Tag Archives: miljørørsle

Rettferdig grøn omstilling

Klimakrisa rykker stadig nærare, og FN etterlyser meir handlekraft i arbeidet for omstilling til nullutsleppssamfunnet.  For Norge som er så avhengig av oljeindustrien, kan omstillinga bli ekstra krevjande. Skal vi sikre arbeid til alle og trygge norsk økonomi, må vi få fart på arbeidet med å bygge opp ein grøn industri og eit grønt næringsliv. Det kan bli ein krevjande prosess med store endringar for den enkelte. Ingen kan love at det blir enkelt. Men vi bør love kvarandre at solidaritet og rettferd skal vere grunnmuren for den grøne omstillinga. Vi må ha eit ordna arbeidsliv med ei sterk fagrørsle som står opp for arbeidstakarane sine rettar. Eit samfunn med store forskjellar vil ikkje klare å skape tilstrekkeleg støtte for nødvendig omstilling.

I 2017 var over 170 000 personar direkte eller indirekte sysselsatt i petroleumssektoren i Norge. Over 20% av staten sine inntekter vil komme frå olje- og gassverksemda i 2019. Næringa står for 16% av vårt brutto nasjonalprodukt og 40% av all eksport. Dette viser at vi stå overfor ei formidabel oppgåve når vi skal  skape eit nytt grønt næringsliv som kan kompensere for den forventa reduksjonen i oljeaktiviteten. Samtidig må all anna industri og næringsaktivitet legge om til meir miljøvennleg produksjon og drift. Det er ei omstilling vi knapt har sett maken til i nyare tid.

Dagens regjering vil overlate omstillinga til marknaden, men den er lite eigna som motor for radikal omstilling. Vi treng ein aktiv statleg næringspolitikk når situasjonen krev teknologiutvikling og industriutvikling med høg risiko.vi fant olje i Nordsjøen og stod overfor ei stor industriomstilling, spelte den statlege industripolitikken ei sentral rolle. Den la grunnlaget for framveksten av eit norsk industrieventyr med ein verdsleiande  leverandørindustri. I dag står vi overfor ei ny og endå større omstilling som krev tilsvarande politisk handlekraft. Norsk industri er i verdstoppen på grunn av si omstillingsevne og ein aktiv næringspolitikk. Det er eit godt utgangspunkt for å møte dei nye utfordringane. Vi må ta vare på folka og kompetansen.

Den grøne omstillinga er ikkje berre store tal. Det er enkeltmenneske som skal skape den og leve med den. Skal vi løfte i flokk og yte vårt beste, må vi ha tillit til at byrdene og goda blir nokolunde rettferdig fordelt. Eit arbeidsliv med midlertidige tilsetjingar, tilkallingsvikarar og motstand mot organisering og tariffavtaler gir ikkje den tryggleiken som skal til for å skape engasjement for nødvendig omstilling. Vi må ha ei sterk fagrørsle og eit ordna arbeidsliv så folk slepp å stå åleine i vanskelege omstillingsprosessar. Den norske modellen med samarbeid mellom partane i arbeidslivet og regjeringa er som skapt for å takle storeomstillingar. Derfor må vi styrke og ikkje svekke trepartssamarbeidet slik dagens regjering legg opp til.

Vi må utvikle eit arbeidsliv som verdset arbeidstakarane, og der både statar og bedrifter investerer i kompetansen deira. Dette sa ungdomskandidat Dagfinn Svanøe frå El og IT Forbundet på den europeiske fagforeiningskongressen. Han viste til at det i IT-bransjen i Noreg alt er tendensar til å skifte ut tilsette i takt med behovet for nye system. Det er ikkje vegen å gå om vi skal makte å gjennomføre nødvendig omstilling med støtte frå dei tilsette. Mange kjenner frykt for at dei skal få dårlegare jobbar eller bli arbeidslause når vi skal legge om til eit grønare næringsliv. Eit nasjonal løft for etter- og vidareutdanning er heilt avgjerande dersom vi skal få til ei omstilling utan å skyve folk ut av arbeidslivet.

Tillit mellom folk og styresmaktene er ein grunnleggande føresetnad for å løyse store samfunnsutfordringar. Omstilling vil alltid skape uro for arbeid og inntekt. Derfor er det heilt avgjerande å ha ein effektiv fordelingspolitikk og ein sterk velferdsstat som kan skape den samfunnstilliten og den tryggleik som motiverer til innsats og nytenking. Store forskjellar er gift for solidariteten og for fellesskapet. Derfor vil dagens regjering med sin politikk for større forskjellar aldri komme i mål med det grøne skiftet.

Den grøne omstillinga av næringslivet er ikkje berre eit spørsmål om teknologi og investeringsmidlar. Det er eit spørsmål om å skape eit samfunn der ein deler byrdene og goda på ein måte som folk oppfattar som rettferdig, og der arbeidsfolk har tillit til at dei blir verdsatt og tatt på alvor. Då kan vi få eit breitt engasjement for å skape eit næringsliv som møter klimautfordringane før det er for seint.

Alf Holmelid

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.