Appell i Vennesla første mai 2025

Kameratar

Vi lever i ei tid der diktatur og ekstreme høgrekrefter trugar frå mange kantar.

For første gang etter andre verdskrig er det krig i Europa. Putin og Russland har brutt folkeretten og gått til angrep på ein nabostat. Resultatet er store lidingar og tap av menneskeliv på begge sider av fronten. Ukraina kjempar ein tapper kamp for å forsvare sitt land og sitt folks, og dei treng vår støtte.

———

I USA har ein autoritær leiar fått makta. Landet har fått ein president som riv ned forskjellen mellom sanning og løgn – mellom fakta og ville påstandar – mellom kunnskap og konspirasjonsteoriar. Han går til angrep på den frie pressa og på ytringsfridomen – og han trugar alle kritiske røyster.

Trump riv ned statsapparatet for å samle meir makt på eigne hender. Han allierer seg med  verdas rikaste og mektigaste forretningsfolk og skaper eit oligarki som trugar demokratiet. Dei som betalar prisen, er folk flest som får prisauke, dårlegare velferd og utrygge jobbar. USA manglar diverre ei sterk fagrørsle som kan stå opp i mot desse høgrekreftene og kjempe for rettferdig fordeling.

———-

Trump har også gitt full støtte til Israel si valdelege krigføring i Gaza. Nesten femti tusen palestinarar er drept og to millionar er på flukt. Gaza har eit enormt hjelpebehov. Men Israel stengjer grensene for naudhjelp. Det er eit alvårleg brot på folkeretten. No må Norge viser handlekraft. Det er på tide å trekkjer Oljefondet ut av selskap som har relasjon til ulovlige busetnader.

———

Også i Europa er ytre høgre på frammarsj. Vi har sett det i Polen og i Italia der det er tette band til høgrekreftene både i USA og Russland. Vi ser det også i ei rekke andre europeiske land – ikkje minst Tyskland. Eit parti med røter i nazismen er i ferd med å bli det største partiet med sterk støtte frå oligarkiet i USA. Dette er ei skremmande utvikling som vi må ta på alvor og kjempe i mot på tvers av landegrenser. Vi treng ei sterk fagrørsle og ei sterk venstreside for å snu denne utviklinga. Solidaritet og velferd for alle er den beste medisinen mot ytre høgre.

——-

Den nye høgrebølgja slår også inn over vårt land. Dei rike blir stadig rikare samtidig som folk flest slit med prisauke og høge renter. Kvifor skal nokon tene tjue ganger meir enn statsministeren og femti ganger meir enn folk flest? Kvifor stikk kapitaleigarane av med ein stadig større del av verdiskapinga i samfunnet? På tross av denne utviklinga får rikingane førstesideoppslag i media når dei sutrer over skattetrykket. Her må venstresida og fagrørsla slå tilbake. Vi har kjempa fram ein samfunn med moderate forskjellar. Det er vi stolte av, og det vil vi fortsatt kjempe for.

Fordeling av rikdom er ikkje berre eit spørsmål om rettferd. Det er også eit spørsmål om makt. Vi ser det tydeleg med framveksten av oligarkiet som trugar demokratiet i USA. Og vi ser tendensar til det same her i landet. Dei rike spyttar pengar inn i organisasjonar som kjempar for at dei skal betale mindre skatt til fellesskapet. Dei kjempar for ein politikk som vil svekke samfunnstilliten og demokratiet.

Mindre stat og kutt i velferd står sentralt i den nye høgrebølgja. Vi får stadig oftare høyre at vi må våge å kutte i velferd. Vårt svar må vere omfordeling. Det skaper sterkare fellesskap og fremmar produktiviteten. Vi har skapt ein velferdsmodell som mange land misunner oss. Høgresida må ikkje få rasere denne samfunnsmodellen for å gi skattelette til dei rike. Vi må forsvare sjukeløna og  andre velferdsgode som fagrørsla og venstresida har kjempa fram.

Eit anna særtrekk ved den nye høgrebølga er kamp mot klimatiltak. Det skjer samtidig som dei negative konsekvensane av klimaendringane blir tydlegare for kvar dag som går. Denne utviklinga råkar utsette grupper og trugar framtida til våre barn og barnebarn. Klimaskeptikarane har heller ikkje forstått at god klimapolitikk er god næringspolitikk.

Årets stortingsval blir ein viktig milepel i kampen mot den nye høgrebølgja. Vi må halde høgrepartia ute frå regjeringskontora. Men det er ikkje nok. Vi må stemme fram eit storting som kan føre ein meir offensiv kamp for fordeling og miljø. Saman med fagrørsla skal vi vinne kampen for eit solidarisk samfunn.

Fortsatt god første mai.

Kommenter innlegget