Fredag 12. june deltok eg i ein spennande diskusjon om energi- og industripolitikk på Listerkonferansen. Eg har jobba i og for prosessindustrien i 30 år, og dei siste åra har eg argumentert for den framtidsretta industrien på Sørlandet i Teknologirådet, Forskingsrådet, miljørørsla og den raudgrøne regjeringa. På denne bakgrunn brukte eg tida mi på konferansen til å snakke om kva vi kan gjere for å sikre og vidareutvikle prosess- og materialindustrien på Sørlandet. Eg snakka blant anna om at vi bør bruke fornybar energi i norsk industri framfor å eksportere den. Og eg snakka om omfattande statleg støtte til ny teknologi slik støtta til ny aluminiumsprosess er eit eksempel på.
I mangel av eigne idear brukte Grøvan tida til å klage over at ikkje alle mine idear var gjennomført for lenge sidan og kalla det ein dødsdom over energipolitikken til regjeringa. Eg fant ikkje grunn til å bruke tid på å kommentere slik russerevyretorikk i ei forsamling av kompetente tilhøyrarar som sjølve var i stand til å vurdere mine argument. Men når det blir gjentatt i media, er det grunn til å seie i frå. Når Grøvan i ein slik viktig debatt vel å prioritere billig partipolitisk retorikk framfor seriøse diskusjonar om energi- og industripolitikk, så set han den framtidsretta industrien på Sørlandet i fare.
I valkampen for fire år sidan prøvde eg også å diskutere industripolitikk. Då gjekk eg inn i ein seriøs diskusjon om at det beste for Elkem i Kristiansand kanskje var å satse på ny teknologi. Politikarane frå andre parti prøvde å avspore debatten slik Grøvan no gjer. I dag ser alle kven som hadde bakgrunn for sine meiningar.