Grøn næringsutvikling

elektronikkDenne kronikken står på trykk i Ny Tid i dag med tittelen Ikkje bare grønt. Dei tar gjerne i mot kommentarar på debatt@nytid.no

I valkampen lanserte Miljøpartiet dei grøne eit krav om hundre tusen grøne arbeidsplassar. SV har komme med liknande utspel tidlegare. Men kva er ein grøn arbeidsplass? Og er talet på grøne arbeidsplassar eit godt mål for ein berekraftig næringspolitikk?

Næringar som baserer seg på fornybare ressursar, blir gjerne rekna som grøne. Men det føreset berekraftig ressursforvaltning og optimal energibruk, samt omsyn til økosystem ognaturmangfald. Produksjon av bioenergi er ei viktig grøn næring som vi bør utvikle, men uttak av skog må vurderast opp i mot naturverdiar. Norsk landbruk står overfor store utfordringar i forhold til import av for, bruk av energi og utslepp av metan. Og fiskeria er avhengig av at vi overvaker dei marine økosystema nøye.

Transportsektoren står for ein stor og aukande del av klimautsleppa. Reduksjon av desse utsleppa er viktig for klimaet. Utvikling og produksjon av skip med mindre energiforbruk og mindre utslepp av klimagassar er derfor viktig for klima og miljø, og Noreg kan spele ei viktig rolle på dette området. Vi er leiande innan maritim teknologi, og ein del verft har alt satsa på miljøteknologi. Men når kan vi kalle eit verft for ein grøn arbeidsplass?

Det finst ingen kjente metodar for å produsere aluminium utan å produsere CO2. Aluminiumsproduksjon her i landet genererer mindre CO2 enn i dei fleste andre land fordi vi kan bruke fornybar vasskraft. Dersom vi meiner at verda treng lettmetall for å produsere vindmøller og elektriske bilar, så er det positivt for klimaet å produsere aluminium her i landet, så lenge vi brukar fornybar energi og ligg i front teknologisk. Men dersom vi meiner at aluminium er eit produkt vi bør bruke mindre av, så kan konklusjonen bli ein annan.

Eksempla viser at det ikkje er så lett å definere kva som er ein grøn arbeidsplass. Grøn næringsomlegging på brei front er viktigare enn å telle grøne arbeidsplassar. Det er fleire grunnar til at Noreg må ta kraftige grep for å omstille norsk næringsliv i åra som kjem. Alle land må ta sin del av ansvaret for å nå klimamåla gjennom utsleppsreduksjonar. Men Noreg står overfor ei ekstra utfordring. Store deler av vårt næringsliv er knytt til oljeaktivitet. Skal vi redusere vår oljeaktivitet og tilpasse oss dei endringane som vil komme internasjonalt, så må vi ta eit krafttak for å bli mindre oljeavhengige.

Avkastninga av investering i olje er så god at det skaper store problem for anna næringsliv. Det er vanskeleg å bygge opp og styrke andre næringar så lenge oljeaktiviteten trekkjer til seg det meste av kompetanse og kapital. Den raudgrøne regjeringa har nyleg auka skatten på oljeutvinning for å motverke dette, men det er langt i frå nok. Vi må stramme inn ytterlegare om vi skal klare å bygge opp andre næringar. Det nyttar lite å snakke om grøn omstilling utan å gripe fatt i denne utfordringa.

Noreg har ein open økonomi med stor industrieksport, men det treng ikkje vere noko ulempe for omstilling til eit miljøvennleg og klimavennleg næringsliv. Norsk prosessindustri møtte strenge miljøkrav på åttitalet. Mange meinte det ville føre til at bedriftene ville tape i den internasjonale konkurransen. Men dei tok utfordringa og satsa på teknologiutvikling i samarbeid med styresmaktene, og i dag har vi ein høgteknologisk og konkurransedyktig bransje. Utan strenge miljøkrav på eit tidleg tidspunkt hadde vi knapt hatt ein prosessindustri her i landet dag. Denne kompetansen har også lagt grunnlaget forbedrifter som satsar på solenergi. Det er ein viktig bransje i omstillinga til fornybarsamfunnet, sjølv om marknaden for tida er inne i ein turbulent fase.

