Tag Archives: IEA

IEA legg nye premissar for klimadebatten

5. juni er verdas miljødag. I år fell den saman med starten på ein ny epoke i klimadebatten.

Det internasjonale energibyrået, IEA, har nyleg lagt fram ein rapport som viser kva som må til for å nå måla i Parisavtalen. Rapporten dokumenterer kor store omstillingar vi må igjennomog presenterer eit sett av nødvendige tiltak. Eit av forslaga er å slutte å leite etter meir olje og gass. Vi har alt funne meir enn det vi kan tillate oss å bruke. Rapporten snur på mange måtar opp ned på klimadebatten. Det som tidlegare blei sett på som uansvarleg idealisme, har no blitt ansvarleg politikk med støtte i tunge internasjonale fagmiljø.

Oljebyrået som vil avslutte oljealderen
IEA blei oppretta i 1974 i etterkant av ei stor oljekrise. Formålet var å analysere den globale energisituasjonen og sikre medlemslanda stabil tilgang på olje. Byrået har blitt oppfatta som ein solid støttespelar for oljeindustrien. Det har blant anna fått krass kritikk for å undervurdere potensialet for produksjon av solenergi. Gang på gang har det vist seg at veksten blei langt sterkare enn det som IEA la til grunn. Når nettopp denne organisasjonen tilrår stans i oljeleiting og forsterka satsing på miljøvennleg energi og energiøkonomisering, så får det ekstra stor tyngde.

Både energisparing og fornybar energi
Vi ser ofte ein diskusjon om kva vi bør satse på – energisparing eller fornybar energi. Rapporten slår fast at vi ikkje har noko val. Vi treng begge deler dersom vi skal løyse dei globale klimaproblema. Fram til 2030 må vi firedoble produksjonen av fornybar energi, og potensialet er størst innan solenergi. Samtidig må vi satse kraftig på energiøkonomisering og redusere energiforbruket i bygg med 25%. Med dette bakteppet er det eit stort paradoks at ENOVA som har ansvar for energiøkonomisering her i landet, kuttar i støtta til energisparing og solenergi. 

Kjent teknologi
Det er lite kvalitativt nytt i forslaga frå IEA for det første tiåret. Det nye er dokumentasjonen på omfanget av den omstillinga som er nødvendig for å nå klimamåla. Vel vi bort noko, må vi gå hardare til verks på andre område. Tida er for knapp til å vente på at ny teknologi skal løyse problema. Fram til 2030 må vi i all hovudsak satse på kjent teknologi samtidig som vi utviklar ny teknologi for dei neste to tiåra. I tillegg må vi legge til rette for at folk gjer gode klimaval. Vi må gå, sykle og ta kollektivtransport, og vi må droppe nokre lange flyreiser.

Det uansvarlege blir ansvarleg
Den store brannfakkelen i rapporten er synet på oljeutvinning. IEA som har vore ein solid støttespelar for oljeindustrien, slår no fast at det ikkje er rom for nye olje-  og gassfelt dersom vi skal redde klimaet. Dette synspunktet står i klar kontrast til dagens norske oljepolitikk som blir støtta av eit breitt fleirtal på Stortinget. IEA-rapporten støttar derimot SV og andre som lenge har stilt krav om stans i all leiting etter olje og gass. Den oljepolitikken som hittil har blitt avvist som uansvarleg, har no fått IEA-stempel som den mest ansvarlege.

Ikkje bråstans
Stans i oljeleiting betyr ikkje bråstans i oljeaktiviteten. Vi vil framleis ha oljeutvinning i fleire tiår basert på den aktiviteten som alt er initiert på norsk sokkel. Men IEA viser oss at oljealderen vil ta slutt om nokre tiår. Det er ei utvikling som vi må planlegge for både av omsyn til klimaet og til arbeidsfolk i oljebransjen. Ei styrt omstilling kan legge grunnlag for å overføre kompetanse og ressursar til fornybarsektoren og andre næringar. Men ventar vi for lenge, kan omstillinga bli hard både for den enkelte og for samfunnet.

