Tenk deg at nokon for 20 år sidan hadde foreslått ein film der hovedpersonen hadde oppført seg som Trump gjer i dag. Den hadde blitt nedsabla som for fantastisk og for urealistisk. Men det er utruleg korleis makt og frykt kan endre folks haldningar.
Trump sikrar seg stadig større makt ved å gå i strupen på alle som er kritiske. Han trugar politiske opponentar med svertekampanjar som kan ta frå dei attval, og han trugar media med dyre rettssaker. Teknologigigamtar som har vore kritiske, vågar ikkje anna enn å krype til korset og hylle den nye herskaren.
Generalsekretæren for verdas sterkaste militærallianse kryp og smiskar for Trump så ein får lyst til å snu seg bort frå den nedverdigande forestillinga. Men han er ikkje åleine. Statsleiarane i NATO kappast om å skryte uhemma av ein politikk dei knapt kan vere samde i. Kva er det som skjer?
Smiskinga skal visstnok vere ein taktikk for å unngå at herskaren kjem i dårleg humør og straffar leiarar som fell i unåde, med enorme tollsatsar. Eit anna trugsmål som ligg i lufta, er å trekke seg heilt eller delvis ut av forsvarssamarbeidet.
Det er forståeleg at mange går på tå hev overfor ein herskar med enorm økonomisk og militær makt. Men kva skjer på lang sikt når dette spelet utviklar seg? Eg synes alt å sjå at ein del kommentatorar leitar fram positive ting ved herskaren si maktutøving.
Makt fasinerar, og det er eit menneskeleg behov å finne grunngjevingar for det ein faktisk gjer i den situasjonen ein er plassert i. No er det jamvel folk som seriøst diskuterer om herskaren bør få fredsprisen – for å få han i godt humør og ikkje skade verdsfreden.
Vi bør ikkje berre frykte kva herskaren kan finne på. Vi bør frykte kva det gjer med oss å etterrasjonere alt han gjer.