Høgrefolk vil flytte frå arbeidarklassen

«Det er ikkje innvandrarane Høgre- og vestkantfolk fryktar, det er arbeidarklassen.» Denne hypotesen frå samfunnsgeograf Karl Fredrik Tangen ved Oslo marknadshøgskole fekk meg til å sperre opp augo. Bakgrunnen er ei undersøking der ein spør folk i Oslo om dei vil flytte frå eit område dersom det får ein stor del minoritetsbefolkning. Ikkje uventa er det høgrefolk og vestkantfolk som har minst til overs for å bu i slike strøk. Men det overraskande er kor sterkt desse kategoriane skil seg ut frå andre. Og analysen til Tangen er interessant. Er det dei tradisjonelle klassemotsetningane som kjem til uttrykk i det vi ofte definerer som skepsis til framandkulturelle?

Alf

One response to “Høgrefolk vil flytte frå arbeidarklassen

  1. Jaja… Hvem vil vel bo med høyrefolk uansett?

    Likar

Legg att svar til Lars Avbryt svar