Tag Archives: arbeidsliv

Ytringsfridom og makt

Debatten om ytringsfridom har sett sitt preg på kommentarspaltar i det siste. Terminologi og posisjonar frå kulturkampen i USA har gjort sitt inntog. Men kanskje vi skulle prøve å bruke vårt eige språk og våre eigne erfaringar i denne diskusjonen. Som ingeniør får eg eit behov for å prøve å strukturere problemstillinga.

Så langt eg kan sjå, er det ingen som i denne debatten har tatt til orde for å endre grensene for kva som er lovlege ytringar. Det striden står om, er kva ytringar og handlingar som kan ha negative konsekvensar for ytringsfridomen, sjølv om dei er lovlege. Det handlar blant anna om kva verkemiddel ein kan ta i bruk for å imøtegå ytringar. Er det einaste tillatte verkemiddelet verbale tilsvar, eller er det også innafor å arbeide for at færre skal bli eksponert for synspunkta? 

Er det for eksempel akseptabelt å lage kampanjar mot å lese visse media eller å oppfordre folk til å slutte å like visse synspunkt eller visse profilar på Facebook? Eit anna spørsmål er tilgang til plattformer for å få gjennomslag for sine synspunkt. Redaktørar driv dagleg og bestemmer kven som skal sleppe til i media eller på scener. Men kva med dei som ikkje har denne redaksjonelle makta? Trugar ein ytringsfridomen dersom ein kritiserer dei redaksjonelle vala eller nektar å delta i arrangement med personar som ein meiner driv skadeleg propaganda? Eg trur ikkje det er mogeleg å svare generelt på desse spørsmåla. Det har ikkje den same effekten om eg boykottar eit medium eller ein debatt som om Erna Solberg gjer det. Ytringsfridom er relatert til maktforhold.

Ein annan tema i dagens debatt er om hetsing, mobbing og hersketeknikkar er eit trugsmål mot ytringsfridomen. Mange kan nok vere samde i at dagens debattklima kan skremme folk til å halde kjeft, og at det kan gå ut over utsette grupper. Det er liten tvil om at enkelte brukar mobbing som strategi. Men det store spørsmålet er om ein kan gjere noko med dette utan å komme i konflikt med ytringsfridomen.

Dette er viktige problemstillingar, men debatten manglar eit sentralt moment – maktanalyse. Det blir eit problem dersom dagens debatt blir sjølve ytringsfridomsdebatten. Eit sentralt element i ytringsfridomen er å skape rom for kritikk av makta og det rådande samfunnssynet utan fare for represaliar. Dei etablerte maktstrukturane er så inngrodde at vi ofte overser dei. Det handlar blant anna om kor langt ein offentleg elle privat arbeidsgivar kan gå i å kreve lojalitet og avgrense ytringsfridomen til dei tilsette. Det er påfallande at det ikkje er nokon med bakgrunn frå fagrørsla i Ytringsfridomskommisjonen. Derimot er det mange med klippekort til å ytre seg i media.

Tilgang til informasjon står også sentralt når vi snakkar om ytringsfridom og makt. Når informasjonstilgangen blir avgrensa for å beskytte kommersielle interesser, så blir det vanskelegare å fremme kritikk. På den andre sida samlar kommersielle aktørar inn enorme informasjonsmengder som vi ikkje har kontroll over eller innsikt i. Denne informasjonen kan dei selje til interessegrupper som får eit overtak i dabatten. Dei som har tilgang til denne informasjonen, får enorm makt som det er svært vanskeleg å utfordre med tradisjonell debatt i det offentlege rom. Dette er nye utviklingstrekk som ikkje kan møtast med gamle svar.

Pengar er makt, her som elles. Det er ikkje lett å stå opp i mot selskap og institusjonar som kan kjøpe seg konsulentar og lobbyistar og truge med søksmål. Konsentrasjonen i medieeigarskap er også ei utfordring for meiningsmangfaldet. 

La oss vone at Ytringsfridomskommisjonen har ein meir omfattande maktanalyse enn den som har komme til uttrykk i debatten den siste tida.