Tag Archives: kraftforedlande industri

Får vi kraftmangel om fire år?

Like før jul sende Statnett brev til regjeringa. Føretaket ville «orientere energistyresmaktene om betydelege utfordringar som kan ventast i kraftsystemet om få år.» I brevet blir det åtvara om at det er fare for mangel på elektrisk kraft her i landet om fire år. Det kan også bli effektmangel. For å møte denne utfordringa etterlyser Statnett meir kraftproduksjon. Skal vi nå klimamåla våre og ta vare på Noreg som industrinasjon, så treng vi kraft. Men ny produksjon åleine løyser ikkje dei utfordringane vi står overfor. Det er på tide å sjå på energipolitikken i eit breiare perspektiv. 

Vi er inne i ei priskrise på elektrisk kraft på grunn av prissmitte frå EU og England. Mange peikar på kraftutbygging som det sentrale tiltaket for å møte denne utfordringa. Men auka kraftproduksjon og auka eksport har avgrensa effekt på prissmitten. Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE, har rekna på samanhengen mellom prissmitte og krafteksport. Analysane tyder på at vi må ha ein krafteksport på 40 TWh for å få betydeleg reduksjon i prissmitten. Det er meir enn fjerdeparten av dagens totale produksjon. Skal vi få bukt med priskrisa, så er det ikkje nok å produsere meir kraft. Vi må gjere strukturelle endringar i marknaden og endre spelereglane for kraftutveksling.

Sjølv om auka kraftproduksjon åleine ikkje løyser priskrisa, så kan vi ikkje sjå bort i frå at vi treng meir kraft for å møte dei utfordringane vi står overfor. Framleis er nesten halvparten av energiforbruket i Noreg fossilt, og elektrifisering er det viktigaste tiltaket for å redusere bruken av fossil energi. Eit eksempel er klimaplanen for Kristiansand kommune der elektrifisering er det sentrale grepet. I tillegg til å elektrifisere samfunnet treng vi kraft til ny grøn industri og til etablert industri som skal redusere klimautsleppa sine.

Statnett presenterte nyleg prognosar for kor mykje elektrisk kraft vi treng fram mot 2050. I følgjerapporten er det sannsynleg at behovet for kraft vil auke med 80 TWh i denne perioden. Til samanlikning er den totale produksjonen i dag i overkant av 150 TWh, og krafteksporten er på om lag 15 TWh. Eit alternativt senario med sterkare vekt på energisparing og mindre satsing på industri gir ein auke i kraftbehov på 50 TWh. Prognosane bygger på mange føresetnader som ein kan vere usamd i. Men rapporten viser uansett at det er på tide med ein energidebatt der ein ser produksjon, forbruk og sparing i samanheng. 

Elektrifisering av oljeinstallasjonar på sokkelen inngår i prognosane til Statnett. Med straum frå land gjere det eit kraftig innhogg i kraftbalansen. Eit alternativ er å pålegge oljeselskapa å bygge ut havvind eller satse på karbonfangst og lagring. Det kan forseinke dette klimatiltaket ein del, men det kan vere akseptabelt dersom vi set opp farten på andre klimatiltak. Ein annan stor X-faktor er energiøkonomisering. Her har vi lenge snakka om eit stort potensial, men det skjer for lite. Ei av årsakene kan vere at ENOVA prioriterer å utvikle marknaden for ny teknologi. Dermed  er det ingen som tar ansvar for sparetiltak med velprøvd teknologi. 

Det er grunn til å diskutere føresetnadene som ligg til grunn for Statnett sine prognosar. Føretaket har tydeleg vis summert aktuelle behov utan å diskutere om vi har kraft til alle. Men vi som er opptatt av både klima og natur, bør ikkje nøye oss med å trekke prognosane i tvil. Vi må gå inn i analysane og peike på konkrete alternativ. Ovanfor har eg peika på eit par alternativ som kan redusere kraftbehovet. Men det er lite realistisk å nå klimamåla våre og utvikle grøn industri utan ny kraftproduksjon. Vindkraft til havs er eit aktuelt alternativ dersom vi får fart på forsking som kan sikre ei berekraftig utvikling av denne kraftkjelda.

Agder fylkeskommune har nyleg lagt fram ein strategi for kraftforedlande industri. Kraftsituasjonen er omtalt i rapporten. Regionen har kraftoverskot i dag, men den er eksponert for kraftutveksling med utlandet. Rapporten peikar på behovet for energitryggleik, betre avtalar for kraftutveksling og ilandføring av offshore vindenergi. Men den drøftar ikkje konkrete alternativ for lokalisering basert på tilgang til kraftknutepunkt, arbeidskraft og areal. Det er overlate til kommunane som konkurrerer med kvarandre. Strategidokumentet tar heller ikkje opp  prioritering basert på klimakonsekvensar, verdiskaping og sysselsettingseffekt. Omfattande industriutvikling som er basert på ein avgrensa ressurs, krev tydeleg overordna samfunnsplanlegging.

