Fast arbeid og kompetanse

For ei tid sidan innførte NAV i Vest-Agder og andre stader ein ny og strengare praksis for dagpengar i samband med permittering. I følgje media meinte NAV at bedriftene burde ha færre fast tilsette og bruke meir innleigd arbeidskraft for å unngå permitteringar.

Dette er ei utvikling som fagrørsla og SV er sterkt i mot. Fagrørsla har i det siste kjempa ein hard kamp mot den aukande bruken av vikarar og innleigd arbeidskraft. Det er viktig å stå fast på at fast arbeid skal vere det normale. Dette er eit grunnleggande element i den norske samfunnsmodellen og ein av grunnane til norsk konkurransekraft.

Landbasert norsk industri er inne i ein vanskeleg periode. Det skuldast finanskrisa i Sør-Europa, konkurransen frå land som Kina og press i økonomien på grunn av ein oppheta oljesektor. Dersom ein i denne fase innfører ein strengare praksis for dagpengar under permittering,, kan det føre til at industrien misser viktig kompetanse og dukkar under i konkurransen.

No har vi fått gjennomslag for å reversere endringa. Arbeidsdirektoratet skriv i eit brev til NAV at når det er dokumentert semje mellom partane om at arbeidsgivar har gjort det som med rimelegheit kan forventast, så skal dette normalt vere retningsgivande for behandlinga i NAV.

Dette er ei viktig avklaring for å unngå meir bruk av innleigd arbeidskraft og ta vare på kompetansen i bedriftene.

Alf

Kommenter innlegget