Schizofren kritikk

Kommentatorkorpset i aviser og TV elskar å plassere SV i ei taparrolle etter valet. Sjølv på dei områda der SV har flytta AP sin posisjon kraftig, blir det ofte utlagt som AP-politikk utan SV-merke. Det gjeld blant anna skole, likestilling, miljø og internasjonal politikk.

Trontaledebatten gav lite nytt. Den var langt på veg ein dårleg reprise på valkampen. Dei borgarlege kritiserte SV frå to kantar. På den eine sida kritiserte dei SV for ytterleggåande standpunkt. På den andre sida prøvde dei å vise at SV ikkje har fått gjennomslag for noko. Venstre kritiserer for eksempel SV for å ha gitt etter på miljø, men dei vil heller samarbeide med AP enn SV. Dei borgarlege er tydeleg vis meir opptatt av å angripe SV frå alle kantar enn av å fremme eigen politikk. Det er tydeleg at det overordna målet no er å prøve å bidra til regjeringsslitasje.

I budsjettdebatten har opposisjonen klaga over for lite visjonær satsing på ei rekke område. På den andre sida har dei klaga over at regjeringa brukar for mykje pengar og pressar kronekursen og renta oppover. Det er for lite av alt, men summen er for stor. Kanskje vi skulle ha satsa endå meir på matematikk i skolen?

4 responses to “Schizofren kritikk

  1. Eivind Nikolaysen

    Hei Alf Holmelid. Først av alt: Gratulerer med stortingsplassen. Jeg fulgte deg i Fevennens debattspalter da jeg bodde i Kristiansand på nittitallet, og husker deg som en saklig debattant med mange gode innspill, selv om jeg alltid har vært uenig med deg politisk.

    Så til det du skriver om: Husk at kritikken av regjeringens politikk i perioden 2001-2005 var langt verre og mer usaklig enn det den rødgrønne regjeringen utsettes for i dag, spesielt fra SVs side. SV har derfor mye «gjeld» å betale tilbake når det gjelder usaklige utspill og lite måteholden kritikk av sine politiske motstandere. Særlig var kritikken av Venstre og KrF knallhard, på områder som miljø og fattigdomsbekjempelse.

    I ettertid har SV sviktet på nøyaktig de samme politikkområdene. Mange jeg kjenner, både i politikken og media, bruker dette som begrunnelse for at særlig SV får kjørt seg når regjeringen skal kritiseres.

    Du av alle bør ha lang nok politisk hukommelse til å ta med begge sider av regnestykket. Lærdommen er at man kanskje bør koste på seg en god dose saklighet både i posisjon og opposisjon, og ikke ty til lettvintheter selv om journalistene i de fleste tilfeller hopper på selv det mest usaklige.

    Mvh
    Eivind Nikolaysen

    Liker

  2. Ja det er pussig det der med den borgarlege kritikken. Det verkar som om det er mange, serleg i KrF og Venstre, som vil at SV skal få gjennomslag for meir av politikken sin. Samstundes gjorde dei sitt beste i valkampen for å få SV så små som mogeleg. At mindre parti har vanskelegare med å vinne fram med synspunkta sine seier seg mest seg sjølv. Og dei ville sjølv ha mått samarbeide med Høgre og Frp, to parti som er lengre frå KrF/Venstre i slike spørsmål enn det Ap er. Det er iallfall påfallande at så godt som all kritikken blir retta mot SV, og ikkje mot Ap, som hadde vore ein meir naturleg adressat.

    Meir matematikk i skolen hadde nok vore bra, men det er nok ein del skoleleie elevar på til dømes yrkesfaglege liner som ikkje ville blitt så glad for meir teori. Og det er eit viktig nok poeng, serleg med tanke på fråfall i den vidaregåande skulen. Men det er no ei anna sak.

    Liker

  3. Eivind
    Det er eit par utfordringar i dagens debatt.

    Dei partia og organisasjonane som er for miljø, brukar energi på å kritisere kvarandre for å svikte, i staden for å kritisere dei partia som er lunkne eller negative. Det fører også til at vi ikkje klarer å reise ein folkeleg opinion for miljø og solidaritet. FrP, Høgre og Ap, samt andre som er mot eller lunkne til miljø og fordeling, er dei som tener på dette.

    Det andre som forundrar meg, er at SV blir kritisert for at vi ikkje klarer å flytte AP nok i vår retning, men det er få som kritiserer Arbeidarpartiet for at dei bremsar i likestillingssaker og miljøsaker. Dette tyder på at det ikkje er sakene som er av interesse for kommentatorane. Dersom dei hadde brydd eg med å finne ut kva AP har som utgangspunkt i mange av forhandlingane, så kunne det ha blitt mykje godt stopp.

    Liker

  4. Eivind Nikolaysen

    Meget gode poenger, Alf, både når det gjelder at «de tre store» går fri for kritikk, og når det gjelder Aps utgangspunkt før de interne forhandlinger.

    Det er synd for den politiske debatten dersom Ap klarer å holde sin reelle agenda skjult, mens SV blør velgere på at partiet lover for mye. Den eneste løsningen er at noen som sitter med kunnskap om Aps primærstandpunkter (i praksis bare regjeringspartiene) lar denne informasjonen bli kjent for folk.

    Lykke til med stortingsperioden!

    Mvh
    Eivind N.

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s