På same måten som miljøkrava på åttitalet skapte industriutvikling og konkurransekraft, kan dagens klimakrav stimulere til ny innovasjon og teknologiutvikling. Men det føreset eit sterkt fokus på klimateknologi slik det er lagt opp til i stortingsmeldinga om klimapolitikken. I tillegg til å redusere klimautsleppa her i landet kan klimavennleg teknologi eksporterast og redusere klimautsleppa i andre land. Slik kan vi bidra til nødvendig teknologiomstilling internasjonalt, samtidig som vårt eige næringsliv blir grønare.

Energisektoren er eit viktig element i utviklinga av eit grønt næringsliv. Noreg har rik tilgang på fornybar vasskraft og potensiale for utbygging av andre fornybare energikjelder. Men utbygging av vindkraft og småkraftverk medfører naturinngrep som ofte skaper konfliktar. Samtidig er det stor usemje om korleis kraftballansen vil utvikle seg. Energiutgreiinga, NOU 2012/9, tar opp dette spørsmålet. Men no er tida moden for å gå eit skritt vidare og lage ei stortingsmelding om energipolitikk der vi drøftar både produksjon og bruk av fornybar energi. Det vil gjere det lettare for næringsaktørane å satse langsiktig.

Det norske innovasjonssystemet har ein stor veikskap. Når eg snakkar med bedrifter, får eg ofte høyre at nye idear stoppar opp i overgangen frå forsking til industriell produksjon. Når vi går frå forsking til pilotskala, eksploderer ofte kostnadene. Derfor er det nye klimateknologifondet svært viktig, og det må styrkast. Men det er ikkje nok. Vi treng også klimasåkornfond med offentleg og privat kapital. I tillegg er det behov for store industrielle testanlegg som gjer det lettare å pilotere nye prosessar og teste nye produkt.

Teknologi er viktig, men det er ikkje nok. Bedrifter må ha ein marknad, og det er ofte eit underkommunisert poeng når klimaentusiastar snakkar om grøne arbeidsplassar. Den internasjonale marknaden kan vi påverke gjennom klimaforhandlingar og internasjonale organisasjonar, og det er eit viktig arbeid. Men på kort sikt er utfordringa for eksportindustrien å posisjonere seg og ligge i forkant av utviklinga. Derfor er det viktig å bygge opp ein grøn heimemarknad.

Offentleg sektor kjøper varer og tenester for 400 milliardar kroner kvart år. Her er det framleis eit stort potensiale for å styrke heimemarknaden for klima- og miljøvennlege produkt. I tillegg har vi bedrifter der staten er eigar. Ei bedrift som Statoil er langt unna ein offensiv posisjon for å utvikle ein grøn marknad, ikkje minst når det gjeld sjøtransport. Det er tvilsamt om selskapet i dag lever opp til føringane i stortingsmeldinga om statleg eigarskap på dette området

For å vri det private forbruket i grøn retning må vi bruke avgiftssystemet slik vi gjer for elektriske bilar, og tilskotsordningar slik vi har gjennom ENOVA. Det er framleis eit potensiale for å satse sterkare på energiøkonomisering også i eksisterande bygg. Ei meir offensiv satsing vil skape ein større marknad med rom for standardløysingar og lågare kostnader. Skal vi få fart på omstillinga til grønt næringsliv, er det viktig å sjå næringspotensialet og eksportpotensialet når vi skal løyse våre eigne klimautfordringar

Det er behov for ei brei omstilling av norsk næringsliv dersom vi skal få dei resultata vi treng. Vi må setje klare mål for gradvis å bli mindre oljeavhengige. Det er krevjande, men det er ingen veg utanom dersom vi skal skape rom for ei grøn næringsutvikling. Dernest må vi setje klima- og miljømål for næringslivet elles, samtidig som vi har fokus på korleis dei nye krava kan skape næringsutvikling. Stein Lier Hansen i Norsk industri har peika på at det er behov for å sjå på krav og tiltak bransjevis. Eg ser ikkje bort i frå at det kan bringe oss raskare og meir treffsikkert til målet enn generelle avgiftssystem åleine.

3 responses to “Grøn næringsutvikling

  1. Tilbaketråkk: Grøn næringsutvikling, kva tyder det? | besteforeldre mot global oppvarming

  2. Tilbaketråkk: Ein mannsalder i politikk og samfunnsdebatt – Kapittel 1 | Alf Holmelid

  3. Tilbaketråkk: Grøn næringsutvikling – ei oppsummering | Alf Holmelid

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s