Snever verdidebatt

Denne kronikken stod i Fædrelandsvennen 1. oktober.

For ei veke sidan deltok eg på opninga av utstillinga Hard Rain på Klimahuset i Kristiansand. Fotograf Mark Edwards presenterte bilete frå over 150 land. Han har reist verda rundt for å dokumentere det han omtalar som kollisjon mellom menneske og natur; fattigdom, brot på menneskerettar, tap av leveområde, forureining og menneskeskapte klimaendringar som truar livsgrunnlaget for utsette grupper.

Den siste dagen av Protestfestivalen deltok eg på ein spennande debatt om einsemd. Det blei stilt spørsmål om kvifor det er så mange einsame i eit rikt land som vårt. I debatten blei det peika på at marknadskrefter, reklamepress, konkurransejag og individualisme skaper eit kaldare samfunn. Mange slit i einsemd med å leve opp til forventningar frå mange hald, og det er lite rom for dei som fell utanfor.

Dette er to eksempel på viktige verdidebattar som fanga brei interesse i mange ulike grupper. Men dersom ein ser på dekninga av valkampen på Sørlandet, skulle ein tru at verdidebatt er synonymt med kjønnsnøytral ekteskapslov, Israel og forfølging av kristne her til lands. I valkampen blei eg fleire gonger invitert til verdidebatt og budde meg på å diskutere solidaritet, nestekjærleik og forvaltaransvar. Men desse grunnleggande verdispørsmåla ville ikkje arrangørane høyre noko om. Dei var utdefinert av verdidebatten.

For arbeidarrørsla har internasjonal solidaritet, rettferdig fordeling og maktforhold alltid vore grunnleggande verdispørsmål. I dei seinare åra har miljørørsla brakt miljø- og klimaspørsmål inn i verdidebatten. Miljøorganisasjonane utfordrar oss til å tenkje globalt og ta ansvar for livsgrunnlaget for framtidige generasjonar. Det er slike spørsmål som kan skape ein brei verdidebatt på tvers av ulik sosial bakgrunn og ulike religiøse ståstader.

Dei som har sett utstillinga til Mark Edwards på Klimahuset i Kristiansand kan ikkje vere i tvil om at klima og miljø er sentrale verdispørsmål. Verdas ressursar er ekstremt skeivfordelt. Klimatrusselen som det ikkje er mogeleg å fornekte lenger, gjer forholda endå meir urettferdige. Eit lite mindretal av rike land  slepp ut storparten av dei klimagassane som trugar livsgrunnlag på kloden vår, og dei som har det vanskelegast frå før, vil bli hardast ramma.

For å sleppe å bli konfrontert med sitt samfunnsansvar vil den økonomiske makteliten halde økonomiske forhold utanfor verdidebatten. Konservative krefter likar gjerne å framstille marknadskreftene som ei naturlov, og dermed er det ingen som treng å ta ansvar for konsekvensane. Då SV for ein del år sidan tok opp spørsmålet om etiske retningsliner for Oljefondet, blei vi ledd ut av høgrefolk. Det var naivt å blande etikk og marknad blei det hevda. Vi kan ikkje berre investere i det som Kristin Halvorsen likar, kom det sarkastisk frå konservative politikarar. I dag er tonen ein heilt annan, og dei fleste har gløymt kor tøft det var å drive fram denne viktige verdidebatten.

Vi har nettopp gjennomlevd ei internasjonal økonomisk krise. Den blei skapt av grådigheit blant dei som sit på toppen av velstandpyramiden. Men den ramma heilt andre grupper som miste hus og heim og blei kasta ut i arbeidsløyse og fattigdom. Teorien om egoisme som den viktigaste drivkrafta i økonomien, har fått riper i lakken. Kanskje er det på tide at verdidebatt og etisk refleksjon får ein større plass i økonomiutdanninga og i dei økonomiske maktsentra. Og kanskje er det på tide at politikarane sluttar å fråskrive seg ansvaret for manglande kontroll med marknadskreftene og den økonomiske makteliten.

Går vi til dei nære forhold, så kan det vere grunn til å stoppe opp ved bustadpolitikken. Vi har vore inne i ein periode der mange har tent godt på bustadbygging og bustadspekulasjon. Bustader har blitt eit investerings- og spekulasjonsobjekt. Det fører til at det blir vanskeleg og til dels umogeleg for unge med låg inntekt å skaffe seg ein stad å bu. Konsekvensane kan bli at ein del unge får problem og misser fotfeste i livet. Er ikkje slike spørsmål ein viktig del av verdidebatten?

Men i dei sokalla verdidebattane som eg blei invitert til i valkampen, var det heilt umogeleg å sleppe til med synspunkt på verdispørsmål relatert til økonomi, makt og miljø. Enkelte kristne miljø med god støtte frå enkelte media klarte å innsnevre verdidebatten til nokre få symbolsaker som Israel, ekteskapslov og avkristning. Denne einspora verdidebatten slik den har komme til uttrykk i valkampen på Sørlandet, er vel heller ikkje representativ for kyrkje og kristenliv som heilheit.

Mangelen på ein breiare verdidebatt er ikkje berre ein fare for livssynspluralismen på Sørlandet. Dersom vi fjernar spørsmål om økonomi, makt og miljø frå verdidebatten, står vi i fare for å utvikle eit usolidarisk samfunn med større forskjellar og manglande fokus på dei store miljøutfordringane som vi no står overfor.

 Den smale verdidebatten har også gjort det lett for FrP å stele nokre få symbolsaker  og proklamere kristen forankring for å ta veljarar frå KrF. Ein breiare verdidebatt med fokus på maktforhold, solidaritet og miljø ville kanskje ha skapt eit meir variert politisk landskap på Sørlandet.

 Alf

One response to “Snever verdidebatt

  1. Kampen om verdiene er en stadig tilbakevendende kamp. Innholdet i begrepene varierer over tid, og gjør det ikke enklere…
    Arbeiderbevegelsen fikk sin organisasjonsopplæring i avholdsbevegelsen, og sprang vel delvis ut av denne. For Tranmæl og Thrane var kampen mot alkohol en viktig del av solidaritetsspørsmålet. I dag blir det opprør hvis det ikke serveres alkohol når man diskiuterer solidariet….
    Jeg er veldig enig med deg i at vi trenger en bredere debatt. Særlig innenfor miljø og økonomi savner jeg dette. Dette er store og komplekse saksområder, og det er kanskje det som gjør det vanskelig også. Ekteskapslov blir veldig konkret, og heldigvis gjelder det ikke meg… Økonomi og miljø angår jo oss alle, og jammen kan det ikke hende at jeg må endre livsstil. Fyttify… Nei, takke seg til en ekteskapslov da…

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s