Tag Archives: media

Ljøstad og ytringsmangfaldet

Redaktøren i Fædrelandsvennen, Eivind Ljøstad, skriv om ytringskulturen i Kristiansand, og om kva vi har lært av detæ overraskande valresultatet. Han har mange gode poeng om den generelle utviklinga i samfunpnet. Forskjellane aukar, og fleire lever i fattigdom i byen vår. Dei vedteknesanningane dominerer i det offentlege ordskiftet, og mange kjenner seg makteslause. Men eg saknar ein meir konkret analyse av situasjonen i Kristiansand og ei meir kritisk vurdering av kva som er avisa si rolle i den.

Når det gjeld valresultatet, så støttar eg den analysen som Vidar Udjus har presentert tidlegare – at valet delvis var eit protestval som vi også såg i ein del andre kommunar. Eg trur mange i Kristiansand kjenner på at byen er dominert av ein konsensuskultur som går tvers igjennom politikk, kultur, næringsliv og media. Som innflyttar og mangeårig opposisjonspolitikar så har eg sjølv kjent på det. I ein del situasjonar kan det vere bra, men som system  er det ekskluderande og konserverande, og bobla kan sprekke.

Ljøstad skriv blant anna: «Fædrelandsvennen er for byutvikling, men det betyr ikke at vi dermed er en del av en elite som styrer byen.» Greit nok. Men det er sjeldan avisa har vore usamd med den høgrepolitikken som har dominert byen i mange tiår. Det viktigaste er like vel mangelen på  kritisk og nyansert journalistikk også om saker som avisa støttar på leiarplass. Det er spesielt viktig for ei avis som har tilnærma monopol.

La oss ta ei sak eg har jobba mykje med – samferdselspolitikk. Fædrelandsvennen skriv spalte opp og spalte ned om vegbygging, men du skal leite lenge etter ei setning som er kritisk til dagens kompakte majoritet i desse reportasjane. Artiklane  liknar ofte på pressemeldingar frå Nye Vegar. Avisa har vel heller ikkje hatt særleg med kritisk journalistikk om store byutviklingssaker som Gartnerløkka, hamna og Kunstsiloen, samt dei stadige brota på vedtekne planar for å tekkast utbyggarar. Med den mediesituasjonen vi har i Kristiansand, blir det dermed vanskeleg å orientere seg om viktige saker for byen.

Ei anna stor sak i det siste er kommunesamanslåinga. Her var det ein offensiv majoritet som mange oppfatta at Fædrelandsvennen var ein del av. Folk i utkantane var uroa over utsiktene til sentralisering og marginalisering. Men det var lite rom for kritikk og alternative vurderingar. Her skulle det sparast pengar, og vi skulle bli meir robuste. Men det var ingen som spurde korleis vi skulle spare pengar, og ingen har sjekka om vi har utsikter til å spare pengar.

Ljøstad skriv også at det ikkje er avisa si oppgåve å forsvare makta. Det kan godt vere at det er intensjonen, men er det alltid slik? Nyleg hadde avisa eit stort oppslag om utelivsbransjen i Kristiansand.  Vi fekk presentert krava til «heile utelivsbransjen» over to sider.  Men det avisa kalla heile utelivsbransjen, var eigarane. Ingen tilsett eller representant for fagrørsla kom til ordet. Dette er berre eit av mange eksempel på at arbeidstakarsida er nedprioritert i forhold til arbeidsgivarsida. Er ikkje det å støtte opp om makta?

Så har Fædrelandsvennen valt å legge ned kommentarfeltet på nett. Det var mykje ufint der, men slike plattformer er ein viktig ventil for misnøye med makta. Ikkje alle set seg ned og skriv lesarinnlegg. Mange som kontaktar meg, seier at det er flott at eg skriv i avisa for dei orkar ikkje. Eg trur det er behov for å få tilbake ei eller anna form for debattflate som kan skape ein felles arena, og som fangar breiare og er meir redaktørstyrt enn sosiale media

Det burde ikkje vere nødvendig for ei avis å erklære at den ikkje er ein del av eliten som styrer byen, og at den ikkje forsvarar makta. Det burde lyse frå spaltene dagleg.

Alf Holmelid

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen 31. august

Usynleggjering av fagrørsla

fanerSist fredag hadde Fædrelandsvennen ein god og viktig artikkel om kvinner i leiande stillingar i Agder, ikkje minst i offentleg sektor. Artikkelen viser at kvinnene har gjort sitt inntog i sentrale posisjonar og styrer viktige samfunnsinstitusjonar i landsdelen. Det er ei interessant utvikling i ein landsdel der kvinner med barn inntil nyleg måtte forsvare å arbeide i full stilling. Men artikkelen har ein veikskap. Den inngår i ein trend med usynleggjering av representantar og perspektiv frå fagrørsla.

