Faktasjekk til erstatning for journalistikk?

Faktasjekk er ikkje noko nytt i norske media. Bergens Tidende og Aftenposten har lenge sjekka om politikarane har dekning for sine påstandar. Men no har det dukka opp ein nyskapning i denne sjangeren. Dei dominerande mediehusa har gått saman om ei stor nysatsing. Dei skulle ta fake news ved rota før fenomenet fekk fotfeste her på berget. Men er det det vi har fått?

Faktisk.no debuterte med ei rekke faktasjekkar som skil seg lite frå det avisredaksjonar har produsert tidlegare. Men når dommarane representerer ei samling av dei tyngste nasjonale media, er det ekstra viktig at dei evnar å skilje mellom politiske vurderingar og uomtvistelege fakta. Eit sentralt problemet så langt er at faktasjekkarane synast å ha ein altfor  vid definisjon av kva som kan faktasjekkast. Det kan lett bli vurderingar og finsikting av spissformuleringar. Vi kan lett elske fram politisk «korrekt» retorikk med «presise» definisjonar og ei rekke atterhald som gjer språket flatt og lite forståeleg for dei som ikkje er ekspertar. Men min forskarbakgrunn har eg nok ein tendens til å bruke slikt språk, menb eg er ikkje sikker på at det alltid er det som kommuniserer best.

Ein del av det som har blitt faktasjekka, er påstandar som ikkje alltid har ein eintydig fasit. Det er knapt noko eintydig svar på om Oslo har nok sjukeheimsplassar, for å ta eit eksempel. Slike påstandar har media alltid gripe fatt i med redaksjonell omtale eller  med meir djuptpløyande artiklar som går grundig inn i problematikken. Det er langt den beste måten å bidra til ein opplyst og truverdig debatt. Terningkast bringar debatten lite framover.

Skal faktisk.no gå inn i påstandar som ekspertar stridast om og bli ei form for overdommarar i den politiske debatten? Kva med påstandar om forhold som gjeld aukande forskjellar og effekten om eigedomsskatt. Kan ei gruppe journalistar setje karakter på utsegner som dei mest påleste ekspertane ikkje er i stand til å bli sande om?

Eg har ofte blitt forbanna over at media og politiske motstandarar vrir og vrenger på realitetane, men eg er ikkje sikker på at vi løyser dette med å faktasjekke ting som har i seg element av vurdering, og som krev eit sett av føresetnader for å kunne trekke ein konklusjon. Faktasjekk kan vere vel og bra og må gjerne bli ein del av den offentlege samtalen. Men når ein lagar ei gruppe nasjonale overdommarar, så set det spesielt store krav. Og vi ventar med spenning på den nyskapande satsinga for å knekke fake news.

 

Alf Holmelid

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s