Dette innlegget stod på trykk i Nationen 7. august.
Rangering av innovasjonsevne blir stadig meir vanleg, og Noreg kjem gjerne eit stykke ned på lista. Men det gir lite meining i å diskutere slike plasseringar utan å gå bak tala for å sjå kva dei står for. Den kjente økonomen Joseph Stiglitz har peika på at det vi måler påverkar det vi gjer. Dersom vi vel feil måleparametrar, så får vi feil politikk. Ein del av dei parametrane som inngår i slike rangeringar, er lite tilpassa norsk arbeidsliv og næringsliv. Men det er like vel gode grunnar til å satse meir på innovasjon og nyskaping her i landet.
I den oljerusen som pregar norske media, er det lett å gløyme at norsk næringsliv står overfor store utfordringar. Investeringane på norsk sokkel blir vurdert til å bli over 170 milliardar kroner i år. Det er 20 milliardar meir enn i fjor. Det akselererande investeringsnivået skaper press i økonomien, og landbasert industri slit med å klare seg i konkurransen om kapital og arbeidskraft. Dette skjer samtidig som marknadene i Europa sviktar og konkurransen frå Kina hardnar til.
Vi står i fare for å få eit einsidig oljerelatert næringsliv som er sårbart for konjunkturendringar, og som har lite perspektiv utover oljealderen. Denne situasjonen rammar ikkje minst innlandskommunane som slit med å oppretthalde eit variert næringsliv. Denne utfordringa må møtast langs to aksar. Vi må føre ein oljepolitikk som dempar presset i økonomien. Men like viktig er det å satse sterkare på innovasjon. Det må satsast både på nyetablering og på innovasjon i etablerte bedrifter.
Norsk industri har overlevd på grunn av kompetent arbeidskraft og stor omstillingsevne, men konkurransen hardnar til og kravet til innovasjon og omstilling aukar, noko vi ser blant anna i treforedlingsindustrien. Mange gode innovasjonsprosjekt stoppar opp når dei skal testast ut i full skala, for då ryk kostnadene i veret. Vi må derfor utvikle ordningar der staten kan bidra til pilotanlegg og testanlegg. Miljøteknologiordninga i Innovasjon Noreg er ei slik ordning. Men vi treng fleire og kraftigare tiltak, gjerne i kombinasjon med private aktørar.
Offentleg sektor kjøper årleg varer og tenester for 380 milliardar kroner. Men det er utvikla ein innkjøpspraksis som prioriterer dei store selskapa med trauste velprøvde løysingar. Nye måtar å tenkje innkjøp på kan fremme innovasjon og utvikle lokale produsentar. Dette gjeld ikkje minst i helsesektoren. Trådlaus hjarteovervaking slik at pasienten kan bevege seg fritt omkring, er eit eksempel på eit produkt som er utvikla i samarbeid mellom helseinstitusjon, forskingsmiljø og ei lokal bedrift.
Mange kommunar og fylkeskommunar legg ned eit stort arbeid for å skape næringsaktivitet og arbeidsplassar. Næringshagar og inkubatorprogram for gründerbedrifter er viktige brikker i dette arbeidet. Undersøkingar viser at sjansen for å overleve aukar når bedrifter er ein del av eit slikt miljø. Men det skortar ofte på risikovillig kapital i ein tidlig fase. Regjeringa er no i ferd med å etablere nye såkornfond, og det bør følgjast opp med meir risikokapital i ein endå tidlegare fase.
Når oljeøkonomien har fått så stor plass her i landet, har staten eit ekstra ansvar for å stimulere til innovasjon og nyskaping også i andre sektorar. Det er heilt nødvendig for å sikre eit mangfaldig og konkurransedyktig næringsliv på lengre sikt. Sviktar vi her, så drar vi opp stigen etter oss.
Alf