Blått og iskaldt

ISDei siste dagane har det blå fleirtalet på stortinget gjort Noreg til eit kaldt land. Rike Noreg har sagt klart i frå om at dei som har det vanskelegast, får klare seg sjølv – og i alle fall ikkje komme her og uroe oss i vår rikdom.

Då dei fire partia som støttar regjeringa, skreiv under på samarbeidsavtalen sist haust, hadde den ein passus som få la merke til. Regjeringa skulle «prioritere kvoteflyktningar med størst sjanse for vellykka integrering». Eg prøvde å reise ein debatt om denne menneskesorteringa, men det blei blankt avvist som krisemaksimering.

No ser vi resultatet. Syria utgjer den største flyktningkatastrofen på lenge. To millionar menneske har flykta, og dei fattige nabolanda gjer ein formidabel innsats for å ta i mot dei som strøymer over grensene. Jordan har for eksempel tatt i mot seks hundre tusen syriske flyktningar. Den blå regjeringa fant berre rom for fattige tusen her i landet. Men det er ikkje det verste. Dei få som vi tar i mot, skal sorterast for ikkje å bli ein for stor belastning for rike Noreg.

I følgje media vil regjeringa berre ta i mot tjue syriske flyktningar med skadar som treng langvarig medisinsk handsaming. Dei som er fysisk og psykisk skada i krigshandlingane, får andre ta seg av. Noreg kan sjølvsagt ikkje løyse alle verdas problem. Men denne smålege menneskesorteringa for å unngå å få den dramatiske verdssituasjonen inn på livet gjer Noreg til eit kaldare og meir egoistisk land. Kan KrF og Venstre vere med på dette?

På toppen av dette har fleirtalet på Stortinget vedteke forbod mot tigging. Fattige skal ikkje lenger få be om hjelp. Fattigdom og naud må ikkje få forstyrre oss i vår velstand. Dei blå partia snakkar stadig om at vi ikkje kan forby alt som vi ikkje likar. Men det gjeld tydeleg vis ikkje retten til å be om hjelp. Mange juristar meiner jamvel at forbodet mot tigging kan vere brot på menneskerettane.

Vi har i det siste sett at den konservative tenketanken Civita har begynt å argumentere for at vi må akseptere større forskjellar her i landet. Det er ikkje uventa at høgresida og ei blå regjering tonar ned arbeidet for solidaritet og fordeling . Men at vi skulle få eit så kaldt samfunn som desse to sakene vitnar om, hadde eg ikkje trudd.

Alf

Dette innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s