Tag Archives: Omstilling

Industribygging eller avindustrialisering

Ein sterk industrisektor er ein viktig berebjelke for å møte dei utfordringane Noreg står overfor. Mange land i Europa satsar no på å bygge opp att ein industrisektor som har blitt forsømt over lang tid. Stadig fleire innser at industrien er eit viktig element i ein berekraftig økonomi. Her i landet er industridelen av verdiskapinga lågare enn gjennomsnittet i EU. Det er på tide med ei brei industrisatsing for å sikre vår framtid som industrinasjon.

Noreg har ein open økonomi, og vi treng ein konkurransedyktig industri som kan sikre nødvendige eksportinntekter. Det blir stadig viktigare når aktiviteten i oljesektoren blir redusert dei kommande tiåra. I tillegg til å vere ei viktig eksportnæring har industrien hatt ei viktig rolle i utviklinga av den norske samfunnsmodellen. Dei tilsette i industrien har ofte stått i første rekke i kampen for faglege rettar og rettferdig fordeling, noko som har medverka til at vi har eit samfunn med moderate forskjellar og stor samfunnstillit.

Over lang tid har vi sett ei utvikling der industriproduksjon har blitt flytta til lågkostland. Mange har hevda at det er ei naturleg utvikling. Vi kan leve av engineering og teknologiutvikling, har det blitt hevda. Men det viser seg etter kvart at det ikkje er så enkelt. Utan eit nært forhold til produksjonen er det ikkje mogeleg å vere leiande på teknologiutvikling og ha innsikt nok til å bli førande på grøn omstilling. Derfor bør vi bruke oppbygginga etter koronakrisa til å utvikle ein brei grøn teknologi- og industripolitikk.

Prosessindustrien har lange og stolte tradisjonar i Noreg og på Sørlandet. For nokre tiår sidan var det mange som spådde at den ville forsvinne til lågkostland, men bransjen satsa på teknologiutvikling og blei verdsleiande på renseteknologi og miljøvenleg produksjon. I dag er det ein livskraftig industri med spennande utsikter for framtida. Norsk prosessindustri i samarbeid med norske forskingsmiljø er i posisjon til å utvikle teknologi for utsleppsfri metallproduksjon. Produksjon av materiale står for store utslepp globalt, så dette er eit viktig klimatiltak med globalt perspektiv.

Det ser no ut til at det kan bli etablert batteriproduksjon med fleire hundre arbeidsplassar her i landet. Det er ei naturleg utvikling for eit land som satsar på elektrifisering. Men vi kan ikkje stoppe der. Skal elektrifisering og batteriproduksjon vere berekraftig, må vi etablere industri for resirkulering av batteri. Slik sirkulær økonomi bør ligge godt til rette for norsk industri som har lange tradisjonar for å tenke miljø og resirkulering.

Norsk oljeleverandørindustri som bygger på lange tradisjonar innan skipsbygging, er teknologisk leiande med ein global marknad. Dei seinare åra har bedrifter i denne bransjen satsa ein del på nye marknader som fornybar energi, transport, anlegg og utsyr til fiskeoppdrett. Denne utviklinga såg vi tydeleg etter det kraftige fallet i oljepris i 2014. Leverandørindustrien er ein dominerande del av norsk industri, og det er viktig å legge til rette for at den kan finne nye område for sin kompetanse og produksjonskapasitet når oljeaktiviteten blir redusert.

Nyleg skreiv ei rekke personar frå fagrørsla, bransjeorganisasjonar og miljøorganisasjonar under på eit opprop. Dei peika på at mindre bedrifter som satsar på energiøkonomisering og solenergi, har blitt gløymde i krisepakkane til næringslivet. Ein robust industristruktur treng eit mangfald av bedrifter, både store og små, både industribedrifter og handverksbedrifter. Det skaper arbeidsplassar kring om i heile landet og skaper grobotn for nytenking og produktutvikling.

Dei fleste er samde i at norsk industri og norsk økonomi står overfor ei stor omstilling dersom vi skal ta vare på klima og miljø og sikre langsiktig sysselsetting i industrien. Det vil krevje at vi har ein aktiv næringspolitikk som legg til rette for vidareitvikling og omstilling av leverandørindustrien. Men vi må også satsar på å utvikle fleire bransjar som er viktige for norsk økonomi og ei berekraftig industriutvikling. Vi har sett at det her i landet er mangel på langsiktig industriell kapital som kan støtte opp om ei slik utvikling. derfor treng vi ein grøn industribank som kan vere med på langsiktige strategiske investeringar i norsk industri.

Koronakrisa har råka mange bedrifter hardt, og den har vist oss kor viktig staten er når det røyner på. La oss bruke denne situasjonen til å utvikle ein brei miljøvennleg industripolitikk som kan sikre vår framtid som industrinasjon når oljeaktiviteten blir redusert. Dersom vi ikkje brukar denne sjansen, så kan vi stå overfor ei gradvis nedbygging av norsk industri og ein vanskeleg økonomisk situasjon for landet.

