Tag Archives: veg

Høgre vil ha makt, men til kva?

leiarskapHøgre har no makta i begge Agder-fylka og i dei største kommunane i regionen. Samtidig viser ein forskingsrapport at vi manglar politisk leiarskap. Fædrelandsvennen spør i ein kommentar kva Høgre vil med denne makta, og det er det god grunn til.

 Tenk deg godt om. Klarer du å framkalle eit bilete av kva Høgre vil med den makta dei har fått på Agder. Dei vil ha firefelts veg til Stavanger, det har vi fått med oss. Men utover det? Det er mildt sagt vanskeleg å få auge på nokon visjon utover meir asfalt.  

Det burde vere nok å ta fatt i. Landsdelen ligg på jumboplass når det gjeld likestilling. Men i staden for å ta fatt i denne utfordringa satsar høgremakta på kommunal kontantstøtte som driv utviklinga i gal retning.

 Landsdelen treng visjonar for kunnskap og for innovasjon, men det er vanskeleg å få auge på slike initiativ mellom alle møta om meir veg. Og kva med miljøutfordringane? Det er lenge sidan eg har sett Kristiansand kalle seg miljøby.

 Men på eitt område er det store ting på gang. Dei høgrestyrte kommunane satsar offensivt på privatisering av det offentlege velferdstilbodet. Å legge seg flat for NHO service og deira kamp for å få dei internasjonale konserna inn i kommunesektoren ser ut til å vere den einaste visjonen Høgre har for Agder. 

Sentralt prøver Høgre å dempe debatten om privatisering. Når du utfordrar ein politikar i Civita-klanen på dette området, får du vage svar. Dei har forstått at folk flest ikkje ropar etter privatisering av offentlege tenester. Derfor snakkar dei ikkje om privatisering, men om ein sterk offentleg sektor med litt privat garnityr. 

Dobbeltkommunikasjon har blitt ei merkevare for Høgre på fleire område. Frå veke til veke endrar dei standpunkt om formuesskatt. Kravet om kontinuerleg opptak i barnehagane forsvann då det blir snakk om budsjett, og resultatkrav til lærarane i borgarleg styrte Osl, blei omdøypt då det blei offentleg kjent. 

Den einaste visjonen Høgre synest å ha for Agder utanom meir asfalt, er å privatisere og fragmentere det offentlege velferdstilbodet. Civita-retorikk om velferd og valfridom kan ikkje skjule dette. Det ser vi skremmande eksempel på i mange kommunar på Agder.

Alf