Faktasjekk av kampanjen for dei rike

Forskjellane i Noreg aukar. Den rikaste ein-prosent auka sin del av nettoformuen her i landet frå 18,1 prosent i 2012 til 22,3 prosent i 2022. Trass i dette ser vi no ein intens kamp for å legge til rette for at dei rike kan bli endå rikare.

Vi blir fora med propaganda frå alle kantar. Rikingar gir av si overflod til organisasjonar som driv ein massiv påverkingskampanje med medieoppslag og store annonsar. Den politiske høgresida hengjer seg på, og media stiller velvillig opp.

Den store stygge ulven for dei rike er formuesskatten. Den er ein katastrofe for næringslivet blir det hevda. Men påstandane er ofte generelle og manglar konkrete tal. Det er populært å trekke fram enkeltbedrifter som eksempel, men også her er det ofte mangelfulle opplysningar.

Fakta stemmer ikkje alltid med dei store orda. Derfor er det no etablert ei nettside som ettergår og kvalitetssjekkar påstandane om effekten av formuesskatten. Lenke her. Her finn du faktasjekk av mange av dei eksempla som kampanjene til støtte for dei rike har brukt. Utspelet frå Hennig-Olsen er blant dei.

Aukande forskjellar er ikkje berre eit moralsk spørsmål. Det er også ei demokratisk utfordring. Konsentrasjon av eigedom er konsentrasjon av makt.

Eg blir ofte møtt med at det er misunning som ligg bak engasjementet mot aukande forskjellar. Det lever eg godt med. Dette er eit argument venstresida alltid har blitt møtt med i kampen for betre fordeling av verdiskapinga i samfunnet. Lenge gjekk utviklinga i riktig retning, men no har trenden snudd. Dei rike brukar sin rikdom og sin popularitet i media til å kjempe for å auke sin rikdom. Det er ei utvikling vi bør stå opp i mot.

Kommenter innlegget