Eit forsvar for kommunale helsetenester

Dei siste åra har eg dratt nytte av helse- og omsorgstenestene i kommunen. Det har vore ei positiv oppleving. Eg har møtt eit knippe engasjerte tilsette både ute i felten og i administrasjonen. Ulike deler av det kommunale apparatet jobbar saman for å gi eit godt og tilpassa tenestetilbod, og eg får råd om kva eg bør søkje om. Det har aldri falt meg inn å bytte ut eit element i dette komplekse samspelet med folk frå kommersielle konsern med kontor i eit skatteparadis. Men det er dette det nye bystyrefleirtalet legg opp til.

Eg har store problem med å sjå kva tilleggsverdi det vil gi å bytte ut nokre av dei kommunale  helsearbeidarane med folk frå eit kommersielt selskap. Når du kjem i ein situasjon der du treng kommunale helsetenester, så er det mykje å ta stilling til. Det siste du treng i ein slik livssituasjon er å stresse rundt på internett for å finne ut kva tenestetilbydar du skal velje. Eg har til gode å møte brukarar som ønskjer å bytte ut dei kommunale helsearbeidarane med folk frå kommersielle selskap.

Mange ulike organisasjonsledd og faggrupper må jobbe saman for å betre livskvaliteten til brukarar av kommunale helsetenester og deira pårørande. Eksterne arbeidstakarar med kommersielle arbeidsgivarar vil komplisere dette samspelet. Det blir fleire aktørar å koordinere, og det kjem inn eit kompliserande element ved at vi får arbeidstakarar som må styrast gjennom kontraktar. Anbod og kontraktar som gjerne går over mange år, gir mindre fleksibilitet til å tilpasse helsetilbodet når behovet endrar seg. Det er spesielt uheldig i ein situasjon der kommunen står overfor store omstillingar.

Dersom det nye fleirtalet i bystyret får gjennomslag for såkalla fritt brukarval for heimesjukepleie, så må kommunen bygge opp juridisk kompetanse på dette feltet. Vi må bruke pengar på å prøve å utarbeide juridisk haldbare spesifikasjonar for tenestekvalitet – pengar som kunne gått til førstelinja. Å utarbeide juridisk haldbare kvalitetskrav i kontraktar er ikkje det same som å utvikle kvaliteten i eigen organisasjon.

Privatisering av lovpålagte kommunale helsetenester kan bli dyrt for kommunen. I tillegg til transaksjonskostnader (anbod og kontroll) så kan det komplisere og fordyre organisasjonsmodellen for eit komplekst tenestetilbod. Det kan også skape juridiske komplikasjonar i tilfelle der Statsforvaltaren finn at tilbodet ikkje blir utført i samsvar med lover og reglar.

Så kvifor vil fleirtalet i bystyret privatisere kommunale helsetenester trass i auka kostnader og store organisatoriske og juridiske utfordringar? Det er vanskeleg å sjå noko anna motiv enn privatiseringsideologi.

Alf Holmelid

Innlegget er publisert i Fvn

Kommenter innlegget