Dette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen 6. august.
Erna Solberg vil bruke dei store kollektivmidlane på byar som planlegg å bygge bybane. Kristiansand har satsa på bussmetro og vil dermed falle utanfor Høgre sitt opplegg. SV har peika på at dette vil stikke kjeppar i hjula for Kristiansand som kollektivby og miljøby. Førstekandidat for Høgre i Vest-Agder, Ingunn Foss, prøver å tilbakevise dette i eit innlegg her i avisa sist laurdag. Men ho har lite nytt å komme med.
Foss legg vekt på at Høgre har gått inn for å auke belønningsmidlane til kollektivtransport til ein milliard kroner om året, og at Kristiansand kan få glede av det. Men poenget er at belønningsmidlane berre er ein liten del av dei totale midlane til kollektivsatsing i byområde. I Nasjonal transportplan er det sett av ni milliardar kroner til belønningsmidlar.Men totalt er det sett av tre gonger så mykje til kollektivtransport i byregionar. Regjeringa legg opp til at Kristiansand kan søkje på heile beløpet, men Høgre meiner dei må nøye seg med belønningsmidlane som utgjer om lag ein tredel.
Med SV i regjering har støtta til kollektivtransport auka kraftig. Kristiansandsregionen er blant dei som har fått mest. Men med Erna Solberg i statsministerstole vil Kristiansand falle utanfor når det er snakk om dei store midlane. Med dette utgangspunktet blir det vanskeleg å behalde posisjonen som ein leiande kollektivby. Kristiansand har valt å satse på bussmetro framfor bybane. Det er ingen grunn til at byen skal straffast for dette valet som er basert på lokale forhold.
Foss tar også opp industri og miljøteknologi. SV og underteikne har i fleire tiår argumentert for at god miljøpolitikk er god næringspolitikk. No er dette synet i ferd med å få gjennomslag. Vi har fått på plass ei miljøteknologiordning i Innovasjon Noreg, og den har Sørlandet hatt stor glede av. I klimameldinga har vi fått gjennomslag for at teknologiutvikling er ein viktig del av klimasatsinga og for å etablere eit klimateknologifond. SV kjempar for å styrke desse ordningane. Det er hyggeleg at Høgre no støttar opp om dette.
Førstekandidaten til Høgre er til sist innom næringspolitikk. Mitt inntrykk er at næringslivetpå Sørlandet ser positivt på at landsdelen endeleg har fått ein person med langindustrierfaring i næringskomiteen på stortinget. Dette er tilbakemeldingar vi har fått både frå tillitsvalde og leiarar, også frå bedrifter i Foss sin heimekommune. Å ha eit perspektiv utover oljealderen er inga hindring, men tvert i mot ein viktig føresetnad for å utvikle ein langsiktig næringspolitikk, som det også er for å utvikle ein langsiktig samferdselspolitikk.
Alf