Redaktøren i Fædrelandsvennen, Eivind Ljøstad, skriv om ytringskulturen i Kristiansand, og om kva vi har lært av detæ overraskande valresultatet. Han har mange gode poeng om den generelle utviklinga i samfunpnet. Forskjellane aukar, og fleire lever i fattigdom i byen vår. Dei vedteknesanningane dominerer i det offentlege ordskiftet, og mange kjenner seg makteslause. Men eg saknar ein meir konkret analyse av situasjonen i Kristiansand og ei meir kritisk vurdering av kva som er avisa si rolle i den.
Når det gjeld valresultatet, så støttar eg den analysen som Vidar Udjus har presentert tidlegare – at valet delvis var eit protestval som vi også såg i ein del andre kommunar. Eg trur mange i Kristiansand kjenner på at byen er dominert av ein konsensuskultur som går tvers igjennom politikk, kultur, næringsliv og media. Som innflyttar og mangeårig opposisjonspolitikar så har eg sjølv kjent på det. I ein del situasjonar kan det vere bra, men som system er det ekskluderande og konserverande, og bobla kan sprekke.
Ljøstad skriv blant anna: «Fædrelandsvennen er for byutvikling, men det betyr ikke at vi dermed er en del av en elite som styrer byen.» Greit nok. Men det er sjeldan avisa har vore usamd med den høgrepolitikken som har dominert byen i mange tiår. Det viktigaste er like vel mangelen på kritisk og nyansert journalistikk også om saker som avisa støttar på leiarplass. Det er spesielt viktig for ei avis som har tilnærma monopol.
La oss ta ei sak eg har jobba mykje med – samferdselspolitikk. Fædrelandsvennen skriv spalte opp og spalte ned om vegbygging, men du skal leite lenge etter ei setning som er kritisk til dagens kompakte majoritet i desse reportasjane. Artiklane liknar ofte på pressemeldingar frå Nye Vegar. Avisa har vel heller ikkje hatt særleg med kritisk journalistikk om store byutviklingssaker som Gartnerløkka, hamna og Kunstsiloen, samt dei stadige brota på vedtekne planar for å tekkast utbyggarar. Med den mediesituasjonen vi har i Kristiansand, blir det dermed vanskeleg å orientere seg om viktige saker for byen.
Ei anna stor sak i det siste er kommunesamanslåinga. Her var det ein offensiv majoritet som mange oppfatta at Fædrelandsvennen var ein del av. Folk i utkantane var uroa over utsiktene til sentralisering og marginalisering. Men det var lite rom for kritikk og alternative vurderingar. Her skulle det sparast pengar, og vi skulle bli meir robuste. Men det var ingen som spurde korleis vi skulle spare pengar, og ingen har sjekka om vi har utsikter til å spare pengar.
Ljøstad skriv også at det ikkje er avisa si oppgåve å forsvare makta. Det kan godt vere at det er intensjonen, men er det alltid slik? Nyleg hadde avisa eit stort oppslag om utelivsbransjen i Kristiansand. Vi fekk presentert krava til «heile utelivsbransjen» over to sider. Men det avisa kalla heile utelivsbransjen, var eigarane. Ingen tilsett eller representant for fagrørsla kom til ordet. Dette er berre eit av mange eksempel på at arbeidstakarsida er nedprioritert i forhold til arbeidsgivarsida. Er ikkje det å støtte opp om makta?
Så har Fædrelandsvennen valt å legge ned kommentarfeltet på nett. Det var mykje ufint der, men slike plattformer er ein viktig ventil for misnøye med makta. Ikkje alle set seg ned og skriv lesarinnlegg. Mange som kontaktar meg, seier at det er flott at eg skriv i avisa for dei orkar ikkje. Eg trur det er behov for å få tilbake ei eller anna form for debattflate som kan skape ein felles arena, og som fangar breiare og er meir redaktørstyrt enn sosiale media
Det burde ikkje vere nødvendig for ei avis å erklære at den ikkje er ein del av eliten som styrer byen, og at den ikkje forsvarar makta. Det burde lyse frå spaltene dagleg.
Alf Holmelid
Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen 31. august