Mørke skyer frå ytre høgre sig inn over oss, og Erna ser ut til å leve godt med det. Vi okkar oss over Trump og over framveksten av høgrepopulistiske part i Sør- og Aust-Europa. Men kva med tilsvarande haldningar som brer om seg her i landet? Det er på tide å ta til motmæle mot dei høgreekstreme haldningane før det er for seint, men Erna ligg lågt i terrenget.
Ein kommunepolitikar i Tønsberg skreiv nyleg eit lesarinnlegg med kalde gufs av raseteoriar frå mellomkrigstida. Til støtte for sitt syn viser ho til høgreekstreme nettstader som fråtsar i konspirasjonsteoriar om muslimar og andre som ikkje er i kategorien gode europearar. Og dette er ikkje noko soloutspel. Partiet hennar nektar å ta avstand frå innhaldet i innlegget!
Ein stortingsrepresentant deltok like før jul i debatt om innvandringspolitikk. Der hevda han at å gi mat til dei som svelt, berre fører til at det bli fleire som veks opp, og fleire som treng endå meir utviklingshjelp. Det er eit menneskesyn det er vanskeleg å finne ord for. I tillegg viser erfaring at problemstillinga er feil. Når folkegrupper kjem ut av botnlaus fattigdom og får betre helsestell, går fødselsraten ned.
Like før jul fekk vi ein ny minister som har ansvar for kva som er rett og galt her i landet. Han har utmerka seg med harde angrep på alle han meiner ikkje er gode nordmenn, enten der er samar eller muslimar. No må det vere på tide med eit nytt korstog, hevdar han. Og han står ved alt dette etter at han fekk plass ved kongens bord med ansvar for statens valdsmakt.
Erna ser ut til å trivast godt med at høgreekstreme standpunkt blir normalisert. Då ho møtte media før jul, viste ho ikkje teikn til uro over framveksten av høgreekstrema haldningar. Ho gjekk derimot til frontalangrep på biskopane fordi dei hadde bedt om ein tenkepause i utsending av mindreårige flyktningar til farlege område.
Høgreekstreme haldningar og rasistiske konspirasjonsteoriar har lenge florert på ulike sosiale media. Det nye er at desse haldningane kjem ut av krokane og blir plukka opp av etablerte politikarar på høgresida i norsk politikk. Det som for få år sidan var utenkeleg, har blitt mainstream under vengene til Erna. Kvar har det blitt av det verdikonservative Høgre og omsorga for menneskeverdet i Kristeleg folkeparti?
Alf
Ser det er mange som kommenterar innlegget der eg har lagt lenke på Facebook og Twitter. Kommenter gjerne her også.
LikerLiker