skal vi unngå at grovfor blir erstatta med importert for, så må vi ha ordningar som gjer det lønsamt å bruke grovfor og ha dyra på beite.

I dei siste åra har vi hatt ein nedgang i norsk kornproduksjon. Ønskjer vi å oppretthalde korrigert sjølvforsyningsgrad, så må vi snu denne utviklinga. Norsk landbruk har hatt kraftig produktivitetsvekst dei siste åra, men det gjeld ikkje i same grad kornproduksjonen. Derfor kan det vere ein del å hente på produktivitetsfremmande tiltak i kornproduksjonen.

Norsk landbruk har stor legitimitet hos det norske folk, og denne legitimiteten er det viktig å ta vare på for å skape ei god utvikling for næringa. Det positive omdømmet til næringa skuldast mange ting. Landbruket produserer fellesverdiar, er ryggrada i mange lokalsamfunn og bidrar til den globale matvareproduksjonen. Å oppretthalde og vidareutvikle bruken av norske ressursar og ta landet og landskapet i bruk er ein viktig grunnpilar i det norske landbruket. Fokus på korrigert sjølvforsyning er eit viktig element i ein slik politikk.

Alf