All ære til fylkesmann Ann-Karin Olsen som tar eit oppgjer med manglande likestilling på Agder. Framleis er det få kvinner i toppstillingar på Sørlandet. Fylkesmannen har kanskje rett i at det ikkje er nok med politiske tiltak. Men vi må i alle fall unngå å reversere dei tiltaka vi har fått på plass. Som Fædrelandsvennen skriv på leiarplass er forslaget om å fjerne farskvoten i foreldrepermisjonen eit slikt tilbakeskritt. Kampen for barnehagar og for gode SFO-ordningar er også viktige basistiltak for å fremme likestilling. Men fylkesmannen har heilt rett når ho seier at det også er eit spørsmål om haldningar hos dei som tilset leiarar. Her må både næringslivet og offentleg sektor i regionen gå i seg sjølv. Det skal bli spennande å følgje denne debatten vidare.
Alf