I dag gjekk nesten 500 i fakkeltog gjennom gatene i Arendal for å vise solidaritet med palestinarane i Gaza. Her er min appell i den breie markeringa.
Kjære venner av det palestinske folk
Først vil eg takke for å bli invitert til å bidra til denne breie solidaritetsmarkeringa for det palestinske folk på Gaza
Det er vanskeleg for oss her i ein fredeleg krok av verda å setje oss inn i korleis det er i Gaza i desse dagar. Tenk dykk at tredjeparten av norges befolkning er sperra inne på eit område herifrå til Grimstad. Tenk dykk så eit massivt bomberegn over dette vesle området. Tenk dykk frykta. Det er ikkje lett å finne nokon trygg plass å flykte til på dette vesle området når også mange skolar og sjukehus blir bomba.
Resultatet er som ofte elles. Det er sivile og barn som lir. FN reknar med at over 1800 palestinarar er drepne, og at to tredeler er sivile. 400 barn er drepne, 2.500 barn er skada, 65.000 barn er heimlause og fleire hundre tusen et traumatisert.
Dette er ein heilt ufatteleg katastrofe. Ein heil generasjon er lemlesta og traumatisert. Uskuldige barn og familiar må lide for ein konflikt som har vart i generasjonar. Fordi verdssamfunnet lar det skje.
Det vil krevje stor internasjonal innsats å bygge opp att samfunnet i Gaza. Den enkelte av oss kan støtte gjennom innsamlinga til proteseverkstaden i Gaza har i kveld, eller gjennom støtte til Norsk Folkehjelp, Kirkens Nødhjelp og andre som arbeider for å lindre lidingane til det hardt prøvde palestinske folket. Men vi må også krevje at Norge aukar si støtte til og blir ein pådrivar for oppbyggingsarbeidet
Det er hyggeleg at så mange stiller opp her i dag. Det gir håp om at vi kan skape eit breitt krav om at Norge må bli pådrivar for å støtte palestinarane i arbeidet for å bygge opp att det palestinske samfunnet.
Men det er ikkje nok å reparere skadane. Status quo er ikkje ei akseptabel løysing. No er det på tide at det internasjonale samfunnet engasjerer seg for å få til ei rettferdig og varig fredsløysing, og Norge må engasjere seg langt tydeligare og sterkare.
Skal vi få varig fred, må folkeretten må leggast til grunn og det må bli slutt på den folkerettsstridige blokaden av Gaza. Palestinarane må få ein reell sjanse til å styre i eige land og bygge og utvikle eit levedyktig samfunn.
Då kan vi kanskje seie med Nordal Grieg:
Da faller våpnene maktesløs ned!
Skaper vi menneskeverd, skaper vi fred.
Takk til alle som engasjerer seg for folket i Gaza.
Alf