Å vente er oppskrift på arbeidsløyse
Vi kan ikkje skyve problema føre oss og satse på at marknaden åleine vil ordne opp. Det er ei oppskrift på kriser der folk blir kasta ut i arbeidsløyse. Vi må få på plass ein langsiktig strategifor omstilling og ikkje hoppe til med krisestøtte til oljekapitalen kvar gang oljemarknaden sviktar. Noreg har både kompetanse og kapital til å skape nye arbeidsplassar og legge til rette for ei styrt omstilling som folk kan ha tillit til. Men då må vi begynne no og ta posisjonar i dei nye marknadene som veks fram innan fornybar energi og sirkulær økonomi.

Korleis skaper vi engasjement?
IEA er tydeleg på kva som må til for å redde klimaet. Men rapporten seier lite om dei politiske utfordringane vi står overfor. Klarer vi å snu opp ned på energipolitikken samtidig som vi tar vare på andre sentrale verdiar som rettferdig fordeling og biologisk mangfald?Korleis handterer vi interessekonfliktar og målkonfliktar? Kan vi gjennomføre prosessar som bygge tillit og skaper støtte og engasjement for den store omstillingane vi står overfor? 

På tide å handle
Rapporten frå IEA legg nye premissar for olje- og energidebatten her i landet. Det er ikkje lenger truverdig å hevde at vi kan vente med omstilling og halde fram med oljeleiting. IEA har vist at vi må gjere store endringar i energiforbruket på kort tid dersom vi skal nå måla i Parisavtalen. Skal vi klare det, må vi skape folkeleg engasjement og krevje politisk handling. Vi har inga tid å miste.

Alf Holmelid

Innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag.

Grønvasking frå Statoil

Ein litt forkorta versjon av dette innlegget står på trykk i Dagens Næringsliv i dag.

Klimadirektøren i Statoil, Hege Marie Norheim, prøver (DN 26.11.) å argumentere for at oljeutvinning er ein del av løysinga på klimaproblema. Men i iveren etter å grønmale oljeaktiviteten tyr ho til selektiv bruk av informasjon om klimautfordringa og kampen mot klimakrisa.

Norheim viser til eit senario frå Det internasjonale energibyrået (IEA). Der blir det konkludert med at vi må la to tredeler av dei kjente fossile ressursane bli liggande om vi skal unngå global oppvarming utover to grader. Men det ho gløymer å seie, at dette er eit senario med berre 50% sjanse for å lukkast. Og eg tviler på at Norheim ville gå inn i eit fly om kapteinen annonserte 50% sjanse for å unngå katastrofe. I følgje The Carbon Tracker Initiativ kan vi bruke berre om lag ein femdel av dei kjente fossile ressursane om vi skal ha 80% sjanse for å nå togradersmålet.

Statoildirektøren er opptatt av at gass kan erstatte kol. Det er riktig at gass i ein overgangsperiode kan ha positiv klimaeffekt dersom den erstattar kol. Men dette gjeld ikkje olje som er den dominerande delen av aktiviteten til Statoil. Det er påfallande at selskapet berre snakkar om gass og ikkje olje i klimasamanheng. Norheim legg også vekt på at Statoil har ein energieffektiv oljeproduksjon. Det er viktig at Statoil reduserer CO2-utsleppa frå produksjonen. Men det er ikkje eit tilstrekkeleg argument for å gå i front for å ta ut mest mogeleg fossil energi når vi veit kor mykje som må ligge att. Det naturlege er at eit rikt land som Noreg må ta sin del av ansvaret og starte med å la olja ligge i dei mest sårbare områda.

Statoil legg stor vekt på at vi må få på plass ein global avtale om høgare pris på utslepp av klimagassar. Men Statoil veit godt at det er lite realistisk å få på plass ein slik avtale i tide til å redde klimaet. Derfor er dei fleste no samde om at vi må satse på å handle lokalt og regionalt medan vi ventar på ein global avtale. Kampen for effektive globale avtalar står heilt sentralt. Men det må ikkje bli ei sovepute for å halde fram med ein politikk som ikkje er berekraftig dersom alle andre gjer det same. Det er på tide at Statoil vurderer om dei skal satse på ei politisk utvikling som kan føre til klimakrise, eller om dei skal tenkje langsiktig og gradvis bruke meir av sin kompetanse på miljøvennleg energi.  

Alf