Tag Archives: Rettferdig

Rettferdig grøn omstilling

Tida er i ferd med å gå i frå oss dersom vi skal klare å ta vare på klimaet for våre barn og barnebarn. Vi har prata og somla så lenge at vi no må setje i verk kraftige tiltak for å nå klimamåla våre. Samtidig har vi fått ein diskusjon om korleis vi skal sikre rettferdig fordeling av fordelar og ulemper ved klimatiltak. I utgangspunktet er det brei semje om at vi må få til ei rettferdig grøn omstilling. Men vi slit med å komme fram til korleis det skal gjerast i praksis. Det er lettare å peike på problem med foreslåtte klimatiltak enn å presentere realistiske alternativ. Korleis kjem vi ut av denne handlingslamminga før det er for seint?

Avgifter som skal stimulere til miljøvennleg forbruk og bidra til å redusere utslepp av klimagassar, er omstridt. Flate avgifter råkar alle likt og får dermed ein usosial profil. Dette er dei fleste samde om. Det store spørsmålet er om det er mogeleg å kompensere for dette, eller om det finst andre alternativ som har betre fordelingsprofil og like god klimaeffekt. Skal vi nå klimamåla, må vi utvikle ein klimapolitikk som er effektiv og solidarisk.

Flate avgifter er ikkje noko nytt her i landet. Meirverdiavgifta er ei flat avgift som har til formål å skaffe inntekter til statskassa. Vi har også avgifter som skal påverke vanane til folk. Tobakksavgift og sukkeravgift er eksempel på slike avgifter.  Det har alltid vore kritikk av fordelingseffekten av flate avgifter. Men kritikken har blitt møtt med at vi tar vare på fordelingspolitikken gjennom det progressive skattesystemet og ved å satse på velferdsgode som gratis skole og helse.

I forbindelse med innføring av klimaavgifter, spesielt dei som er knytte til bil, har vi fått ein fornya debatt om den negativ fordelingseffekten av flate avgifter. Det kan ha mange årsaker. Dette er avgifter som kjem på toppen av dei vi har frå før, og dei er lett synlege i vår kvardag. Folk likar ikkje at ei god sak som miljø skal ha negative effektar. I tillegg får vi eit samanfall i standpunkt mellom dei som er i mot klimatiltak,og dei som er genuint opptatt av fordeling.

Miljørørsla bør helse debatten om fordeling og klima velkommen. Ingen ting er betre enn om klimadebatten kan bidra til å løfte fordelingsdebatten. Det treng vi i eit samfunn der forskjellane stadig aukar. Men miljørørsla må komme på offensiven med konkrete forslag som folk har tillit til. I motsett fall vil klimaskeptikarane overta arenaen med sin skepsis til alle former for klimatiltak.

Dersom vi skal klare å få til ei rettferdig omstilling, så må vi ha ein basis med kraftig omfordeling gjennom skattesystemet kombinert med gode velferdstilbod. Dei som meiner alvor med rettferdig grøn omstilling, må derfor kjempe for ein meir omfordelande skattepolitikk og meir midlar til velferd. Men eg trur ikkje det er tilstrekkeleg. 

Det er nok mogeleg å erstatte enkelte avgifter med reguleringar, og vi kan leite etter løysingar som reduserer dei sosiale ulempene. Men eg trur ikkje vi kjem i mål utan å gå nye vegar. Vi må ha ei sterkare kopling mellom klimatiltaka og fordelingspolitikken for å sikre folkeleg støtte til nødvendig omstilling. Samtidig må vi ha eit system som ikkje tar bort insentiva til å legge om i miljøvenleg retning. 

Grøn folkebonus er ei slik løysing. Systemet går ut på at ein del av inntektene frå klimaavgifter blir tilbakebetalt direkte til dei som har låge inntekter. Ordninga kan utformast på mange måtar. Det er blant anna mogeleg å ta geografiske omsyn dersom det er gode grunnar for det. Poenget er at vi tar vare på formålet med klimaavgiftene samtidig som vi bygger inn ein god fordelingseffekt.

Folkebonus er ein variant av Karbonskatt til fordeling som blei lansert i USA for over ti år sidan, og som har vore diskutert i mange land. Eg har tidlegare tenkt at dette er ei ordning som passar best i USA og andre land der dei i utgangspunktet har ein svak fordelingspolitikk. Her i landet har vi system for omfordeling om politikarane vil. Men etter å ha sett korleis klimadebatten utviklar seg, har eg komme til at klima og fordeling må koplast sterkare saman også her i landet. Dessutan vil klimatiltaka etter kvart bli så omfattande at dei ikkje kan haldast utanfor fordelingspolitikken.

Skal vi nå klimamåla før det er for seint, så må vi ha ein offensiv fordelingspolitikk. Vi treng ein meir omfordelande skattepolitikk og ein grøn folkebonus eller liknandeordningar med direkte kopling mellom fordeling og klima. Det kan mobilisere brei støtte til grøn omstilling og krav om at ein ikkje avviser nødvendige klimatiltak utan å presentere alternativ.