I artikkelen er regiondirektøren i NHO Agder ført opp på lista over mektige kvinner i Agder, og det er vel og bra. Men kvinna som har den tilsvarande posisjonen i LO Agder, er ikkje med på lista. NHO-direktøren er også intervjua i artikkelen, men LO som organiserer mange i offentleg sektor, er ikkje invitert til å uttale seg om forholda for kvinner som arbeider i sektoren. Vi finn også fleire rådmenn på lista over kvinner i leiande posisjonar, men ingen kvinner med sentrale faglege tillitsverv i kommunesektoren er med. Dette er ei påfallande neglisjering av representantar for fagrørsla som har ei sentral rolle i arbeidet for å utvikle arbeidsplassen og legge til rette for likestilling i arbeidslivet.

Dette er ikkje eit eingongstilfelle. I fjor hadde Fædrelandsvennen eit stort oppslag med oversikt over dyktige kvinner frå Agder – kvinner som ordføraren i Kristiansand meinte vi burde løfte fram til nasjonale posisjonar. Det var eit flott initiativ. Men heller ikkje den oversikten inneheld kvinner med bakgrunn frå fagrørsla. Eg tok kontakt med redaksjonen og utfordra avisa til å løfte fram personar med verv i fagrørsla for å få større mangfald og breidde i samfunnsdebatten, men det var lite respons å få.

Dette er to eksempel som stadfestar eit generelt inntrykk av at personar og perspektiv frå fagrørsla ikkje står i fremste rekke når Fædrelandsvennen dekkjer ulike forhold i samfunnet. Arbeidsgivarsida, næringsorganisasjonar og ulike samfunnsaktørar blir ofte kontakta når avisa tar opp sentrale samfunnsspørsmål, men synspunkt frå fagrørsla glimrar ofte med sitt fråvær. Dette er ei uheldig usynleggjering av arbeidstakarorganisasjonane og den rolla dei spelar i den norske samfunnsmodellen som er grunnlaget for velferdssamfunnet vårt.

Fagrørsla er ein heilt sentral aktør i arbeidet for likestilling på alle nivå i arbeidslivet. Det er fagrørsla som har kjempa fram eit ordna arbeidsliv som gir alle, både kvinner og menn, anledning til å utvikle seg i sitt yrke. Skal vi lukkast i arbeidet for likestilling, er innsatsen til fagrørsla heilt avgjerande. I dag står kampen blant anna om heile faste stillingar i kvinnedominerte yrke i offentleg sektor. La oss vone at Fædrelandsvennen i større grad enn hittil tar med fagrørsla i sine spaltar, ikkje minst i den vidare debatten om likestilling i arbeidslivet i Agder.

Alf

Innlegget har stått på trykk i Fædrelandsvennen

Faktasjekk til erstatning for journalistikk?

Faktasjekk er ikkje noko nytt i norske media. Bergens Tidende og Aftenposten har lenge sjekka om politikarane har dekning for sine påstandar. Men no har det dukka opp ein nyskapning i denne sjangeren. Dei dominerande mediehusa har gått saman om ei stor nysatsing. Dei skulle ta fake news ved rota før fenomenet fekk fotfeste her på berget. Men er det det vi har fått?

Faktisk.no debuterte med ei rekke faktasjekkar som skil seg lite frå det avisredaksjonar har produsert tidlegare. Men når dommarane representerer ei samling av dei tyngste nasjonale media, er det ekstra viktig at dei evnar å skilje mellom politiske vurderingar og uomtvistelege fakta. Eit sentralt problemet så langt er at faktasjekkarane synast å ha ein altfor  vid definisjon av kva som kan faktasjekkast. Det kan lett bli vurderingar og finsikting av spissformuleringar. Vi kan lett elske fram politisk «korrekt» retorikk med «presise» definisjonar og ei rekke atterhald som gjer språket flatt og lite forståeleg for dei som ikkje er ekspertar. Men min forskarbakgrunn har eg nok ein tendens til å bruke slikt språk, menb eg er ikkje sikker på at det alltid er det som kommuniserer best.

