Tag Archives: Moske

Toleranse og menneskerettar

image

Dette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Mi støtte til planane om ein moske i Kristiansand har som venta skapt mange reaksjonar. Arne Tumyr lurer i eit innlegg her i avisa på om eg meiner muslimar skal få lov å praktisere sin religion her i landet. Svaret er ja.

Tumyr dreg fram sitat frå Koranen til støtte for sitt syn om at islam bryt med norsk lov. Eg er ingen spesialist på Koranen. Men også Bibelen har formuleringar som ikkje er i samsvar med dagens rettsoppfatning om vi tolkar dei bokstaveleg. Heldig vis er det slik her i landet at det ikkje er Tumyr eller eg som bestemmer kva som er brot på norsk lov. Det har vi eit rettssystem til. Tumyr får vende seg dit med sine påstandar om han meiner alvor.

Eg sluttar med til biskop Stein Reinertsen som støttar planane om ein moske, og som peikar på at religionsfridom og religionsutøving er ein menneskerett. Det som overraskar meg, er at dei som sit med makta i Kristiansand, ikkje har komme tydlegare ut med støtte til dette synet. Så er det mange av oss som kan love at vi skal drive aktiv religionskritikk overfor alle religionar når det er nødvendig. Det er også ein viktig menneskerett.

Alf

Kvar blei det av valfridomen og toleransen?

Bilde

Forslaget om ein minaret i Kristiansand har skapt storm. Det er ikkje grenser for kva argument som blir trekt fram i kampen mot dette prosjektet. Men biskop Stein Reinertsen held hovudet kaldt og prinsippa høgt. Han ser positivt på ein moske og viser til at det må vere rom for ulike religionar i byen vår. Dette er ein menneskrett seier han.

Desto meir skuffande er det å lese kommentarane frå dei blåblå partia som sit med makta her i byen. Desse partia har i heile valkampen snakka om valfridom og toleranse. Men når dei møter konkrete utfordringar, så sit tydeleg vis desse prinsippa laust. Gruppeleiaren i Høgre tyr jamvel til samanlikning med diktaturstatar for å grunngje sin skepsis.

Det kan diskuterast i kor stor grad det offentlege skal engasjere seg i religionsutøving i det offentlege rom. Men i eit land med religionsfridom må det vere rom for og like rettar for alle som følgjer norsk lov.

Alf