Ein akseptabel bustad er ein grunnleggande føresetnad for å klare seg i samfunnet. Det siste tiåret har bukostnadene auka langt raskare enn lønningane. Vi har fått ein situasjon der bustader har blitt eit ynda spekulasjonsobjekt. Ungdom som skal inn på bustadmarknaden og folk med låg betalingsevne må betale prisen. Bukostnadene kan ofte vere det som kastar folk ut i fattigdom. Men media er meir opptatt av fortenestepotensialet for utbyggarar og spekulantar enn for situasjonen til dei som skal ha ein stad å bu. Det høge prisnivået på bustader og den stramme lånemarknaden har ført til at mange må ut i leigemarknaden. Konsekvensen er ein dramatisk auke i leigeprisane, og dei med svak betalingsevne blir hardast ramma.
Ein meir aktiv bustadpolitikk er derfor ein viktig del av kampen mot fattigdom. Det er på tide at kommunane begynner å føre ein meir aktiv politikk for å unngå at grunneigarar og utbyggarar kan presse opp prisane. Men det er ikkje nok. Slik situasjonen no har blitt på leigemarknaden, må vi snarast setje i gang å bygge ikkjekommersielle utleigebustader. Om nokre veker skal studentar og elevar finne seg ein stad å bu, og prisspiralen på utleigebustader vil få ei ny omdreiing.
I Kristiansand er det behov for ein kraftig auke både i studentbustader og andre utleigebustader. Studentsamskipnaden fekk i vinter støtte til å bygge 100 nye studentbustader. Men det er berre starten. SV vil arbeide for å få fullfinansiert prosjektet på 240 bustader. Fleire studentbustader er ikkje nok. Det er også mange andre grupper som treng utleigebustader. Behovet aukar fordi det er fleire som ønskjer eller må satse på denne buforma. SV utfordrar Kristiansand kommune til å legge opp til bygging av fleire utleigebustader. Det bør også byggast fleire ikkjekommersielle utleigebustader, og her må Husbanken spele ei aktiv rolle. Husbanken må gjenreisast som ein sentral aktør i bustadpolitikken.
Det er også på tide å få stoppet bolighaiene som kjøper bolig for å ungå formueskatt. Dagens politikk med formueskatt og skattefradrag for lån driver opp husprisene fordi investering i fast eiendom virker skattedempende for de som har formue. Ved å fjerne formueskatten og skattefradraget på lån vil mye av trykket på boligmarkedet forsvinne, og boligprisene vil synke til fonuftige nivåer.
LikerLiker
EU-regler setter en foreløpig stopper for Bergen kommunes planer om sosial boligbygging.
http://www.ba.no/meninger/leder/article4377235.ece
LikerLiker
Fredrik
Å fjerne formueskatten vil gjere dei fleste milliardærane i Noreg til nullskatteytarar og resultere i mange milliardar mindre til dekning av velferdstiltak. Men du har rett i at boligspekulasjonen skaper prispress.
LikerLiker
Fortsett å sette bolig og boligspørsmål på dagsorden. Eigir
LikerLiker
Hei Eigir
Heikki Holmås som representerer SV i kommunalkomiteen, arbeider med dette. Vi arbeider også med fleire studentbustader.
LikerLiker