Alf

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen

 

 

Vi bør lære av vår industrihistorie

MiljøognæringHeile 80% av norske bedrifter trur ikkje at dei kan gjere forretning på berekraft. Det viser ei undersøking som Nordea gjennomførte nyleg. Dette er skuffande tal – ikkje berre for klima og miljø, men for framtida til norsk industri og næringsliv. Vi står i fare for å komme bakpå i den omfattande omstillinga vi står overfor når oljealderen går mot slutten. Skal vi komme styrka gjennom denne dramatiske omstillinga, så må vi ligge i forkant med teknologiutvikling og posisjonering i nye marknader. Det har vår nære industrihistorie lært oss.

Satt litt på spissen så kan vi seie at miljøkrava på åttitalet var med på å redde norsk industri, ikkje minst prosessindustrien. Noreg var tidleg ute med miljøreguleringar, og vi fekk ei teknologiutvikling som styrka konkurransekrafta i tillegg til å redusere belastninga på miljøet. No er det brei semje om at vi står overfor ei større omstilling for norsk industri. Spørsmål er om vi også denne gangen klarer å vere tidleg ute og ta ein leiande posisjon som sikrar konkurranseevna.

Då miljøkrava kom på sytti- og åttitalet, møtte dei sterk motstand. Mange politikarar, bedriftsleiarar og tillitsvalde åtvara mot krava som dei meinte kunne rasere mange arbeidsplassar. Det var uheldig å ligge i front med strenge miljøkrav, blei det hevda. Konsekvensen ville bli auka kostnader, industridød og utflagging. Men miljøkrava kom – gradvis og i kombinasjon med støtteordningar. Industrien tok utfordringa, og det utløyste ei storstilt teknologiutvikling og eit omfattande kvalitetsarbeid.

I prosessindustrien som var min arbeidsplass på den tida, fekk vi eit teknologiløft som styrka konkurransekrafta i tillegg til å løyse miljøutfordringane. Den offensive teknologisatsinga førte til redusert energiforbruk og betre produktkvalitet. Som ein kollega av meg sa: då vi leita etter årsakene til skadelege utslepp, så fant vi ofte mange andre manglar i prosessen. Utan dei offensive miljøkrava og ei satsing som låg i forkant av andre industriland, så hadde vi knapt hatt ein konkurransedyktig prosessindustri i Noreg i dag.

Dette er erfaringar som vi må ta med oss inn i diskusjonen om den krevjande omstillinga vi no står overfor. Korleis skal vi møte reduksjonen i oljeaktiviteten på ein slik måte at vi kjem styrka ut som industrinasjon? Noko mindre ambisjon kan vi ikkje ha i ein situasjon der industrien sin del av sysselsettinga her i landet er under ti prosent for første gang på over 100 år. Feiler vi her, så kan vi misse det grøne industritoget og ende opp utan ein konkurransedyktig industri.

Det er ulike syn på når vi bør trappe ned og stanse norsk oljeaktivitet av omsyn til klimaet. Effekten av tiltak på tilbodssida er omstridt. Men uavhengig av klimaargumentet så vil industrien tene på å fronte den internasjonale omstillinga som alle veit vil komme. Vi bør ha lært av vår nære industrihistorie at det er dårleg industripolitikk å vente for lenge. Som på åttitalet må vi sikre oss at vi er tidleg ute og får eit teknologisk forsparang og ein god posisjon i dei nye marknadene.

Nyleg deltok eg på LO sin regionskonferanse i Agder. Der opplevde eg at ein sentral tillitsvald i LO løfta fram dei same argumenta. Are Tomasgard som er LO-sekretær og skal sitte i Arbeidarpartiet sin programkomite, heldt eit inspirerande innlegg om at vi må sjå dei nye trendane i teknologi og marknad før det er for seint. Det tar eg som eit positivt og viktig signal om at vi kan få ein diskusjon der fagrørsla arbeider aktivt for omstilling mens det enno er tid til å posisjonere seg i dei nye marknadene og sikre framtida for industrien.

Den gryande forståinga av at norsk industri vil tene på å ligge i front i den grøne omstillinga, kan skape ny dynamikk. Når desse tankane no også blir framført med entusiasme frå sentralt hald i LO, så er det von om at vi kan gå frå ord til handling. Det legge grunnlaget for at grøn omstillinga kan bli ein sentral berebjelke i ei ny raudgrøn regjering – ein berebjelke som er er løfta fram både av fagrørsla og miljørørsla. Som miljøkampen på åttitalet kan det grøne skiftet i dag bli eit sårt tiltrengt løft for norsk industri.