Alf Holmelid

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag

Rettferdig grøn omstilling

Klimakrisa rykker stadig nærare, og FN etterlyser meir handlekraft i arbeidet for omstilling til nullutsleppssamfunnet.  For Norge som er så avhengig av oljeindustrien, kan omstillinga bli ekstra krevjande. Skal vi sikre arbeid til alle og trygge norsk økonomi, må vi få fart på arbeidet med å bygge opp ein grøn industri og eit grønt næringsliv. Det kan bli ein krevjande prosess med store endringar for den enkelte. Ingen kan love at det blir enkelt. Men vi bør love kvarandre at solidaritet og rettferd skal vere grunnmuren for den grøne omstillinga. Vi må ha eit ordna arbeidsliv med ei sterk fagrørsle som står opp for arbeidstakarane sine rettar. Eit samfunn med store forskjellar vil ikkje klare å skape tilstrekkeleg støtte for nødvendig omstilling.

I 2017 var over 170 000 personar direkte eller indirekte sysselsatt i petroleumssektoren i Norge. Over 20% av staten sine inntekter vil komme frå olje- og gassverksemda i 2019. Næringa står for 16% av vårt brutto nasjonalprodukt og 40% av all eksport. Dette viser at vi stå overfor ei formidabel oppgåve når vi skal  skape eit nytt grønt næringsliv som kan kompensere for den forventa reduksjonen i oljeaktiviteten. Samtidig må all anna industri og næringsaktivitet legge om til meir miljøvennleg produksjon og drift. Det er ei omstilling vi knapt har sett maken til i nyare tid.

Dagens regjering vil overlate omstillinga til marknaden, men den er lite eigna som motor for radikal omstilling. Vi treng ein aktiv statleg næringspolitikk når situasjonen krev teknologiutvikling og industriutvikling med høg risiko.vi fant olje i Nordsjøen og stod overfor ei stor industriomstilling, spelte den statlege industripolitikken ei sentral rolle. Den la grunnlaget for framveksten av eit norsk industrieventyr med ein verdsleiande  leverandørindustri. I dag står vi overfor ei ny og endå større omstilling som krev tilsvarande politisk handlekraft. Norsk industri er i verdstoppen på grunn av si omstillingsevne og ein aktiv næringspolitikk. Det er eit godt utgangspunkt for å møte dei nye utfordringane. Vi må ta vare på folka og kompetansen.

Den grøne omstillinga er ikkje berre store tal. Det er enkeltmenneske som skal skape den og leve med den. Skal vi løfte i flokk og yte vårt beste, må vi ha tillit til at byrdene og goda blir nokolunde rettferdig fordelt. Eit arbeidsliv med midlertidige tilsetjingar, tilkallingsvikarar og motstand mot organisering og tariffavtaler gir ikkje den tryggleiken som skal til for å skape engasjement for nødvendig omstilling. Vi må ha ei sterk fagrørsle og eit ordna arbeidsliv så folk slepp å stå åleine i vanskelege omstillingsprosessar. Den norske modellen med samarbeid mellom partane i arbeidslivet og regjeringa er som skapt for å takle storeomstillingar. Derfor må vi styrke og ikkje svekke trepartssamarbeidet slik dagens regjering legg opp til.

Vi må utvikle eit arbeidsliv som verdset arbeidstakarane, og der både statar og bedrifter investerer i kompetansen deira. Dette sa ungdomskandidat Dagfinn Svanøe frå El og IT Forbundet på den europeiske fagforeiningskongressen. Han viste til at det i IT-bransjen i Noreg alt er tendensar til å skifte ut tilsette i takt med behovet for nye system. Det er ikkje vegen å gå om vi skal makte å gjennomføre nødvendig omstilling med støtte frå dei tilsette. Mange kjenner frykt for at dei skal få dårlegare jobbar eller bli arbeidslause når vi skal legge om til eit grønare næringsliv. Eit nasjonal løft for etter- og vidareutdanning er heilt avgjerande dersom vi skal få til ei omstilling utan å skyve folk ut av arbeidslivet.

Tillit mellom folk og styresmaktene er ein grunnleggande føresetnad for å løyse store samfunnsutfordringar. Omstilling vil alltid skape uro for arbeid og inntekt. Derfor er det heilt avgjerande å ha ein effektiv fordelingspolitikk og ein sterk velferdsstat som kan skape den samfunnstilliten og den tryggleik som motiverer til innsats og nytenking. Store forskjellar er gift for solidariteten og for fellesskapet. Derfor vil dagens regjering med sin politikk for større forskjellar aldri komme i mål med det grøne skiftet.

Den grøne omstillinga av næringslivet er ikkje berre eit spørsmål om teknologi og investeringsmidlar. Det er eit spørsmål om å skape eit samfunn der ein deler byrdene og goda på ein måte som folk oppfattar som rettferdig, og der arbeidsfolk har tillit til at dei blir verdsatt og tatt på alvor. Då kan vi få eit breitt engasjement for å skape eit næringsliv som møter klimautfordringane før det er for seint.

Alf Holmelid

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.