Fisken ligg til fellesskapet

imageDei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg. Denne formuleringa er ikkje tatt frå SV sitt partiprogram. Det er paragraf to i havressurslova.

Sist Høgre hadde regjeringsmakt, prøvde dei å ta frå fellesskapet denne retten. Dei innførte fiskekvotar utan tidsavgrensing. Då dei raudgrøne kom til makta i 2005 blei dette gjort om. Kvoteretten blei tidsavgrensa til 25 år for etablert og 20 år for nye kvotrettar.

Ein representant for dei som miste sin evigvarande rett, gjekk til sak mot staten og vant fram i to rettsinstansar. Men i går kom det endelege svaret frå høgsterett i den sokalla Volstadsaka. Saksøkjaren nådde ikkke fram, og det inneber at vedtaket som den raudgrøne regjeringa gjorde, er lovleg og blir ståande.

Men no har Høgre på nytt fått regjeringsmakt. Spørsmålet er då om regjeringa kan og vil innføre evigvarande kvotar på nytt. Det er lite tvil om at dei ømskjer det om vi skal tru utsagn frå den nye fiskeriministeren. Men er dommen til hinder for det? Eg har berre kikka på domspremissane, og eg er ingen jurist. Men eg er ikkje overtydd om at dommen i seg sjølv er til hinder for å fatte eit nytt vedtak om evigvarande kvotar. Det kan synest som den har fokus på i kor stor grad omgjeringa var til skade for Volstad og i mindre grad på prinsippet om at fiskeressursane er fellesskapet sin eigedom, men som sagt har eg berre lest deler av premissane, så eg er open for andre vurderingar. Vi må også ha i bakhovudet at havressurslava kom etter at Volstad fekk sine kvoterettar.

Då må vi vurdere den politiske situasjonen. Vil regjerina prøve å innføre evigvarande kvotar på nytt, og er det mogeleg å gjere det på ein måte som ikkje kan gjerast om. For det første kan Stortinget som i saka om reservasjonsrett for lækjarar, be om å få saka til Stortinget. I ei så prinsipiell sak som dette, så er det heilt naturleg. Og då er det spørsmål om kvar partia står. Ut i frå mi erfaring i næringskomiteen, vil eg tvile på om KrF støttar Høgre her (med mindre det blir laga ein eller annan hestehandel). Venstre er eg derimot meir usikker på. Dei har jo flytta seg til høgre i næringspolitikken.

Som amatør på det juridiske området skal eg vere varsam, men eg har vanskeleg for å sjå at det kan lagast forskrifter eller lover som ikkje kan gjerast om. Den sentrale utfordringa er grunnlova sitt prinsipp om at dei ikkje skal ha tilbakeverkande kraft som er til skade for nokon. Men ein slik svingdørspolitikk vil vere til skade både for næringa for omdømme til det politiske leiarskapet. Så her er det mange spennande moment i den vidare prosessen.

Her finn du dommen.

http://www.domstol.no/no/Enkelt-domstol/-Norges-Hoyesterett/Avgjorelser/Siste-avgjorelser/Sporsmal-om-tidsubegrensete-strukturkvoter-er-i-strid-med-tilbakevirknforbud-i-Grunnloven–97-/

Alf

One response to “Fisken ligg til fellesskapet

  1. Eg er òg berre lekmann, men eg las heile dommen i går. I premissane som fekk tilslutning av fleirtalet ligg det etter mi meining eit interessant og leveleg syn på tilhøvet mellom stat og individ som økonomiske aktørar: Det vesentlege er ivaretaking av bundne einskildinteresser, ut over dette har fellesskapen høve til å gjera inngrep, om det tener større samfunnsinteresser. Eg er samd med deg i at det kan sjå ut til at lover om korleis naturressursar skal forvaltast vil vera reversible, i det minste om reverseringa tek omsyn til investeringar og konkurransetilhøve. Her ligg det eit argument for å unngå at desse næringane vert for kapitalintensive/integrerte. Eg er redd for at eit større tap hjå saksøkar kunne tippa dommen.

    Eg er likevel overraska over kor langt mindretalet gjekk. Særskilt skummelt er det at evigvarande eigerett til naturressursar i mindretalets kanpt vert sett på som noko anna enn lausøyre.

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s