Nei til delprivatisering

Leiaren i Kristiansand Venstre, Jacob Haugmoen Handegard, kritiserer SV for å gå i mot fusjonen mellom Agder Energi og Glitre. Men det er uklart kva som er kjernen i kritikken. Det sentrale poenget i innlegget til Handegård ser ut til å vere at det å bli større i seg sjølv er ein garanti for suksess. Rett nok er det slik at nye reguleringar prioriterer store nettselskap. Men er det slik at energiselskap automatisk blir meir innovative, meir produktive og meir miljøvennlege jo større dei blir?

Vi bør sjå etter fleire forhold enn storleik når vi skal utvikle eit selskap. Aktiv eigarstyring er blant dei spørsmåla vi bør vere opptatt av. For SV er det viktig at også offentlege eigarar utøver aktivt eigarskap. Med den nye eigarkonstellasjonen i det fusjonerte selskapet blir eigarstyringa meir kompleks og meir distansert, og vi kan få ei endring i retning av eit meir administrasjonsstyrt selskap. 

Handegard viser til at fusjonen mellom Kristiansand Energiverk, Vest-Agder Energiverk og Aust-Agder Energiverk for tjue år sidan var ein suksess. Den fusjonen støtta SV på bakgrunn av at det nye selskapet skulle vere heileigd av kommunane. Men det Handegard ikkje skriv noko om, er at Kristiansand kommune braut med denne eigarstrategien og selde ein stor del av aksjane sine like etter fusjonen. Mot SV sine stemmer blei det gjennomført eit nedsal som har kosta kommunen dyrt, og som mange har angra på.

I dag er Agder Energi heileigd av det offentlege, men lova opnar for at ein tredel av aksjane kan vere på private hender. I følgje orienteringa frå professor Roy Mersland så vil fusjonen føre til at det kan bli lettare å omsetje B-aksjar som kan seljast til private. SV meiner at all storskala fornybar energiproduksjon bør vere i offentleg eige, og vi er derfor i mot å legge til rette for delprivatisering.

Vi går no inn i ein periode der det offentlege vil få ei sentral rolle i grøn næringsutvikling. Då er det viktig å ha ein brei diskusjon om korleis vi skal forvalte offentleg eigarskap. Fusjon og sentralisering er ikkje automatisk ei oppskrift på suksess.

Alf Holmelid

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s