Dette innlegget står på trykk i Fædrelandsvennen i dag under tittelen Det konservative Sørlandet.
I ein kronikk om det konservative Sørlandet kommenterer Paul Leer-Salvesen mine synspunkt på den sterke framgangen for høgrekreftene på Sørlandet. Den manifesterer seg ved at høgrepartia har tatt makta i mange kommunar og dei to fylkeskommunane på Agder. Samtidig er det ting som tyder på at dei konservative kristne vinn maktposisjonar på Sørlandet. Bakgrunnen for at eg kommenterte dette, var ein debatt på Twitter om ein kronikk der spaltisten Bjørn Stærk diskuterte tilbakegangen for dei konservativt kristne.
Det er ikkje alltid så lett å få fram alle nyansane i eit intervju med utgangspunkt i ein Twitter-debatt. Eg er fullstendig klar over at haldningane i kristne miljø er langt meir samansette enn det som kom til uttrykk i intervjuet, noko medlemsmassen og dei tillitsvalde i SV er eit godt uttrykk for. Men eg har eit klart inntrykk av at den breie verdidebatten har fått liten plass. Den har diverre komme i bakgrunnen til fordel for ein del enkeltsaker som har utløyst sterkt engasjement i den politiske kampen på Sørlandet.
I sist valkamp deltok eg i fleire debattar som skulle ha fokus på verdiar. Men diskusjonen degenererte ofte til spørsmål om ekteskapslov og forholdet til Israel. Vi som støtta den nye ekteskapslova, blei av mange frådømt einkvar rett til å snakk om verdiar. Sjølv ein garva politikar er ikkje upåverka av slike aggressive angrep. Viktige verdispørsmål som fordelingspolitikk, internasjonal solidaritet, klimapolitikk og krig og fred blei det lite rom for. Vi ser at FrP har vore flinke til å posisjonere seg i forhold til den innsnevra verdidebatten, og KrF konkurrerer no med FrP om veljarane på dei same premissane.
Paul Leer-Salvsen hevdar at eg set likskapsteikn mellom høgresida i KrF og kristenfolket. Det er slett ikkje mi meining. Men det må vere lov å peike på at KrF blant anna i Kristiansand har alliert seg med eit parti som står langt i frå mange kristne sitt solidariske og rause verdisyn. Og det er denne retninga som får dominere debatten om dei kristne verdiane. Eg opplever at KrF på nasjonalt plan er meir radikale, og SV har eit godt samarbeid md KrF om sosialpolitikk og miljøspørsmål på Stortinget.
Eg er samd md Leer-Salvesen i at det er samanfall mellom kristne verdiar og SV sine verdiar på heilt sentrale område. Det gjeld spørsmål som fordeling, alkoholpolitikk, asylpolitikk, integrering, miljø, internasjonal solidaritet og krig og fred. På andre område som ekteskapslov kan det vere ulike syn, men haldningane til homofile har jo endra seg over tid i mange miljø. Når det gjeld spørsmål som abort og bioteknologi, så er det krevjande debattar i dei fleste parti.
For SV er det viktig å ta vare på den breie verdidebatten som inkluderer miljø og solidaritet. I kampen mot høgredreiing og eit kaldare samfunn er det viktig å skape alliansar der det er basis for det, sjølv om ein på enkelte område kan falle ned på ulike standpunkt . Her har Paul Leer-Salvesen eit viktig poeng som vi skal legge oss på minnet.
Alf