Tag Archives: Erna Solberg

Blir høgreekstremisme mainstream på  Erna si vakt?

ernaMørke skyer frå ytre høgre sig inn over oss, og Erna ser ut til å leve godt med det. Vi okkar oss over Trump og over framveksten av høgrepopulistiske part i Sør- og Aust-Europa. Men kva med tilsvarande haldningar som brer om seg her i landet? Det er på tide å ta til motmæle mot dei høgreekstreme haldningane før det er for seint, men Erna ligg lågt i terrenget.

Ein kommunepolitikar i Tønsberg skreiv nyleg eit lesarinnlegg med kalde gufs av raseteoriar frå mellomkrigstida. Til støtte for sitt syn viser ho til høgreekstreme nettstader som fråtsar i konspirasjonsteoriar om muslimar og andre som ikkje er i kategorien gode europearar. Og dette er ikkje noko soloutspel. Partiet hennar nektar å ta avstand frå innhaldet i innlegget!

Ein stortingsrepresentant deltok like før jul i debatt om innvandringspolitikk. Der hevda han at å gi mat til dei som svelt, berre fører til at det bli fleire som veks opp, og fleire som treng endå meir utviklingshjelp. Det er eit menneskesyn det er vanskeleg å finne ord for. I tillegg viser erfaring at problemstillinga er feil. Når folkegrupper kjem ut av botnlaus fattigdom og får betre helsestell, går fødselsraten ned.

Like før jul fekk vi ein ny minister som har ansvar for  kva som er rett og galt her i landet. Han har utmerka seg med harde angrep på alle han meiner ikkje er gode nordmenn, enten der er samar eller muslimar. No må det vere på tide med eit nytt korstog, hevdar han. Og han står ved alt dette etter at han fekk plass ved kongens bord med ansvar for statens valdsmakt.

Erna ser ut til å trivast godt med at høgreekstreme standpunkt blir normalisert. Då ho møtte media før jul, viste ho ikkje teikn til uro over framveksten av høgreekstrema haldningar. Ho gjekk derimot til frontalangrep på biskopane fordi dei hadde bedt om ein tenkepause i utsending av mindreårige flyktningar til farlege område.

Høgreekstreme haldningar og rasistiske konspirasjonsteoriar har lenge florert på ulike sosiale media. Det nye er at desse haldningane kjem ut av krokane og blir plukka opp av etablerte politikarar på høgresida i norsk politikk. Det som for få år sidan var utenkeleg, har blitt mainstream under vengene til Erna. Kvar har det blitt av det verdikonservative Høgre og omsorga for menneskeverdet i Kristeleg folkeparti?

Alf

Små eller store kollektivmidlar

image

Dette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen 6. august. 

Erna Solberg vil bruke dei store kollektivmidlane på byar som planlegg å bygge bybane. Kristiansand har satsa på bussmetro og vil dermed falle utanfor Høgre sitt opplegg. SV har peika på at dette vil stikke kjeppar i hjula for Kristiansand som kollektivby og miljøby. Førstekandidat for Høgre i Vest-Agder, Ingunn Foss, prøver å tilbakevise dette i eit innlegg her i avisa sist laurdag. Men ho har lite nytt å komme med.

Foss legg vekt på at Høgre har gått inn for å auke belønningsmidlane til kollektivtransport til ein milliard kroner om året, og at Kristiansand kan få glede av det. Men poenget er at belønningsmidlane berre er ein liten del av dei totale midlane til kollektivsatsing i byområde. I Nasjonal transportplan er det sett av ni milliardar kroner til belønningsmidlar.Men totalt er det sett av tre gonger så mykje til kollektivtransport i byregionar. Regjeringa legg opp til at Kristiansand kan søkje på heile beløpet, men Høgre meiner dei må nøye seg med belønningsmidlane som utgjer om lag ein tredel.

Med SV i regjering har støtta til kollektivtransport auka kraftig. Kristiansandsregionen er blant dei som har fått mest. Men med Erna Solberg i statsministerstole vil Kristiansand falle utanfor når det er snakk om dei store midlane. Med dette utgangspunktet blir det vanskeleg å behalde posisjonen som ein leiande kollektivby. Kristiansand har valt å satse på bussmetro framfor bybane. Det er ingen grunn til at byen skal straffast for dette valet som er basert på lokale forhold.

Foss tar også opp industri og miljøteknologi. SV og underteikne har i fleire tiår argumentert for at god miljøpolitikk er god næringspolitikk. No er dette synet i ferd med å få gjennomslag. Vi har fått på plass ei miljøteknologiordning i Innovasjon Noreg, og den har Sørlandet hatt stor glede av. I klimameldinga har vi fått gjennomslag for at  teknologiutvikling er ein viktig del av klimasatsinga og for å etablere eit klimateknologifond. SV kjempar for å styrke desse ordningane. Det er hyggeleg at Høgre no støttar opp om dette.

Førstekandidaten til Høgre er til sist innom næringspolitikk. Mitt inntrykk er at næringslivetpå Sørlandet ser positivt på at landsdelen endeleg har fått ein person med langindustrierfaring i næringskomiteen på stortinget. Dette er tilbakemeldingar vi har fått både frå tillitsvalde og leiarar, også frå bedrifter i Foss sin heimekommune. Å ha eit perspektiv utover oljealderen er inga hindring, men tvert i mot ein viktig føresetnad for å utvikle ein langsiktig næringspolitikk, som det også er for å utvikle ein langsiktig samferdselspolitikk.

