Nyleg blei det inngått ein ny fireårsavtale mellom statsføretaket Enova og Klima- og miljødepartementet. Mange hadde venta at den nye avtalen skulle forsterke arbeidet for energisparing som blir stadig meir aktuelt når vi skal erstatte all fossil energi med fornybar energi. Energisparing er eit viktig og miljøvennleg supplement til produksjon av fornybar energi og er heilt avgjerande for å nå klimamåla våre. Men utruleg nok så går regjeringa i motsett retning og fjernar energisparing som eit overordna mål i avtalen med føretaket.
Enova er oppretta for å bidra til å omstille Noreg til lågutsleppssamfunnet, og regjeringa har overført ein del av ansvaret for energisparing og klimatiltak til føretaket. I 2019 løyvde Enova over fem milliardar kroner til ulike tiltak i industri og private bustadar. Midlane kjem frå staten og frå den straumrekninga vi alle betalar. Eit påslag på eitt øre pr. KWh for privat forbruk gir Enova om lag fire hundre millionar kroner i årleg inntekt. Ein del av dette går tilbake til huseigarane som støtte til energiøkonomiseringstiltak, men langt i frå så mykje som er betalt inn, og langt i frå så mykje som må til for å nå dei måla vi har sett oss for energisparing.
Dei elleve første månadane i år har Enova berre utbetalt 139 millionar kroner til energisparing i bustadar. I den fireårsavtalen som gjeld for perioden 2017 – 2020 er det presisert at 250 millionar årlig skal være et minimum. Men Enova har ikkje klart å bruke opp pengane som er sett av til dette føremålet. Likevel har Enova vedtatt å kutte i tiltak og støttebeløp frå 1. juli 2021. Naturvernforbundet saman med mange andre organisasjonar har protestert på denne utviklinga og krev at støttebeløpa må doblast og nye støtteordningar innførast. Enova må støtte populære tiltak som folk flest har økonomi til å gjennomføre.
I den nye avtalen mellom Klima- og miljødepartementet og Enova er energisparing ytterlegare nedprioritert. Enova skal framleis arbeide for reduksjon i klimagassutslepp i ikkje-kvotepliktig sektor som er alle sektorar unntatt industri, fram til 2030. I tillegg skal dei fremme teknologiutvikling og innovasjon som kan redusere utsleppa ytterlegare fram i mot 2050. Dette er sentrale satsingsområde for å nå våre klimamål og sikre vår posisjon som ein industrinasjon. Men energiøkonomisering som er heilt avgjerande for å få nok fornybar energi til elektrifisering og industriutvikling, er ikkje lenger med som eit av dei overordna måla i mandatet.
Fornybar energi er ein knapp ressurs. Skal vi nå målet om null utslepp av klimagassar i 2050, så må vi erstatte all fossil energi med fornybar. Men det vil ta lang tid å bygge ut nok miljøvennleg energi. Dessutan har all produksjon av fornybar energi i større eller mindre grad negative konsekvensar for natur og miljø. Derfor må vi spare på energien for å få energibalansen til å gå opp. Energisparing er kanskje det viktigaste enkelttiltaket for å nå klimamåla våre. Sparer vi energi, så sparer vi også på andre viktige ressursar som går med til å produsere, lagre og transportere energi.
Energisparing er framme i den politiske debatten med jamne mellomrom. Men resultata har så langt vore sparsame. Det vi har spart med meir energieffektive bygg, har langt på veg blitt spist opp av større areal og større krav til komfort. I den oppheta debatten om vindenergi, har det blitt fornya fokus på energisparing. Enkelte opererer med eit sparepotensiale i bygg på opp mot 30 – 40 TWh innan 2050. Dette er eit svært optimistisk estimat som vil krevje at alle nybygg heretter er nullhus eller plusshus, og at det i tillegg blir satsa på energiøkonomisering og energiproduksjon i eksisterande bygg. Det vil krevje ei langt kraftigare satsing frå styresmaktene enn det vi ser i dag.
I ein situasjon med stort behov for elektrifisering og med konflikt kring produksjon av fornybar energi, er det heilt uforståeleg at regjeringa satsar så lite på energisparing. Det er ei utvikling vi må få snudd om vi skal nå klimamåla og skape trygge arbeidsplassar. Vi kan ikkje nedprioritere den mest miljøvennlege energien i ein situasjon med aukande behov for rein energi.
Alf Bolmelid
innlegget stod på trykk i Fædrelandsvennen julaftan