Tag Archives: SFO

Oppgjer med manglande likestilling

All ære til fylkesmann Ann-Karin Olsen som tar eit oppgjer med manglande likestilling på Agder. Framleis er det få kvinner i toppstillingar på Sørlandet. Fylkesmannen har kanskje rett i at det ikkje er nok med politiske tiltak. Men vi må i alle fall unngå å reversere dei tiltaka vi har fått på plass. Som Fædrelandsvennen skriv på leiarplass er forslaget om å fjerne farskvoten i foreldrepermisjonen eit slikt tilbakeskritt. Kampen for barnehagar og for gode SFO-ordningar er også viktige basistiltak for å fremme likestilling. Men fylkesmannen har heilt rett når ho seier at det også er eit spørsmål om haldningar hos dei som tilset leiarar. Her må både næringslivet og offentleg sektor i regionen gå i seg sjølv. Det skal bli spennande å følgje denne debatten vidare.

Alf

Godt utgangspunkt for valkampsakene mine

I valkampen la eg vekt på tre saker:

  1. Miljøteknologi og miljøvennleg industri
  2. Minstenorm for lærarar, meir praksis i skolen og gratis kjerne tid i SFO
  3. Gjenreise den sosiale bustadpolitikken med fleire utleigebustader og klarare plikt for kommunane til å skaffe bustadlause ein stad å bu

Regjeringsplattforma som blei lagt fram i dag, gir eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet med desse sakene.

  1. Når det gjeld miljøteknologi så står det blant anna:
    ” Vi vil bidra aktivt til omstilling i næringslivet og tilrettelegging for nye og framtidsretta næringar og arbeidsplassar. Vi vil snu utfordringar til muligheiter for næringslivet gjennom å satse på fornybar energi og ny miljøteknologi.”
    ”Det samla verkemiddelapparatet retta mot norsk næringsliv skal gjennomgåast for å vurdere korleis det i større grad enn i dag kan medverke til utvikling av miljøteknologi, fornybar energi og meir miljøvennleg produksjon.”
  2. Når det gjeld skole, så seier plattforma at det skal innførast nasjonale minstenormer, men dei er ikkje talfesta. Her er det viktig å samarbeide med organisasjonane til dei tilsette for å sikre at vi får minstenormer som sikrar kvalitet i skolen.
    Plattforma legg også opp til meir praktiske fag i skolen, og den sikrar ein time gratis kjernetid i SFO
  3. Når det gjeld bustadpolitikk så står det blant anna:
    ”- arbeide for å skaffe fleire kommunalt disponerte utleigebustader, bustader med oppfølgingsteneste og ikkje- kommersielle utleigebustader
    – arbeide for at dei som kjem ut av rus og psykiatri institusjonar eller fengsel skal tilbydast eit eigna varig bustadtilbod”

Med denne regjeringsplattforma er grunnlaget lagt for å arbeide offensivt med mine valkampsaker. Eg tar gjerne i mot innspel til det vidare arbeidet.

Kulturskole for alle

I statsbudsjettet for 2010 er det sett av ca 40 millionar til ei øyremerka støtteordning og lokale forsøk med kulturskoletilbod i SFO. Dette er starten på ei stor satsing på kulturskolen, dersom den rødgrønne regjeringa får fortsette. Eit utval under leiing av førsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo, Theo Koritzinsky, skal utgreie ”eit meir omfattande kulturskoletilbod i tilknyting til SFO/skole”. Mandat og andre utvalsmedlemmar vil komme kort etter valet og utvalet vil levere si innstilling våren 2010.

Kulturskoletilbodet kan omfatte forsøk med nye uttrykksformer, ny organisering av kulturaktivitetar og nye former for samarbeid med lokale kulturkrefter. Ulike modellar med og utan foreldrebetaling skal også prøvast ut. Forsøka vil omfatte 7000 -10000 barn.

Alf