Tag Archives: grøn omstilling

Industribygging eller avindustrialisering

Ein sterk industrisektor er ein viktig berebjelke for å møte dei utfordringane Noreg står overfor. Mange land i Europa satsar no på å bygge opp att ein industrisektor som har blitt forsømt over lang tid. Stadig fleire innser at industrien er eit viktig element i ein berekraftig økonomi. Her i landet er industridelen av verdiskapinga lågare enn gjennomsnittet i EU. Det er på tide med ei brei industrisatsing for å sikre vår framtid som industrinasjon.

Noreg har ein open økonomi, og vi treng ein konkurransedyktig industri som kan sikre nødvendige eksportinntekter. Det blir stadig viktigare når aktiviteten i oljesektoren blir redusert dei kommande tiåra. I tillegg til å vere ei viktig eksportnæring har industrien hatt ei viktig rolle i utviklinga av den norske samfunnsmodellen. Dei tilsette i industrien har ofte stått i første rekke i kampen for faglege rettar og rettferdig fordeling, noko som har medverka til at vi har eit samfunn med moderate forskjellar og stor samfunnstillit.

Over lang tid har vi sett ei utvikling der industriproduksjon har blitt flytta til lågkostland. Mange har hevda at det er ei naturleg utvikling. Vi kan leve av engineering og teknologiutvikling, har det blitt hevda. Men det viser seg etter kvart at det ikkje er så enkelt. Utan eit nært forhold til produksjonen er det ikkje mogeleg å vere leiande på teknologiutvikling og ha innsikt nok til å bli førande på grøn omstilling. Derfor bør vi bruke oppbygginga etter koronakrisa til å utvikle ein brei grøn teknologi- og industripolitikk.

Prosessindustrien har lange og stolte tradisjonar i Noreg og på Sørlandet. For nokre tiår sidan var det mange som spådde at den ville forsvinne til lågkostland, men bransjen satsa på teknologiutvikling og blei verdsleiande på renseteknologi og miljøvenleg produksjon. I dag er det ein livskraftig industri med spennande utsikter for framtida. Norsk prosessindustri i samarbeid med norske forskingsmiljø er i posisjon til å utvikle teknologi for utsleppsfri metallproduksjon. Produksjon av materiale står for store utslepp globalt, så dette er eit viktig klimatiltak med globalt perspektiv.

Det ser no ut til at det kan bli etablert batteriproduksjon med fleire hundre arbeidsplassar her i landet. Det er ei naturleg utvikling for eit land som satsar på elektrifisering. Men vi kan ikkje stoppe der. Skal elektrifisering og batteriproduksjon vere berekraftig, må vi etablere industri for resirkulering av batteri. Slik sirkulær økonomi bør ligge godt til rette for norsk industri som har lange tradisjonar for å tenke miljø og resirkulering.

Norsk oljeleverandørindustri som bygger på lange tradisjonar innan skipsbygging, er teknologisk leiande med ein global marknad. Dei seinare åra har bedrifter i denne bransjen satsa ein del på nye marknader som fornybar energi, transport, anlegg og utsyr til fiskeoppdrett. Denne utviklinga såg vi tydeleg etter det kraftige fallet i oljepris i 2014. Leverandørindustrien er ein dominerande del av norsk industri, og det er viktig å legge til rette for at den kan finne nye område for sin kompetanse og produksjonskapasitet når oljeaktiviteten blir redusert.

Nyleg skreiv ei rekke personar frå fagrørsla, bransjeorganisasjonar og miljøorganisasjonar under på eit opprop. Dei peika på at mindre bedrifter som satsar på energiøkonomisering og solenergi, har blitt gløymde i krisepakkane til næringslivet. Ein robust industristruktur treng eit mangfald av bedrifter, både store og små, både industribedrifter og handverksbedrifter. Det skaper arbeidsplassar kring om i heile landet og skaper grobotn for nytenking og produktutvikling.

Dei fleste er samde i at norsk industri og norsk økonomi står overfor ei stor omstilling dersom vi skal ta vare på klima og miljø og sikre langsiktig sysselsetting i industrien. Det vil krevje at vi har ein aktiv næringspolitikk som legg til rette for vidareitvikling og omstilling av leverandørindustrien. Men vi må også satsar på å utvikle fleire bransjar som er viktige for norsk økonomi og ei berekraftig industriutvikling. Vi har sett at det her i landet er mangel på langsiktig industriell kapital som kan støtte opp om ei slik utvikling. derfor treng vi ein grøn industribank som kan vere med på langsiktige strategiske investeringar i norsk industri.

Koronakrisa har råka mange bedrifter hardt, og den har vist oss kor viktig staten er når det røyner på. La oss bruke denne situasjonen til å utvikle ein brei miljøvennleg industripolitikk som kan sikre vår framtid som industrinasjon når oljeaktiviteten blir redusert. Dersom vi ikkje brukar denne sjansen, så kan vi stå overfor ei gradvis nedbygging av norsk industri og ein vanskeleg økonomisk situasjon for landet.

Alf

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen

 

 

Strategi for grøn omstilling

Ved neste oljekrise må vi ha ein breitt forankra strategi for omstilling.

Dei som støttar skattpakka til oljeselskapa, hevdar at det er eit tiltak for å ta vare på kompetanse som vi treng for grøn omstilling. På den andre sida er det mange økonomar og andre fagfolk som hevdar at pakka slik den er utforma, vil låse kompetansen fast i oljeaktivitet slik at vi kjem for seint på marknaden med grøne alternativ. To som argumenterer godt for dette, er forskarane Lahn og Normann.

Vi såg i den førre oljekrisa i 2014 då det ikkje blei gitt krisepakke til oljeselskapa, at leverandørindustrien satsa på å utvikle teknologi for andre område. Men då oljemarknaden kom tilbake, blei denne aktiviteten trappa ned. Marknaden verkar. Når oljeselskapa satsar på oljeutvinning, følgjer operatørselskapa etter. Det skjer også denne gangen.

Dei fleste er samde om at oljeaktiviteten vil avta, og at det er viktig å utvikle anna industri for å skape arbeidsplassar og sikre norsk økonomi. Men det er lite truleg at dette vil skje gradvis, kombinert med gradvis innfasing av anna aktivitet. Oljeindustrien er ein sterkt syklisk bransje. Kriser vil komme med jamne mellomrom også i framtida, og det vil bli nye kampanjer for krisetiltak som det blir umogeleg å seie nei til. 

Skal vi komme ut av denne innlåsinga, må vi ha ein mykje klarare strategi for omstilling. Vi må skape ei brei politisk forståing for at krisetiltaka må utformast for å utvikle ny grøn industri, ikkje for å utsetje nødvendig omstilling. Det betyr at vi må bruke statlege verkemiddel til grøne satsingar slik at vi har eit truverdig alternativ ved neste krise. Det ein har, er alltid tryggare enn det som må komme, så dette vil ikkje bli lett i praksis.  Men jo  lenger vi ventar, og jo meir pressa norsk økonomi blir, jo vanskelegare blir det å få aksept for ein slik tankegang.