Dette innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen 16. oktober.
I debatten om moske i Kristiansand har eg peika på at religionsfridom og retten til å praktisere sin religion er ein del av menneskerettane. Det går fram av artikkel 18 i FN si menneskerettserklæring og i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar. Den europeiske menneskerettskonvensjonen har liknande formuleringar i artikkel 9.
Dette har fått leiar i Stopp islamiseringa av Noreg, Arne Tumyr, til å rykke ut med eit av sine rabiate angrep på islam og underteikna. Det er ikkje noko nytt at Tumyr prøver å demonisere sine motstandarar. Du finn flust av slike angrep frå han og hans disiplar på Internett. Det som derimot uroar meg, er at parti som sit med makta i Kristiansand, ikkje er tydelegare på bana til støtte for denne delen av menneskerettane.
Den offentlege utgreiinga Det livssynsopne samfunn, NOU 2013:1, drøftar menneskerettar og religionsfridom. Eit samla utval, Stålsettutvalet, uttaler at: «Det er samtidig viktig at andre uttrykk får utvikle seg, blant annet ved at kommunale planmyndigheter opptrer imøtekommende ved bygging av f.eks. moskeer og templer.» Den politiske leiinga i Kristiansand kommune bør komme på bana med støtte til Stålsettutvalet på dette punktet og ikkje overlate debatten til Tumyr.
Alf