I valkampen la eg vekt på tre saker:
- Miljøteknologi og miljøvennleg industri
- Minstenorm for lærarar, meir praksis i skolen og gratis kjerne tid i SFO
- Gjenreise den sosiale bustadpolitikken med fleire utleigebustader og klarare plikt for kommunane til å skaffe bustadlause ein stad å bu
Regjeringsplattforma som blei lagt fram i dag, gir eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet med desse sakene.
- Når det gjeld miljøteknologi så står det blant anna:
” Vi vil bidra aktivt til omstilling i næringslivet og tilrettelegging for nye og framtidsretta næringar og arbeidsplassar. Vi vil snu utfordringar til muligheiter for næringslivet gjennom å satse på fornybar energi og ny miljøteknologi.”
”Det samla verkemiddelapparatet retta mot norsk næringsliv skal gjennomgåast for å vurdere korleis det i større grad enn i dag kan medverke til utvikling av miljøteknologi, fornybar energi og meir miljøvennleg produksjon.” - Når det gjeld skole, så seier plattforma at det skal innførast nasjonale minstenormer, men dei er ikkje talfesta. Her er det viktig å samarbeide med organisasjonane til dei tilsette for å sikre at vi får minstenormer som sikrar kvalitet i skolen.
Plattforma legg også opp til meir praktiske fag i skolen, og den sikrar ein time gratis kjernetid i SFO - Når det gjeld bustadpolitikk så står det blant anna:
”- arbeide for å skaffe fleire kommunalt disponerte utleigebustader, bustader med oppfølgingsteneste og ikkje- kommersielle utleigebustader
– arbeide for at dei som kjem ut av rus og psykiatri institusjonar eller fengsel skal tilbydast eit eigna varig bustadtilbod”
Med denne regjeringsplattforma er grunnlaget lagt for å arbeide offensivt med mine valkampsaker. Eg tar gjerne i mot innspel til det vidare arbeidet.