Kva fortel innvandringsrekneskapen?

Etter å ha lest ein del vurderingar av innvandringsrekneskapepen frå SSB har eg tatt meg tid til å skanne igjennom rapporten. Eg er ikkje økonom, men eg har jobba ein del med modellar, og eg saknar grundigare analyse av usikkerheita i utrekningane.

For dårleg analyse av usikkerheit
Når vi modellerer tekniske system, er det vanleg å prøve å kvantifisere usikkerheita (variasjonsbreidda) i inngangsvariable og parametrar i modellen og rekne ut kva usikkerheit det fører til på resultatet. Sidan usikkerheit (standardavvik om vi opererer med normalfordeling og lineær modell) vil akkumulerast over tid (avhengig av modellstrukturen), vil usikkerheita på eit tidspunkt kunne bli så stor at det ikkje lenger har noko meining å operere med eit konkret utfall.

Forfattarane gjer ikkje nokon freistnad på slike feilanalyser. I staden brukar dei mykje spalteplass på å argumentere for at det kan vere nyttig å bruke modellar sjølv om usikkerheita er stor (og ukjent). Det er eg samd i. Men i slike tilfelle bør modellar brukast til å analysere og forstå effektar av endringar i ein eller eit avgrensa tal inngangsvariable. Å rekne ut eit fasitsvar med to desimalar etter å ha akkumulert usikkerheit over 80 år, bør ein vere varsam med, spesielt når ein ikkje har prøvd å kvantifisere usikkerheita.

Det er oljefondet som er «syndaren»
Utrekningane i rapporten bygger hovudsakleg på to enkle poeng:

  • Innvandring fører til at avkastninga av oljefondet må delast på fleire. Det skal ikkje mykje til å finne ut kva dette utgjer og at usikkerheita her er lita når ein har bestemt seg for ein prognose for innvandring og andre endringar i folketal. Dersom politikken skulle optimalisere for denne parameteren, så burde ein ikkje berre stoppe innvandringa, men også legge til rette for lågare fødselsrate, noko som knapt er aktuelt.
  • Innvandrarar og deira etterkommarar vil ha lågare yrkesdeltaking og lågare løn enn dei som har budd i landet i mange generasjonar. Her er samanhengane meir komplekse. På side 31 i rapporten står det:
    «Målt i neddiskonterte 2013-kroner per innbygger, reduseres både offentlige inntekter og utgifter som avhenger av demografiske forhold, som følge av realistiske inn- og utvandring. Frem til 2047 er inntektsreduksjonen størst, deretter er det motsatt. Uten SPU-avkastningen ville altså nettoinnvandringen styrket offentlige finanser på lang sikt.»

Det er altså det at vi må dele avkastninga av oljefondet på fleire, som gjer at innvandring (eller andre former for auke i folketalet) slår negativt ut på statsfinansane og dermed behov for auke i skatteinntektene. Dette har komme lite fram i den offentlege debatten.

Feilanalyse er spesielt viktig i samfunnsmodellar
Det er ein vesensforskjell mellom å modellere eit teknisk system og eit system som inkluderer menneskeleg oppførsel. Ein modell av eit teknisk system endrar ikkje systemet. Eventuelle feil i modellen kan justerast når ein får meir kunnskap. Modellar av samfunnet kan derimot påverke det området som blir modellert. Forbrukarar og samfunnsaktørar tilpassar seg det verkelegheita modellen presenterer. Dermed kan modellen få rett fordi samfunnet tilpassar seg modellen meir enn modellen blir forbetra for å tilpasse seg systemet den representerer. Prognoser er ein spesiell form for modellar som ofte har eit formål utover å gjette intelegent om framtida. Dei skal avdekke trendar og handlingsalternativ nettopp for å påverke samfunnet. Derfor er det ekstra viktig å analysere usikkerheit i slike modellar for å hindre overtolking og initiere uheldige handlingar. Forfattarane av innvandringsrekneskapen argumenterer derimot for at kvantitativ analyse av usikkerheit er meiningslaus i slike modellar.

Alf

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s