Alf

Innlegget er publiser av Energi og Klima i dag https://energiogklima.no/kommentar/gron-omstilling-vi-bor-laere-av-var-industrihistorie/

 

 

Rettferdig grøn omstilling

Klimakrisa rykker stadig nærare, og FN etterlyser meir handlekraft i arbeidet for omstilling til nullutsleppssamfunnet.  For Norge som er så avhengig av oljeindustrien, kan omstillinga bli ekstra krevjande. Skal vi sikre arbeid til alle og trygge norsk økonomi, må vi få fart på arbeidet med å bygge opp ein grøn industri og eit grønt næringsliv. Det kan bli ein krevjande prosess med store endringar for den enkelte. Ingen kan love at det blir enkelt. Men vi bør love kvarandre at solidaritet og rettferd skal vere grunnmuren for den grøne omstillinga. Vi må ha eit ordna arbeidsliv med ei sterk fagrørsle som står opp for arbeidstakarane sine rettar. Eit samfunn med store forskjellar vil ikkje klare å skape tilstrekkeleg støtte for nødvendig omstilling.

I 2017 var over 170 000 personar direkte eller indirekte sysselsatt i petroleumssektoren i Norge. Over 20% av staten sine inntekter vil komme frå olje- og gassverksemda i 2019. Næringa står for 16% av vårt brutto nasjonalprodukt og 40% av all eksport. Dette viser at vi stå overfor ei formidabel oppgåve når vi skal  skape eit nytt grønt næringsliv som kan kompensere for den forventa reduksjonen i oljeaktiviteten. Samtidig må all anna industri og næringsaktivitet legge om til meir miljøvennleg produksjon og drift. Det er ei omstilling vi knapt har sett maken til i nyare tid.

Dagens regjering vil overlate omstillinga til marknaden, men den er lite eigna som motor for radikal omstilling. Vi treng ein aktiv statleg næringspolitikk når situasjonen krev teknologiutvikling og industriutvikling med høg risiko.vi fant olje i Nordsjøen og stod overfor ei stor industriomstilling, spelte den statlege industripolitikken ei sentral rolle. Den la grunnlaget for framveksten av eit norsk industrieventyr med ein verdsleiande  leverandørindustri. I dag står vi overfor ei ny og endå større omstilling som krev tilsvarande politisk handlekraft. Norsk industri er i verdstoppen på grunn av si omstillingsevne og ein aktiv næringspolitikk. Det er eit godt utgangspunkt for å møte dei nye utfordringane. Vi må ta vare på folka og kompetansen.

Den grøne omstillinga er ikkje berre store tal. Det er enkeltmenneske som skal skape den og leve med den. Skal vi løfte i flokk og yte vårt beste, må vi ha tillit til at byrdene og goda blir nokolunde rettferdig fordelt. Eit arbeidsliv med midlertidige tilsetjingar, tilkallingsvikarar og motstand mot organisering og tariffavtaler gir ikkje den tryggleiken som skal til for å skape engasjement for nødvendig omstilling. Vi må ha ei sterk fagrørsle og eit ordna arbeidsliv så folk slepp å stå åleine i vanskelege omstillingsprosessar. Den norske modellen med samarbeid mellom partane i arbeidslivet og regjeringa er som skapt for å takle storeomstillingar. Derfor må vi styrke og ikkje svekke trepartssamarbeidet slik dagens regjering legg opp til.

Vi må utvikle eit arbeidsliv som verdset arbeidstakarane, og der både statar og bedrifter investerer i kompetansen deira. Dette sa ungdomskandidat Dagfinn Svanøe frå El og IT Forbundet på den europeiske fagforeiningskongressen. Han viste til at det i IT-bransjen i Noreg alt er tendensar til å skifte ut tilsette i takt med behovet for nye system. Det er ikkje vegen å gå om vi skal makte å gjennomføre nødvendig omstilling med støtte frå dei tilsette. Mange kjenner frykt for at dei skal få dårlegare jobbar eller bli arbeidslause når vi skal legge om til eit grønare næringsliv. Eit nasjonal løft for etter- og vidareutdanning er heilt avgjerande dersom vi skal få til ei omstilling utan å skyve folk ut av arbeidslivet.

Tillit mellom folk og styresmaktene er ein grunnleggande føresetnad for å løyse store samfunnsutfordringar. Omstilling vil alltid skape uro for arbeid og inntekt. Derfor er det heilt avgjerande å ha ein effektiv fordelingspolitikk og ein sterk velferdsstat som kan skape den samfunnstilliten og den tryggleik som motiverer til innsats og nytenking. Store forskjellar er gift for solidariteten og for fellesskapet. Derfor vil dagens regjering med sin politikk for større forskjellar aldri komme i mål med det grøne skiftet.

Den grøne omstillinga av næringslivet er ikkje berre eit spørsmål om teknologi og investeringsmidlar. Det er eit spørsmål om å skape eit samfunn der ein deler byrdene og goda på ein måte som folk oppfattar som rettferdig, og der arbeidsfolk har tillit til at dei blir verdsatt og tatt på alvor. Då kan vi få eit breitt engasjement for å skape eit næringsliv som møter klimautfordringane før det er for seint.

Alf Holmelid

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.