Tag Archives: helse

Erfaringane frå Skotland må få konsekvensar

I eit par tiår har det vore ”politisk korrekt” å meine at vi må ta i bruk marknadsprinsipp for å effektivisere offentleg sektor. Enkelte av oss har argumentert mot den overdrivne trua på at konkurranse og marknadstenking løyser alle problem. Det er tross alt forskjell på å produsere aluminium og å tilby tryggleik og gode helsetenester til innbyggarane. Vi har peika på at marknadsprinsipp i offentleg sektor lett fører til omfattande kontrollregime og byråkratisering.

No kan vi lese i Aftenposten at Skotland går bort i frå marknadsstyring av helsevesenet. Alt på 1980-talet innførte Margaret Thatcher marknadsstyring i helsevesenet, men resultata svarte ikkje til lovnadene. Skottland har no fjerna stykkprisfinansieringa av sjukehusa og gått over til årlige rammeløyvingar. Bestillar/betalar-modellen blei fjerna i 2000, og føretaksmodellen avvikla i 2004. I tillegg skal helsevesenet demokratiserast, blant anna gjennom direkte val til de regionale helsestyra. Politikken blir støtta av alle politiske parti i parlamentet, unntatt dei konservative.

Dette er berre eit av mange eksempel på at den overdrivne trua på marknadsprinsipp i offentleg sektor har slått feil. Til og med Fædrelandsvennen tar på leiarplass til orde for å lære av det som har skjedd i Skottland. Men i det politiske miljøet har det vore fullstendig taust, kanskje fordi SV har vore nokså einsame på barrikadane mot marknadstenkinga i offentleg sektor.

Men FrP med Høgre på slep vil ikkje lære av erfaringane frå andre land når dei ikkje stemmer med deira eigne teoriar. Dei vil akselerere den utviklinga som har skapt konstant krise i norsk helsevesen. Kanskje på tide at folk får opp augo for kva det fører til før FrP og Høgre får gjort alle dei feila som andre land no etter kvart oppdagar.