Alf

Erna Solberg – ein trussel mot industrien

Dette innlegget står på trykk i Klassekampen i dag.

Skal vi utvikle europeisk industri må vi ta større klimakutt innanlands sa klimakommisæren i EU, Connie Hedegaard, på klimakonferansen til ZERO nyleg. Dersom vi tar alle kutta i utlandet, vil den teknologiske utviklinga komme der, og europeisk industri vil miste sit teknologiske forsprang og si konkurranseevne, sa ho. Dette er ei erkjenning som gradvis er i ferd med å trenge inn også i den norske debatten.

God klima- og miljøpolitikk er god næringspolitikk. Alternativet til ein offensiv klimapolitikk kan bli eit avindustrialisert Noreg når oljealderen går mot slutten. Norsk industri er avhengig av å vere heilt i front teknologisk for å vere konkurransedyktig. Då industrien møtte strenge miljøkrav i sytti- og åttiåra, var det mange som spådde at den ville bukke under. Men bedriftene møtte ufordringane med offensiv teknologiutvikling, og resultatet blei styrka konkurransekraft i tillegg til betre miljø.  No står vi overfor eit nytt stort teknologisprang. Jo lenger vi ventar med å møte denne utfordringa, jo større er faren for at andre går forbi oss.

Det er ikkje berre klimakommisær Hedegaard som har innsett at vi må møte klimautforringane med innanlandske kutt og ei offensiv satsing på teknologiutvikling. Norsk Industri med Stein Lier-Hansen i spissen har komme med liknande synspunkt. Bransjeorganisasjonen ønskjer eit klimatiltaksfond og forpliktande samarbeid med styresmaktene for å  møte utfordringane med teknologisk innovasjon. Mange i fagrørsla er også opptatt av at vi må få på plass eit klimatiltaksfond  dersom norsk industri skal ha ei lys framtid. I tillegg til å redusere utsleppa, må vi ta posisjonar i den veksande marknaden for miljøteknologi. I EU er det i følgje klimakommisær Hedegaard skapt tre hundre tusen jobbar innan miljøvennleg energi og miljøteknologi dei fem siste åra. Vi må vere med på denne utviklinga. Det er for seint å hoppe på denne vogna når oljealderen er over.

Klimakommisær Connie Hedegaard var opptatt av at det er viktig å ha klare mål for å få til nødvendig omstilling og utvikling. Høgreleiar Erna Solberg, som også deltok på ZERO-konferansen, hadde det motsette utgangspunkt. Ho er i mot å setje mål for klimakutt i oljesektoren og industrisektoren. Dette er ikkje berre ein trussel mot klimaforliket. Det kan også bli ein trussel mot nødvendig omstilling og teknologiutvikling i industrien.

Norsk oljeindustri er i internasjonal verdsklasse, og den har ein dominerande plass i norsk økonomi. Det er viktig å ha ein allsidig industri som gjer oss mindre sårbare, og som kan ta i bruk kompetanse frå oljesektoren når oljealderen går mot slutten. Dersom industrien blir borte, vil mange av våre forskingsmiljø og kompetansetunge spesialbedrifter forsvinne. Vi kan også miste vår evne til å utvikle klimavennleg teknologi som kan bidra til kutt i andre land. God klimapolitikk og framtidsretta industripolitikk er to sider av same sak. Når Erna Solberg sår tvil om klimasatsinga, er det ikkje berre ein trussel mot miljøet. Det er også ein trussel mot eit framtidsretta næringsliv og arbeidsplassar.

Alf

Frekt dobbeltspel av Høgre i klimapolitikken

Under forhandlingane om klimaforliket mellom partia på Stortinget ønska Høgre at vi skulle kutte innanlandske klimautslepp meir enn det avtalen ende opp med. Dette har dei ofte skrytt av seinare, og dei er stadig ute med kritiske kommentarar når dei meiner å sjå teikn på at andre ikkje følgjer opp klimaforliket.

Men når realitetane og konsekvensane kjem på bordet, får pipa ein annan lyd. Vi ser stadig oftare at sentrale høgrefolk går ut med forslag om å gå bort i frå klimaforliket for å få plass til sine hjartesaker. Sist ut var Frank Bakke-Jensen som er representerer Høgre i Næringskomiteen (Dagens Næringsliv 6. juni). Han vil gå bort i frå klimaforliket for å få plass til gasskraftverk utan CO2-rensing.

Dette er ein freidig dobbeltkommunikasjon for å få både i pose og sekk. På den eine sida slår en seg på brystet for innhaldet i klimaavtalen. På den andre sida sender partiet ut tydelege signal om at dei kan gå bort i frå avtalen når det passar sektorpolitikarane.

Dette er ein form for dobbeltkommunikasjon som mildt sagt vil gjere det vanskeleg å diskutere seriøst korleis vi skal nå våre felles klimamål. Derfor må Erna Solberg på bana og avklare kvar partiet står slik at dei ulike sektorpolitikarane må halde seg til dei same rammevilkåra som partileiinga og oss andre.

Alf