Dei rike sin kamp og journalistikken

Vi ser no ein massiv kampanje for å redusere formuesskatten. Dei rike som blir råka av denne skatten, brukar store summar til annonsering og ulike former for utspel. Det er ikkje måte på kor fårleg denne fordelande skatten er for fedrelandet.

Intressekamp og kamp om fordeling av verdiskapinga i samfunnet er ikkje noko nytt. Dei rike kjempar no ein offensiv kamp for si fortelling om kvifor dei må få behalde meir av den felles verdiskapinga. At grupper kjempar for sine interesser, er ein del av demokratiet.

Men det som undrar meg, er korleis media opptrer i denne interessekampen. Dei brukar i stor grad kjente rikingar som ekspertar og ekspertkommentatorar. Det er som om journalistane og redaksjonane ikkje har fått med seg at dei rike har eigeninteresse i denne striden. Kvifor brukar ikkje media i større grad folk frå akademia og andre uavhengige forskingsmiljø? Er det fordi dei ikkje trekkjer opp dei skrekkscenaria som media likar så godt, men ofte avviser eller tonar ned påstandane?

Mange vil hevde at dei som har bygd opp ein formue, har ein kompetanse det er verdt å lytte til. Det må vi gjerne gjere. Men vi må ikkje gløyme at dei har omfattande eigeninteresser i dette spørsmålet. Det er heller ikkje gitt at den kompetansen som må til for å skape seg ein formue i det til ei kvar tid gjeldande økonomiske system, er den same som skal til for å bygge eit velferdssamfunn.

Kommenter innlegget