Dei nye prognosane frå Statnett er nettopp det – prognosar. Energipolitikken bør ikkje styrast av prognosar, men av politiske prioriteringar basert på innsikt og verdival. Det kan stillast spørsmål ved prognosane, og vi må få kontroll med kraftmarknaden. Men det er ikkje lett å sjå korleis vi skal nå klimamåla våre og utvikle grøn industri utan meir fornybar energi i tillegg til ei kraftig satsing på energisparing. Vi treng regional og nasjonal planlegging som ser industri, energi og miljø i samanheng.

Alf Holmelid

Innlegget står på trykk i Fædrelamdsvennen i dag.

Poenget er ikkje å telje grøne arbeidsplassar

Alle snakkar no om å grøn omstilling i industrien, men det er ikkje alltid like lett å få tak i kva det inneber. Mange etterlyser kva omstillinga går ut på.  Kva skal produserast,  og kven skal kjøpe produkta? Ofte kokar svaret ned til offshore vindenergi og karbonfangst og lagring. Det er vel og bra, men norsk industri er og må vere langt meir enn det. Skal Noreg ta vare på sin posisjon som industrinasjon når oljeaktiviteten blir mindre og krava til miljøvennleg produksjon blir stramma til, så må vi utvikle ein grøn industripolitikk som famnar breitt.

Norsk industri står overfor to store utfordringar. Vi må som alle andre land redusere utsleppa av klimagassar og utvikle berekraftig produksjon for nullutsleppssamfunnet. I dette arbeidet kan vi ta lærdom av vår nære industrihistorie. Då vi på åttitalet kjempa for å redusere utsleppa frå industrien, så var det mange som  protesterte på krava og spådde industridød. Men industrien tok utfordringa og satsa offensivt på teknologiutvikling. I dag meiner dei fleste at vi skaffa oss eit konkurransefortrinn ved å vere tidleg ute med nødvendig omstilling.

Den andre utfordringa er at ein stor del av industrien er knytt opp til oljeaktivitet, og at oljeaktiviteten er så dominerande i norsk økonomi. Skal vi ta vare på Noreg som ein industrinasjon, må vi utvikle industri som kan kompensere for den forventa reduksjonen i oljeaktiviteten. I det siste har det vore mykje debatt om korleis vi kan ta vare på og omstille leverandørindustrien, og det er viktig. Det er ein industri med høg kompetanse og stort potensiale. Men vi må ikkje gløyme at norsk industri er og må vere langt meir. Vi fekk ei påminning om det då leiarar i kraftforedlande industri nyleg åtvara om koronakrise også i denne bransjen. Ein berekraftig industripolitikk må ta denne utfordringa like alvorleg som krisa i leverandørindustrien.

Miljøforkjemparar har lenge snakka om at vi treng fleire grøne arbeidsplassar og fleire grøne bedrifter. Det er ei avsporing. Ei bedrift kan levere både berekraftige og mindre berekraftige produkt, og produksjonsmetodar kan vere leiande på miljø sjølv om dei ikkje er utslippsfrie enno. Poenget er ikkje å telle grøne arbeidsplassar. Målet må vere å gjere all industri her i landet så berekraftig som mogeleg. Vi må få ned utsleppa over heile linja og ta nye posisjonar i dei globale marknadane ved å vere leiande innan grøn teknologi og berekraftig produksjon.

Skal vi få oppslutning om grøn omstilling av industrien, så må vi slutte å gi inntrykk av at det er nokre grøne enkeltprosjekt og enkeltbedrifter vi snakkar om. Det står om å vidareitvikle norsk industri i heile si bredde for ei ny tid der dei internasjonale marknadene legg stadig større vekt på klima og miljø. Norsk industri er godt posisjonert til å bli verdsleiande på produkt og produksjonsmetodar for nullutsleppssamfunnet. Det er dette som må ligge til grunn for ein truverdig industripolitikk som har kraft til å unngå avindustrialisering når oljealderen går mot slutten.

Alf

Innlegget er på trykk i Klassekampen i dag

Industribygging eller avindustrialisering

Ein sterk industrisektor er ein viktig berebjelke for å møte dei utfordringane Noreg står overfor. Mange land i Europa satsar no på å bygge opp att ein industrisektor som har blitt forsømt over lang tid. Stadig fleire innser at industrien er eit viktig element i ein berekraftig økonomi. Her i landet er industridelen av verdiskapinga lågare enn gjennomsnittet i EU. Det er på tide med ei brei industrisatsing for å sikre vår framtid som industrinasjon.

