Det grøne skiftet er mogeleg

Eit innlegg frå ein tilsett ved NTNU sirkulerer no på sosiale media. Der blir det hevda at det grøne skiftet er umogeleg blant anna fordi vi ikkje har plass til å produsere den fornybare energien. Då kan det vere på sin plass å hente fram denne artikkelen frå nokre år tilbake. Den viser at vi kan dekke meir enn det totale energibehovet i verda med solceller i Sahara. 

Det er sjølvsagt ikkje det vi vil gjere. Vi vil få ei blanding av solenergi, offshore vindenergi, vasskraft, jordvarme mm. Klimapanelet reknar også med ein liten del atomkraft. Men eksempelet med Sahara viser at det er ei overkommeleg utfordring vi står overfor.

Dei som deler artikkelen frå ein tilsett ved NTNU, argumenterer ofte med at svaret er ein dramatisk reduksjon i forbruket. Eg er samd i at vi bør redusere forbruket av mange gode grunnar. Heilt sidan vi fekk rapporten Limit to growth på syttitalet, har overforbruk av ressursar i den rike delen av verda vore eit sentralt spørsmål. Men det er ikkje snakk om enten grønt skifte eller redusert forbruk. Vi treng begge deler.

Det grøne skiftet vil kreve store omstillingar. Påstandar om at det er umogeleg, vil lett auke motstanden mot å gjere noko. Konsekvensen blir fortsatt satsing på fossil energi med store negative konsekvensar som i første omgang vil råke utsette grupper langt frå oss her oppe i det kalde nord. Når vi merkar konsekvensane på kroppen, er det kanskje for seint å unngå dramatiske grep.

Alf 

3 responses to “Det grøne skiftet er mogeleg

  1. Alle energikilder, også såkalte fornybare, har negative konsekvenser. Flere av dem fører til ødeleggelse av natur (vindkraft og vannkraft for eksempel) og noen gir ikke en stabil tilførsel av kraft (vindkraft, solenergi).
    Hvorfor ikke satse mer på kjernekraft?
    Det er jo utrolig mange myter ute og går om denne energikilden, men ser man på statistikk og fakta er vel dette i dag en av de beste energikildene med hensyn til miljø og sikkerhet?
    Har nettopp blant annet lest Sunniva Roses bok «Vi er stjernestøv», og jeg blir mer og mer overbevist om at kjernekraft bør være del av det grønne skiftet (hvis vi ønsker å øke kraftbehovet også i framtida).
    Hvorfor er det ingen diskusjoner i politiske partier rundt dette?

    Svend

    Liker

    • Eg er ikkje prinsipielt i mot atomkraft. Men så vidt eg har fått med meg, så er den dyr og krev lang planleggings- og byggetid. FNs klimapanel har ein del atomkraft med i sine scenario.
      Men med erfaringar frå vindkraftdebatten, så kan vi vel rekne med sterke protestar når det blir konkret og vi skal diskutere plassering.

      Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s