Ein del av det som har blitt faktasjekka, er påstandar som ikkje alltid har ein eintydig fasit. Det er knapt noko eintydig svar på om Oslo har nok sjukeheimsplassar, for å ta eit eksempel. Slike påstandar har media alltid gripe fatt i med redaksjonell omtale eller  med meir djuptpløyande artiklar som går grundig inn i problematikken. Det er langt den beste måten å bidra til ein opplyst og truverdig debatt. Terningkast bringar debatten lite framover.

Skal faktisk.no gå inn i påstandar som ekspertar stridast om og bli ei form for overdommarar i den politiske debatten? Kva med påstandar om forhold som gjeld aukande forskjellar og effekten om eigedomsskatt. Kan ei gruppe journalistar setje karakter på utsegner som dei mest påleste ekspertane ikkje er i stand til å bli sande om?

Eg har ofte blitt forbanna over at media og politiske motstandarar vrir og vrenger på realitetane, men eg er ikkje sikker på at vi løyser dette med å faktasjekke ting som har i seg element av vurdering, og som krev eit sett av føresetnader for å kunne trekke ein konklusjon. Faktasjekk kan vere vel og bra og må gjerne bli ein del av den offentlege samtalen. Men når ein lagar ei gruppe nasjonale overdommarar, så set det spesielt store krav. Og vi ventar med spenning på den nyskapande satsinga for å knekke fake news.

 

Alf Holmelid

Statleg eigarskap er ikkje b-eigarskap

”Forhåpentligvis har han (Giske) lært at han hverken er en Kjell Inge Røkke, en Stein Erik Hagen eller en John Fredriksen. Selv om Giske er sjef for den største eierandelen i norsk næringsliv, er han kun en forvalter på vegne av oss andre. Han eier ikke mer enn folk flest.” Dette skreiv Dagens næringsliv på leiarplass sist torsdag. Eg er sjølvsagt samd i at regjeringa skal forvalte sitt eigarskap på vegne av folket. Men i motsetning til det som Dagens næringsliv impliserer, så har regjeringa rett og plikt til å utøve eit like aktivt og direkte eigarskap som ein privat eigar.

I saka om Aker og Aker Solutions understreka kontrollkomiteen i Stortinget verdien av at ”staten som eier, på linje med andre industrielle eiere, deltar aktivt og tydelig med klare, velbegrunnede og selvstendige standpunkter knyttet til større strategiske industrielle disposisjoner i selskapet.” Det er sjølvsagt ingen grunn til at staten som representerer folket, skal vere mindre aktiv enn ein privat eigar, sjølv om mange ambisiøse styreleiarar og administrerande direktørar gjerne skulle like å få knesett eit slikt prinsipp.

Støyen kring Telenok kan også sjåast som ein kamp for å passivisere det statlege eigarskapet.

Ein kortare versjon av dette innlegget stor på trykk i Dagens Næringsliv i dag.

Alf

Politisk korrekt svartmaling

Dei siste åra har norske media kappast om å klage over dårleg integrering av innvandrarar. TV og aviser er fulle av eksempel på kor dårleg det har gått. Høgrepopulistisk propaganda har blitt politisk korrekt i den norske mediekvardagen. Det er ikkje måte på kor dårleg det står til og kor mykje betre situasjonen er i marknadsliberalistiske og konservative land.

Difor var det med undring og glede eg las samandraget av Norsk Monitor i Aftenposten før helga. Der får vi vite at nordmenn blir stadig meir positive til innvandrarar. Jo fleire innvandrarar det er i eit lokalmiljø, jo meir positive er nordmenn til sine nye landsmenn. Det viser at den politisk korrekte svartmalinga blir avslørt når folk har høve til å gjere seg opp sine eigne meiningar basert på eigne erfaringar.

Faktum er at integreringa går relativt bra i Noreg i forhold til andre land som det er rimeleg å samanlikne seg med. Audun Lysbakken dokumenterte dette i ein brei gjennomgang av integreringspolitikken. Tal frå Statistisk Sentralbyrå viser klart at integreringa går betre jo lenger ei folkegruppe har vore i landet, sjølv om det er variasjonar.  Seinast i dag fekk vi presentert desse tala i eit program på P2 på NRK. Men det er ein heilt annan bodskap som dominerer TV-kanalane og framsidene i dei store avisene. Desto meir gledeleg er det at folk ikkje lar seg overkøyre av den politisk korrekte svartmalinga.

For å vere politisk korrekt, burde eg ha avslutta dette innlegget med ei presisering av at vi har langt att før vi kan vere nøgde med situasjonen, og at vi har mange skrekkeksempel på dårleg integrering og konsekvensane av den. Men det er det mange andre som brukar spalteplass på, så eg står over og vel å sjå det positive i denne fredelege påsketid.

Alf