Noreg har ein open økonomi, og vi treng ein konkurransedyktig industri som kan sikre nødvendige eksportinntekter. Det blir stadig viktigare når aktiviteten i oljesektoren blir redusert dei kommande tiåra. I tillegg til å vere ei viktig eksportnæring har industrien hatt ei viktig rolle i utviklinga av den norske samfunnsmodellen. Dei tilsette i industrien har ofte stått i første rekke i kampen for faglege rettar og rettferdig fordeling, noko som har medverka til at vi har eit samfunn med moderate forskjellar og stor samfunnstillit.

Over lang tid har vi sett ei utvikling der industriproduksjon har blitt flytta til lågkostland. Mange har hevda at det er ei naturleg utvikling. Vi kan leve av engineering og teknologiutvikling, har det blitt hevda. Men det viser seg etter kvart at det ikkje er så enkelt. Utan eit nært forhold til produksjonen er det ikkje mogeleg å vere leiande på teknologiutvikling og ha innsikt nok til å bli førande på grøn omstilling. Derfor bør vi bruke oppbygginga etter koronakrisa til å utvikle ein brei grøn teknologi- og industripolitikk.

Prosessindustrien har lange og stolte tradisjonar i Noreg og på Sørlandet. For nokre tiår sidan var det mange som spådde at den ville forsvinne til lågkostland, men bransjen satsa på teknologiutvikling og blei verdsleiande på renseteknologi og miljøvenleg produksjon. I dag er det ein livskraftig industri med spennande utsikter for framtida. Norsk prosessindustri i samarbeid med norske forskingsmiljø er i posisjon til å utvikle teknologi for utsleppsfri metallproduksjon. Produksjon av materiale står for store utslepp globalt, så dette er eit viktig klimatiltak med globalt perspektiv.

Det ser no ut til at det kan bli etablert batteriproduksjon med fleire hundre arbeidsplassar her i landet. Det er ei naturleg utvikling for eit land som satsar på elektrifisering. Men vi kan ikkje stoppe der. Skal elektrifisering og batteriproduksjon vere berekraftig, må vi etablere industri for resirkulering av batteri. Slik sirkulær økonomi bør ligge godt til rette for norsk industri som har lange tradisjonar for å tenke miljø og resirkulering.

Norsk oljeleverandørindustri som bygger på lange tradisjonar innan skipsbygging, er teknologisk leiande med ein global marknad. Dei seinare åra har bedrifter i denne bransjen satsa ein del på nye marknader som fornybar energi, transport, anlegg og utsyr til fiskeoppdrett. Denne utviklinga såg vi tydeleg etter det kraftige fallet i oljepris i 2014. Leverandørindustrien er ein dominerande del av norsk industri, og det er viktig å legge til rette for at den kan finne nye område for sin kompetanse og produksjonskapasitet når oljeaktiviteten blir redusert.

Nyleg skreiv ei rekke personar frå fagrørsla, bransjeorganisasjonar og miljøorganisasjonar under på eit opprop. Dei peika på at mindre bedrifter som satsar på energiøkonomisering og solenergi, har blitt gløymde i krisepakkane til næringslivet. Ein robust industristruktur treng eit mangfald av bedrifter, både store og små, både industribedrifter og handverksbedrifter. Det skaper arbeidsplassar kring om i heile landet og skaper grobotn for nytenking og produktutvikling.

Dei fleste er samde i at norsk industri og norsk økonomi står overfor ei stor omstilling dersom vi skal ta vare på klima og miljø og sikre langsiktig sysselsetting i industrien. Det vil krevje at vi har ein aktiv næringspolitikk som legg til rette for vidareitvikling og omstilling av leverandørindustrien. Men vi må også satsar på å utvikle fleire bransjar som er viktige for norsk økonomi og ei berekraftig industriutvikling. Vi har sett at det her i landet er mangel på langsiktig industriell kapital som kan støtte opp om ei slik utvikling. derfor treng vi ein grøn industribank som kan vere med på langsiktige strategiske investeringar i norsk industri.

Koronakrisa har råka mange bedrifter hardt, og den har vist oss kor viktig staten er når det røyner på. La oss bruke denne situasjonen til å utvikle ein brei miljøvennleg industripolitikk som kan sikre vår framtid som industrinasjon når oljeaktiviteten blir redusert. Dersom vi ikkje brukar denne sjansen, så kan vi stå overfor ei gradvis nedbygging av norsk industri og ein vanskeleg økonomisk situasjon for landet.

Alf

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen